No har Blogg.no visst lagt om systemet sitt, og eg har mist tilgangen til innlegga frå bloggvenene mine. Er dette ein systemfeil, eller er det rett og slett ei utsiling av mindre lønsame bloggarar. Som kjend, reklamepengar renn vel ikkje inn i hopetal med ein gubbeportefølje med få fylgjarar. I frustrasjon over kjensla av å verta avskilta av blogg.no laut eg ta tastaturet fatt, og då kom dette rimet fram.
PS. Det vill vore kjekt om nokon av mine bloggvener vil gje tilbakemelding om dei ser dette blogginnlegget.
Google.
Utdatert ?
Blogg.no ryddar visst i arkiva sine
og gamle kallar skal tydelegvis ut.
For brått forsvann alle venene mine
og attende åleine, sat ein eldgamal gut.
Eit innlegg eller to i veka var ikkje nok.
Det gav vel for lite pengar i kassa.
Nei, vekk med alle med gåstol og stokk
som rundt på kjøpesenteret går og tassa.
Bloggno er visst for dei unge og vene
dei med tusenvis av daglege hits.
Nei, no gjeld visst mest dei formfulle pene
med botoxnebb og oppblesne tits.
Gubben har heller ikkje skrive bok,
han vil ikkje utlevera seg sjølv og slekta.
Han får halda seg i si sidræva brok
og halda seg utafor influecersekta.
Livsrøyndom er visst berre noko «ræl»,
sprettrumper og puppestell er no i vinden.
Men stasjlivet kan verta ein akilleshæl,
når livsrøyndomen møter mannen og «kvinden».
Bloggtida er antakeleg slutt
litt leitt å kjenna seg kasta ut.
Bloggabsistensen vert nok ikkje akutt,
og gubben har ingen surmula trut.
Hyggeleg har det vorte i ti lange år
kor mange innlegg vart publisert.
Men, når ein så utgåttdatoen får,
skal ein ikkje sitja slegen og resignert.
Skrivinga kjem nok å halda fram,
Skrivekløa gjev seg nok ikkje lett
Så gubben får ta seg ein velfortent dram,
og innsjå at han ikkje har rumpe med sprett..
13.12.2018.M-m.