Kjære biomasse…

 No har eg vore snill lenge nok så i dag vil eg slå eit slag for dei såkalla tåkefyrstene våre. Dei sit både i løvehola og i regjeringa, og årets tåkefyrste er utnemd, og det er sjølvaste justisministeren.
Frå den kanten kjem det mange og rare ord samasett på måtar i alle fall mitt treige hovud ikkje finn noko meining i. Forresten er dei fleste politikarane flinke på dette ordgyteriet. Har de til dømes følgd med på ein debatt eller den munntlege spørjetimen, og vart de klokare av det. Sjølvsagt vart de det.
De fann snart ut at dette ikkje var noko å høyra på.
Ikkje for det me kan vel tåketala nokon og einkvar når me ikkje vil konkretisera meiningane våre. Men hugs at ofte er det uttrykkjet; Tåkete tanke – tåkete tale som gjeld.

Så over til biomassen.

Me har høyrt så mykje om biobrensel og bruk av det ifm betring av miljøet vårt, men kva las eg ikke hin dagen.
Jau då hadde visst byråkratane funne ut at eit godt samleuttrykk for folk på venteliste til sjukehusa våre kunne få nemninga biomasse. Høyrt slikt??
Kvar har det vorte av respekten for enkeltindivida i dette offentlege ordgyteriet. Er det rart at me dett av lasset dersom me høyrer ein politisk debatt eller les eit eller anna offentleg dokument??

No har det nett kome ut ei bok som tek føre seg dei fleste tåkeorda i den offentlege debatten. Boka heiter kort og greitt.: Ordbok for underklassen.
Når eg får tak i boka kan eg neste lova mine lesarar nokre morosame og tankevekkjande innlegg.
Ha ein tag utan mørkeskodde.

7 kommentarer
    1. ja da gler eg meg til noen godbiter fra boken :))lenge siden jeg gav opp å følge disse debattene på tv.
      Kanskje vi også skulle hatt en sjeik som bestemte alt alene ,da hadde det vorte svong i sakene her i Norge også :))

    2. Av og til trur eg at eg er evneveik, og det skuldast at ord og utrykk i media er heilt uforståande for meg. Kanskje eg skulle kjøpa boka, eg og? Eg høyrde den blei duskutert i radioen ein dag.

    3. Oldemorbloggen:Ja, eg har vore inne på same tanken som deg, men held til “ordtaket”. ” uklår tanke, uklår tale”. Den boka skal verta påskelektyren. Ha ein fin kveld.

    4. fruensvilje: Huff nei, vi får heller prøve å lære våre politikere å snakke forståelig, men det er vel et fåfengt håp. Slik de herjer fram øker det ikke helt respekten for virksomheten deres. Ha en fin kveld.

    5. Eg likte illustrasjonen. Under krigen gjekk bilane på knott, og snart er vi der att. Då kan du få god avsetnad på sitkagranskogen din. Ha eit godt jamndøger.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg