Trineposen

Me er vane med at skattar og avgifter vert dryssa likeleg over rike og fattige. I år skal det så innførast ei plastposeavgift, og den har fått gubben
til å framføra nokre inkvisitoriske tankar.
 Frå Fjosepose til Tantepose.


No har dei visst rota det godt til, dei såkalla budsjettkameratane.
Etter nesten tre veker med krangling, grining, skuldingar, og trugsmål om å trekkja seg frå samarbeid kom dei ein tidleg morgontime ut frå forhandlingsbua med raude augo og småsure smil om munnen.
No hadde dei vorte einige om eit nytt statsbudsjett. Dei rike skulle få sin skattelette, dei fattige sine trygdepengar, og alt skulle verta så mykje betre.
Kva var det som skulle finansiera dette vinn ? vinn ? budsjettet ? Jau, blant andre ting var det sjølvsagt ei ny miljøavgift ? nemleg ei plastposeavgift ?
Eg sette mest både morgonkaffien og koppen i halsen då eg høyrde det. Vel flyt det mykje plast rund oss mange stader der me ferdast, men plastposene er absolutt i mindretal.
Kvifor? Jau, dei posene nyttar dei fleste av oss til å samla eige søppel i, for deretter å senda det i søppelcontainaren. Altså desse posene er heller ei miljøvinning enn ei belastning, og så greidde altså politikarane å leggja miljøavgift på dei.!
Det skulle sanneleg ha vore forbod mot politikararbeid i seine nattetimar kor både auge og håve er tilsløra av den manglande nattesvevnen, og kor lengten etter senga vert største drivkrafta til å verta ferdig med jobben.
Jaja, no skal då avgifta innførast, men så har visst aktørane innsett at dette avgiftsvedtaket kom til då aktørane leid av «nedsatt bevissthet», som det heiter i rettssalane.
Me som ikkje likar denne avgifta har no teke til å koma med framlegg om namn på avgiftsposane. Trineposen, Sivpose, Knut Arildposen har vore nevnt, men alle fråseier dei seg opphavet til avgifta.
Trine har visst gløymt at venstre, etter det eg har høyrt, har poseavgifta i partiprogrammet.
Denne gubben har etter kvart kome til at dei kanskje har rett, at ingen av dei har kome med framlegget, men at ein eller annan har mumla forslaget fram i søvne, eller at Marthas englar har bore fram bodskapen.
Det er forresten ikkje den første posen som har fått politikarnavn på seg. Kven hugsar ikkje Fjoseposen som vart innført av Bergfrid Fjose slik at alt folket skulle få sjå at no har han vore på Polet att. Han drikk visst jamt den gubben.
Så har me Brustadbua som legalisert kolonialhandel om sundagar, men då måtte bua vera max 100m2.

Kva var det eg ville med dette innlegget. Jau det var eigentleg å gjera framlegg om at også politikarane våre må underleggjast den arbeidsmiljølova dei sjølv har vedteke slik at me kann verta spard for slike løgjelege framlegg i framtida.

Google.

 

Forsvarets klagenemnd – huff, huff!

Der har dere greidd det. Sendt et tydelig signal til kvinner som måtte bli innkalt til å avtjene verneplikten i forsvaret. 
“Dere får finne dere i å bli behandlet på full linje med mannlige vernepliktige. Dere skal bl a kunne bli beordret til å bade nakne sammen med mannlige medsoldater selv om dere absolutt ikke ønsker det.

Kilde.: Sol.no

Alice Asplund opplevde nettopp det under en øvelse for tre år siden. Til tross for heftige protester måtte hun strippe av seg og bade (vaske seg) naken foran 35 soldater pluss befal.
Er det greitt ? Kunne hun ikke fått utført sin bading litt ute av synet for medsoldatene når hun så klart uttrykte ønske om det?
Det syntest både medsoldater og forsvaret, og befalet som beordret henne fikk derfor en refs for forholdet.
Det refsede befalet anket refsavgjørelsen til Forsvarets klagenemd og har nå fått medhold.
Hva innebærer det ?
Jo, for meg står det slik at intimgrenser for begge kjønn kan overskrides i forsvarets tjeneste, og den private sfæren skal være forsvarets eiendom, og under deres kommando.
Jeg mener at dette gir et tydelig varsko til, spesielt kvinner som vurderer tjeneste i forsvaret at de i løpet av tjenestetiden vil kunne risikere at tjenesten kan føre til at de må overskride sine mest private intimgrenser.

Jeg vil si.: Vel er man i forsvaret og under millitær kommando, men der får da være grenser!
Hva synes mine bloggkontakter?
 

På djupt vatn…

I dag er eg kanhende litt ute på djupt vatn når eg kommenterer visse sider ved den digitale ungdomskulturen. Ungdommen i dag er i det store og heile flott. Den er ei spegling av det velferdssamfunnet med alle er ein del av. Me kjem lett til pengane, og me vert dagleg freista til å bruka dei opp så snart som mogeleg.
Det får så vera, men når me no i stadig stigande grad legg oss under kniv og sprøyter for å designa ein utsjånad me vil framstå som, men som me frå natura si side ikkje er, tykkjer eg at me kanskje skal stogga opp og tenkja over kva me vil med liv og kropp.
Eg tenkjer sjølsagt ikkje på dei som må retta opp alvorlege skavankar, men eg tenkjer slike som formar kroppen etter tida sine motekrav. Ein kan kanskje tenkja at denne kroppsdesignen kan ha sine konsekvensar. Kven vil vel enda opp med ei øydelagt nase, slik Michael Jackson vart.
Nei, eg får gje meg no, denne ungdomstrenden er berre noko eg har fundert på etter ei tid som bloggar…

Google.

Den rosa verda.

Kva rømer me frå,
kvar  ynskjer me oss til?
Er dagane for grå,
kva med ein lykkepastill?

Kva skal til for å lysa opp,
kva må til for å farga dagen?
Ho tek til å vøla sin kropp,
han trenar på seg sixpack på magen.

Pupper vert fylte med silikon,
leppene bugnar av Botox.
Han gumlar på styrkehormon,
piggstrie hårtuster av hårvoks.

Han pumpar musklar, men kva gjer ho.
Jau, ho har fått seg ein blogg,
som fylles med rosa, ungdommeleg glo.
Der sit ho og knottar utan stogg.

Ho har så mykje å fortelja,
om outfit, og om eigen kropp.
Ho vil reklamera, syna og selja.
og rosafargen, den er topp.

Vakker er ho slik ho framstår
på PC-ruta i all si prakt.
Med puppestell, outfit og kjøpehår,
ho lyser av reklamemakt.

Mange vil verta nett som henne.
Formfull, vakker og populær.
Ein let seg kanskje lett forblende,
av form og fargar og vakre klær.

Men slik er kan hende den nye tida,
kor pengar kjem lett og laust.
Berre å logga på internettsida,
der lokkar tilboda heller raust.

Og rosabloggen, idealet for mange.
Teiknet i tida på ungdommeleg styrke.
På «girlpower» og parfymeange.
Eit idol som mange vil dyrke.

Men skal designarkroppen vera idealet,
kvar vert det av natura til sist,
når forma, innhaldet og futteralet
vert framtidas moteekvillibrilist.

Nei, dette vart visst ein kverulerande tanke,
frå ein som sit vagla på sin gubbeplanke,
som stiller seg lageleg til for hogg,
utan trutmunn og rosablogg.
21.10.2014.M-m.

Monsterbløffen ?!?!

For tre – fire år sidan hugsar de kanskje at dei hadde ei stor batalje med demonstrasjonar, aksjonar og politi ifm byggjing av ei straumline over fjellet frå inst i Hardanger til Samnanger. Grunnlaget for utbygginga var angjeveleg sikring av straumen til bergensregionen. Seinare har det vel meir eller mindre kome fram at det var oljeverksemda som trong denne straumen.
Aksjonistane og “folk flest” meinte at ein burde føra fram straumen i kabel langs Hardangerfjorden. Men nei, dette var både ein teknisk, praktisk og økonomisk risikosport så luftlina vart tvinga gjennom og står no ferdigbygd.
Aksjonistar er også dømde og bøtelagde for titusenvis av kroner.

Google.

Men kva står det så å lesa i BT i dag.
Jau, no planlegg dei å leggja ein straumkabel gjennom heile Hardangerfjorden og heilt til Skottland!!
Utruleg kor fort utviklinga går i våre dagar. Det som var utenkjeleg for tre – fire år sidan, nemleg ein kort sjøkabel ut fjorden er no berre ein “sytråd” i høve til kabelen til Skottland.
Står det til truande, NEI!
Då er det vel slik at når pengeinteressene og løynde agendaer får rå er det ikkje mykje me enkle sjelene som kallast “folk flest” kan gjera for å stogga galskap (les: Byggjing av monstermaster o.l.)
Her er det vel etterkvart nokon som må sitja med ein lei smak i kjeften.

Eg hadde ikkje tenkt…

at eg skulle skriva så mykje om det, men dess meir eg tenkjer på det dess meir skurrar det i det gamle hovudet mitt.

Google

Her hin dagen ville politimeisteren på Romerrike automatisk leggja bort småkriminalitet som tjuveri, småslagsmål etc. Angjeveleg var dette for å kunna etterforska større saker. Det høyrest bra ut, men kva gjer det med tryggleikskjensla vår, og kva gjer det med dei småkriminelle som då vil veta at om dei naskar frå ei butikkhylle eller ei lomme vil det ikkje bli noko straff.
No la rett nok stats – eller – riksadvokaten den ballen daud. Men politimeisteren si utfordring, for små ressurser til å etterforska dei såkalte småsakene, er enno ikkje løyst. For lite pengar til å gjera jobben heiter dette i praksis.

google

Men har me for lite pengar til å gjera samfunnet vårt tryggare. Me som er viljuge til å pøsa ut 35 milliardar på eit OL i Oslo i 2022. Dette talet vil nok stiga med nokre titals milliardar til før leikane er sett i gong. Det er berre å sjå på tidlegare offentleg budsjettering og pengebruk for å skjøna at underbudsjettering er meir vanen enn unntaket.

Me skal ikkje setja “gode” formål opp mot kvarandre, er politikarmantraet når me prøver å ha to tankar i hovudet samstundes.
Jau, seier eg, me pliktar å sjå pengebruk og nytteverdi i ymse sektorar opp mot kvarandre.

I dette tilfellet vil eg seia at den kollektive tryggleiken må koma langt framfor ei 14.dagars idrottstevling i Oslo diktert av eit pampevelde i Lausanne.

Halvfull eller halvtom ? Det er debatten…

I dag, som eg smått har gledd meg til TV-programmet “Debatten” som er fast inventar på skjermen kvar torsdag, ser eg i avisa at dei i staden skal senda ein kvartfinale i Musikk Grand Prix (MGP). Det var ein nedtur for den tevlinga interesserer meg snautt til legghasane. Men så ser eg samstundes i avisa at vår representant er ein sikker tapar om han ikkje tek av seg dressjakka når han skal opptre.
Kanskje han vert ein vinnar om buksa og undikken går same vegen ?
Dersom denne kleskoden vert gjennomført i år kan det kanskje vera greitt å la av-knappen få fred når finalen går.

Så attende til debatten. Eg var spent på kva emne ville verta i dag. Her er mykje å ta av.: Dalai Lama, reservasjonsrett, lønnsoppgjer, fly – og – hotellstreikar, OL-søknad etc.
For meg er det mykje god underhaldning i å høyra på dei mange rare argumenta som vert borne til torgs, men i dag tok NRK altså kveldsunderhaldninga frå meg.
Når eg må leva med det kan eg like gjerne kunne skrive ned eit lite rim om saka.

Google

Debatten.

Det er merkjeleg med politikk,
ein underleg retorisk gymnastikk.
I makta, held du kjeft om vanskelege saker.
I opposisjon, retorikken brakar.
Og dei som er i mindretal
fremjar godsaker som på billegsal.

Så kjem media og pressa på banen
og gjel som den fyrrigaste hanen.
Dei grev fram den svartaste katten,
og så er han i gong, debatten.
Men, kom det ein konklusjon ?
Me sat jamt att med frustrasjon,
og enno meir forvirra i sinnet.
Godt det er kort, det politiske minnet !
28.04.2014.M-m.

Kjære biomasse…

 No har eg vore snill lenge nok så i dag vil eg slå eit slag for dei såkalla tåkefyrstene våre. Dei sit både i løvehola og i regjeringa, og årets tåkefyrste er utnemd, og det er sjølvaste justisministeren.
Frå den kanten kjem det mange og rare ord samasett på måtar i alle fall mitt treige hovud ikkje finn noko meining i. Forresten er dei fleste politikarane flinke på dette ordgyteriet. Har de til dømes følgd med på ein debatt eller den munntlege spørjetimen, og vart de klokare av det. Sjølvsagt vart de det.
De fann snart ut at dette ikkje var noko å høyra på.
Ikkje for det me kan vel tåketala nokon og einkvar når me ikkje vil konkretisera meiningane våre. Men hugs at ofte er det uttrykkjet; Tåkete tanke – tåkete tale som gjeld.

Så over til biomassen.

Me har høyrt så mykje om biobrensel og bruk av det ifm betring av miljøet vårt, men kva las eg ikke hin dagen.
Jau då hadde visst byråkratane funne ut at eit godt samleuttrykk for folk på venteliste til sjukehusa våre kunne få nemninga biomasse. Høyrt slikt??
Kvar har det vorte av respekten for enkeltindivida i dette offentlege ordgyteriet. Er det rart at me dett av lasset dersom me høyrer ein politisk debatt eller les eit eller anna offentleg dokument??

