Dei vil alltid klaga og kyta….

Det var ein utvekslingsstudent frå Afrika som kom heim etter eit år her oppe i steinrøysa. Han vart då spurd om korleis det hadde vore, om folk, klima og slike ting.
Jau, svarde studenten. De hadde to vintrar her oppe, ein kvit og ein grøn. Men, sa han. Den grøne var verst, for då slutta dei å fyra!
I år opplever me så den grøne vinteren.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Eg vurderer nå å montere en redningsvest på hagebordet for nå har det stått mer eller mindre under vann i en måned.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
…og øvrige hagemøbler er heldigvis av plastikk så de unngår antakelig råtningsdøden.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Grått i grått, og de eneste blomstene som trives er inneblomstene og vannliljene.
Vel, dette var dagens elegiske utfall mot de gjenstridige værgudene vi i år har opplevd på Vestlandet.
Nå venter vi bare på stadig nye nedbørsrekorder. Sist uke sto det å lese i avisa at dette var den dårligste sommeren etter 1929. Slå den!!!

En sommerdag…

Et par bilder fra terrassen fra solskinnsdagen i går. Hm, det gjelder å få fram apparatet når solen, for en gangs skyld er framme. Nei, la oss endelig ikke klage. Været var bra fram til St Hans. Om terrassen er det ikke mer å si enn at den “ligger” der og venter på dagens gjester. Da er det ekstra flott at solskinnet viser seg sammen med gjestenes ankomst…

Litt traktement skal også gjestene ha
 



Fruen deler forretten med dere. Det var hvitløksmarinerte, grillede scampi. Godt, kan jeg forsikre om.
Resten av middagen forblir i lukket selskap.

BT, regionavisa mi…

…tok grundig feil i går, etter det eg kan skjøne. Om det var fordi me no opplever den dårlegaste sumaren sidan 1928 (også ei BT-melding) eller om avisa vil ha oss til å springa til Kjosen etter billege solbillettar veit eg ikkje, men dei annonserte at dagen i går var Marit Vassause, eller Marimesse.

Google
Mari Vassausedagen er etter det eg kan finne ut, i dag.
Kva er det så med denne dagen? Jau på denne tida var slåtten i gong og bøndene var svært opptekne av at høyet skulle verta tørt. I dag, i høyballane si tid, er kanskje det ikkje like naudsynt.
Men så var det dette med vassausa då. Jau dersom ho Mari fekk fylt vassausa si med regn den dagen ville resten av sumaren verta våt, og høyet kunne ikkje bergast. Var ausa derimot tom då kvelden kom kunne bonden gå hundedagane trygt i møte.
Vel, når eg ser ut er ausa enno tom og dagen ser bra ut…Skal me då vona på nokre gode veker?
Tida vil vise…

Google.
På primstaven skal dagen vera markert med eit sverd eller eit hjul, men det er visst ikkje så lett å finna.
God sumar vidare.

 

 

Kva skal ein gjera???…

…når sønnavindskulingen og pøsregnet sler mot vindaugsrutene og peonar og roseblomar ligg langstrake i blomehagane. Leggja seg ned og grina, kanskje…Nei, det hjelper ikkje det grann. Tårevåt sutring gjer ikkje tilværet ditt turrare.
Nei, kle seg godt og ta ein tur ut kan kanskje vera ein ide. Nei ikkje for denne gubben, han konsentrerer seg om det intrikate dagbladkryssordet som sjelden lar seg løyse utan intensiv hjelp frå slekta…

Google meiner visst at salige Ludvig Holberg har ei løysing på nokon av regnværsproblema, i alle fall har han funne alternativ bruk for paraplyen (Bergens andre byvåpen).
Det er jo sumar så ein tur på sykkelen i regnværet kan vera karsleg, om ikkje nett for denne gubben her.
Og møter du dette skiltet er det berre å snu…

Ingenting er så vått som ein sykkeltur i styrtregn.
Men der er nokon som held ut i regnværet…

“Drengen” er ute og jobbar i regnkaven. Sjølv om han ikkje trivs, så protesterar han i alle fall ikkje – spesielt ikkje når han får ein pause av og til og får naudsyn
oppreinsing av vått gras på knivane…
Men så er det slik…

…at bak skya heng der ei sol som ventar på at verguden kjem i godlag att, og at han kan turka og varma opp solhungrige sumarskrottar…
Ei von om god sumar til dykk alle…

Fisketuren…

Etter eit par veker med rått og vått sumarver var det i alle fall opplett i går, og gubben vart inspirert til å leggja ut for å prøva om makrellen beit…Han laut vestom alt land før fisken hogg til, men til gjengjeld vart det familiemiddag på eit par kast…Stor fin makrell, og i tillegg tre fire smålyr til kattane.

Google

Men så var det på eit av dei ytste skjæra at det sat ein einsleg skarv. Han sat der med nasen mot himmelen og såg ut til å nyta tilværet i sumardagen. Ofte ser ein heile flokkar av denne fuglen som sit på skjæra og turkar vengjene sine, men denne sat der åleine. Han gav gubben inspirasjon til nokre ord om åleineskapen…

Sjølvsagt hadde ikkje gubben apparatet med så dette googlebiletet får vera ei erstatning.

Skarven på skjæret.

Ein einsleg skarv
sat på ytste skjær.
Høgreist og stolt,
heilt åleine der.
Sat han utstøytt frå sin flokk,
og venta han stormens ragnarokk?

Ein einsleg skarv
på det ytste skjæret.
Myste mot havet
i midtsumarsværet.
Var han ein bortkomen nerd
som trivdes godt i si skarveverd?

Ein einsleg skarv
der ute på skjæret.
Sat han og frykta
jægaren og geværet?
Eller, var han ein lukkeleg optimist
ein dumdristig, einsleg skarveturist.

Ein einsleg skarv
åleine på skjæret.
Ein høgreist fugl
gjev deg noko å lære.
Er du åleine i «motebakken»,
Lyft augo mot toppen, reis opp nakken.
12.07.2016.M-m.

En dag i…

…kattepensjonatet.

Foto.: Fruen…

Som noenlunde stasjonære beboere på landsstedet mens barn og barnebarn drar på ferie blir det åpnet kattepensjonat i heimen. Det er jo bare hyggelig for oss som mistet vår egen katt for et år siden. Og pensjonærene er jo velopdragne og flotte katter som tilbringer store deler av døgnet i godstolen. Her ute i havgapet har de også glede av gode fiskemåltider…og lukter de at her er fisk i huset er det ikke fred å få…
MEN, av og til våkner villdyret og da er det ikke greitt å være markmus…Her har Alvin tatt en av sine første mus, og i tråd med kjent katterituale måtte fangsten fremvises til husets folk…Opp på trappen og med et vaktsomt blikk mot evt konkurrenter ble byttet presentert…
Ellers må sies at den oppreklamerte varmesommeren som ble spådd tidligere i vår har tatt en lang pause nå – kjølig vær og regnbyger dominerer for tiden værbildet, og meteorologene anbefaler oss å vende nesa mot sydligere strender. Men, så var tusenkronersspørsmålet..: Greier Kjosen å stable fly og flygere på beina (de har jo så dårlig helse stakkars…) så vi kan komme avgårde.
Nei, det er best å holde seg i skinnet og passe på katt, mus, andeunger etc etc. Her er nok å fylle regntunge dager med.
Ha en fortsatt fin sommer.