Tidtrøyte for gamle gubbar…

Når veret ikkje freistar til uteliv då er Dagbladet sitt laurdagskryssord eit bra alternativ. Men dette kryssordet kan lett verta ei skikkeleg utfordring, og det er lett ikkje kvar helg det vert ferdigløyst.
Men med god hjelp frå Google, frua, ein kryssordven, kryssordbok og det gamle hovudet kom eg i mål denne helga.

Så er det berre å venta på den neste dagbladutfordringa.

8 kommentarer
    1. Kryssord har aldri vore mi greie, men ma’en droppar innom eit kryssord i ny og ne. Eg er nok for utolmodig, finn eg ikkje orda raskt, blir eg rett og slett irritert. I motsetnad til gamal gubbe si tidtrøyte, har denne gamle kjerringa vore ute og laga snømann.Llitt barnsleg kanskje, men likevel syns eg det er gøy, sjøl om eg ottast for at naboar og andre skal sjå kva eg held på med. Ein kan få dårleg rykte av mindre. Kanskje eg visar han fram på bloggen min, viss inspirasjonen kjem. No håpar eg verkeleg på meir snø, slik at skia kan takast fram.

    2. Oj det så bra ut..løser sjelden kryssord, men av og til om sommeren på badetur eller noe slikt kan jeg forsøke meg litt..men det stopper fort opp..hehe..
      Jeg gikk ei lita runde i snøværet her i dag…deilig luft var det i alle fall… Fin dag videre til deg :))

    3. Legg meg paddeflat i ovundring, eg har lista mykje lågare. Held meg til dameblada Hjemmet, KK, Familien og Tara ( lånt på biblioteket). Der kan eg nytta E-post for å senda inn svara. Med det norske postvesnets portosatsar ville eg gått konk. Ein gong vann eg 5 skrapelodd, målet er å få 500 kroner. Får trøyste oss med at kryssord skal vera bra mot Alzheimer. Men no må eg ut og måka snø att. Ha ein god dag!

    4. Oldemorbloggen: Ja, det kjem seg med snømengda no, og føre til snømannproduksjon er det sikkert. Me er vel ikkje så nøye på kva naboar seier i vår alder, eg orsakar meg med at det er ikkje meir å vente av ein 80-åring.
      Elles ser eg fram til ein velkledd, eller velpynta snømann i bloggen med tid og stunder.

    5. annebe: Det har blitt en tur i snøen i dag for gubben også. Friskt og uvant med såpass mye snø her hos oss.
      Ellers er det ikke alle kryssord jeg løser, men dagbladkryssordet er litt ekstra utfordrende – for meg i alle fall.
      Ha en fin dag.

    6. Pedro: Eg er nok ikkje alltid på vinnarsporet mht kryssord, men det er heller sjeldan eg sender inn løysinga. Eg må jo bekjenna at når eg prøver meg på kryssorda i dei blada du nemner set eg meg oftast fast…
      Heldigvis slepp eg snømåkinga.
      Du må ha lukke til med arbeidet.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg