Februarhymne 2018.


Google.
Det har skjedd ein del i februar som eg ikkje kunne halda tastaturet borte frå. Fyrst sende Musk ein Tesla til himmels. Vonar Vårherre ikkje har køyrt seg i hel enno. Så har Trumpen visst tenkt å syna penisforlengaren sin til “The Rocketman”, då han vil halda ein stor millitærparade på Pennsylvania Avenue.
Olemikken slit visst med postomberinga i løvehola. Difor har han sett seg nøydd til å byggja nytt postkontor med tilhøyrande underjordiske tilkomstvegar til den nette sum av 2,3 milliardar. Ikkje rart at portoprisane stig. Gubben har heller ikkje gløymt OL-feiringa.

Februarhymne 2018.

At Tesla skal vera ein signa bil
det har lenge vore kjent.
No er han send til himmels med stil,
eg tenkjer Vårherre ventar spent
Musk sende bilen på tur rundt sola
bak rattet ei dukke, og kanskje litt Cola.

Trumpen slit med reiskapen sin,
han skal synast på Pennsylvania Avenue.
I Moskva sit sikkert Putin og grin.
Kva kan 1.mai på Raudeplassen by?
Kvifor skal det synast fram kuler og krutt?
Eg hadde vona at våpenparadar var slutt.

I Junaiten er porno til skade for helsa,
og då vert det sjølvsagt forbod mot den.
Der skal dei mot all ulivnad verte «frelsa»,
men kva med styrlause, våpenføre menn.
Jau, då vert det slik bort?i cowboyland;
Nei til porno, men våpen til alle mann!

Stortinget byggjer tunell og postkontor,
og det skal visst verta gromme saker.
Det dyraste postkontoret på vår jord,
2,3 milliardar, og løvehola skaker.
Jau, du greidde det, gjevaste Olemic.
Gav ny meining til ordet: Post-i-butikk.

Så er det OL med futt og smell
og med skulding om dopingjuks.
For russarane vart det tidleg kveld.
Dei kunne gøyma sin smørjingsvoks.
Der var dopinga sett i statleg system,
og Putin fekk då eit forklåringsproblem.

Bergen og Håvard tok olympisk gull.
På skeiser, mest ikkje til å tru.
I byen som jamnast er regværsfull
kor austlendingen snautt nok vil bu.
Hardnakka trening i  «sløsj» og søle.
Gullet i boks, tok han utan å nøle.
28.02.2018.M-m.

 

Nokon har det bra…


Google.

Heldige gubbe?

Om dagen startar traurig,
og sengevarmen
kjennes betre
enn det råkalde rommet,
og når hovudet
framleis
er i slumremodus,
då skal ein slite seg
opp etter håret
og få i gong maskina.

Men,
den hårlause gamle gubben
er heldig.
Han kan snu seg i sengja,
breie den varme dyna
over skallen,
og drøyma vidare
om heite strender.
24.02.2018,M.m.
 

Årets mamutt!


Alltid spennende når årets mamuttkatalog dumper ned i postkassa. Dette er det årlige eventet da forlag og bokhandler rydder hyllene til nye utgivelser kommer.
Gubben har hvert år sendt inn en ønskeliste til den lokale bokhandelen, og resultatet har oftest vært at han har fått tildelt en eller to bøker, og da kanskje den boka som sto nederst på ønskelista. I år slo bokhandelen endelig til, og hele ønskelista ble levert.
Her er litt av hvert. Påskekrim, en hamsunrelatert biografi, og sist, men ikke minst, en bok gubben ser fram til å ta tak i. Nemlig A Beavors dokumentar om slaget ved Ardennene, tyskernes siste store krampetrekning under krigen.
Fem bøker totalt! Det burde rekke til langt ut på sommeren.

Tidtrøyte for gamle gubbar…

Når veret ikkje freistar til uteliv då er Dagbladet sitt laurdagskryssord eit bra alternativ. Men dette kryssordet kan lett verta ei skikkeleg utfordring, og det er lett ikkje kvar helg det vert ferdigløyst.
Men med god hjelp frå Google, frua, ein kryssordven, kryssordbok og det gamle hovudet kom eg i mål denne helga.

Så er det berre å venta på den neste dagbladutfordringa.

Skrivekløa tok overhand…

Eg hadde eigentleg tenkt å slutta å plaga dykk med desse månadshymnene mine, og den intensjonen har eg framleis. Men så er det slik at det dukkar opp saker rundt ein gamal gubbe som av og til engasjerer, av og til opprører. Då er det lett å ty til “pennen” og få det ut.
Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å kommentera denne “MeToo”-saka, men etter at også politikken vart riven med i dragsuget vart freistinga for stor.
Eg skriv ikkje for å hengja ut nokon, men heilt enkelt for å peike på kor omfattande og utbreidd denne problemstillinga har vore, og er.
No er det berre å vona at kampanjen og oppryddinga råkar det det skal – og bør, nemleg den utilbørlege og uynskte trakasseringa. Samstundes tykkjer eg det er viktig at dette ikkje vert ein kjønnskamp slik at den naturlege omgangen mellom kvinne og mann vert råka. At kampanjen lett kan bikka over tykkjer eg at medias uthengjing av vestreleiarens pikante eventyr som ei MeToo-sak er eit bra døme på. Har ikkje journalistikken opplevd fartsfylte bygdefestar? Eg berre spør,

Dette har vore ei underleg tid
med varsling om sex-trakassering.
langfingra mannfolk i alle parti,
partifestar med sprit og utagering.
Men venstre boltrar seg nok best
i potetåkeren på bygdefest.

FrP må slita med kraftig demens,
Der sviktar minnet deira heilt.
Dei lurer seg unna konsekvens.
Hukommelsen streikar, påstår dei steilt.
Nei, no må ho Siv leggja korta fram,
å løyna seg bak gløymsle, er ei skam!

Men kåtskapen rår visst i alle parti,
til og med i vårt trauste KrF.
Det førde til ein heller ublid sorti
etter hending på eit partitreff.
Ei ungjente sa seg der trakassert;
Men be om årsaking, hadde KrF ikkje lært.

Brunstig ungdom er Erna sitt problem,
Jonas slit med griskallproblematikken.
SV og SP er heller ikkje bekvem.
Slik går det lett om ein ikkje styrer p?en.
No får dei rydda i sine brotne rekker,
elles trur eg at all partitillit sprekker,

Kva tener store provoserande ord
om utfordringar i samfunnet vårt.
Problemløysing fins ved forhandlingsbord,
og ikkje der krangling om ord vert sårt.
Treng me då ein monsterminister,
og tener det saka om orda sler gnister.
31.01.2018.M-m.