No har det nett kome ut ei bok som tek føre seg dei fleste tåkeorda i den offentlege debatten. Boka heiter kort og greitt.: Ordbok for underklassen.
Når eg får tak i boka kan eg neste lova mine lesarar nokre morosame og tankevekkjande innlegg.
Ha ein tag utan mørkeskodde.

En må tenke over…

En må tenke over hva man sier så man ikke plutselig sier det man tenker. Dette sto på min brors russekort for mange år siden, og  de tankene kan være like gyldige i dag i visse sammenhenger.
Her er en ev dem som kanskje burde tenke over dette ordspillet.

I et innlegg i BT idag ble ordvalget.: “Å gå hjemme” definert som nedlatende idet det antyder noe om at da har man liten samfunnsnyttig verdi. I innlegget ble det henvist til Inga Marte Torkildsen sin bruk av begrepet i et innlegg i Aftenposten den 8.Mars. Riktignok var hennes budskap da at det ville få konsekvenser for fremtidig pensjon og dermed frihet til å velge, men uttrykket “Å gå hjemme”  burde hun avholdt seg fra å bruke. Det har en alt for stor undertone av inaktivitet.
I den forbindelse spør jeg meg, har ikke innsatsen til dem som av ulike grunner velger å tilbringe en periode av livet ute av arbeidslivet, for å utføre sosiale eller fysiske arbeidsoppgaver for familie eller lokalsamfunn noen verdi. Den er til alt overmål GRATIS!
Jeg må skynde meg å presisere at jeg ikke vil beskyldes for å ville jage kvinnene tilbake til kjøkkenet, det er ikke min intensjon med dette innlegget. Her må alle få velge livsform ut fra behov og interesser. Det jeg mener er at alt ærlig arbeide må vedsettes, enten det er på en lønnet arbeidsplass eller om det er gratisarbeide i hjem eller nærmiljø.

Altså, tenk over hva du sier så du ikke plutselig sier det du tenker!!!

OL meg her og OL meg der…


Google.

Eg antar at dette ikkje er rette staden til å lufta ein liten frustrasjon på “provinsen” sine vegner.
Men eg har i det siste tenkt mykje på alt kavet dei har inne i Oslo for å få fram ein søknad til den heilage olympiske komiteen med tanke på å få lagt dei olympiske vinterleikane til Oslo i 2022.
Kva denne leiken, orsak desse leikane, skal kosta er visst ikkje klårt enno, og det er kanskje like greitt, for når dei siste tala eg har sett frå Russland sine OL-førebuingar er oppe i 200 Mrd er det vel greitt å halda kostandstala tett til bringa.
Men roa dykk borgarar (av Oslo). De skal no visstnok  få ta del i ei lokal folkeavstemming om de skal tyngja skattebetalarane i heile landet med kostnadene til vinterleikane. Det er demokrati det!!!

For to – tre år sidan vart det lagt ned mykje arbeid i å prøva å få send ein søknad om olympiske vinterleikar  i Trømsø i 2018. Her kom fram ein kostnadskalkyle på omlag 15 Mrd, men det tykte visst alle nede i hovudstaden var alt for dyrt samstundes som dei stilte seg tvilande til at Tromsø ville makta oppgåva. Det meiner dei som kalkulerte ein ny holmenkollbakke til 500 Mill, og som greidde å svi av godt og vel 1 Mrd før den modige Romøren fekk setja utføre i det fyrste hoppet som var tiltenkt Anette Sagen. Men ho er jente og attpåtil frå Nord Noreg og det var nok ikkje gjevt nok nede i oslogryta.

Kva er så mi meining om dette. Jau, Tromsø skulle fått høve til å arrangera leikane i 2018 og på det viset gjeve høve til å visa at det er mogeleg å få til ein fredeleg kappeleik utan gigantomanien me no er vitne til på dei stadene leikane har vore arrangert dei siste gongene. Byen og landsdelen ville sikkert hatt meir nytte av den utbyggjinga av infrastruktur i form av kommunikasjon og idrottsanlegg enn Osloområdet som allereie er godt utbygd.
Ein lyt etterkvart spørja seg kor mange stader/land som vil få råd til ein slik 14-dagars festrus, og kva det skal gå på kostnad av når det gjeld andre samfunnsnyttige tiltak.
Eg er ikkje i mot olympiske leiker, men gigantomanien og resultatet av den, sentraliseringa, likar eg ikkje.

Til sist reknar eg med at Heiberg, om han ser dette vil sakssøkja meg for misbruk av dei heilage ringane.  Jaja, eg får leva med det.