Mikkelsmesse…

Med fåre for å verta assosiert med vår engleprinsesse vil eg i dag trekkja fram ein merkedag og ein erkeengel, nemleg mikkelsmesse og erkeengelen Mikael. Visste de forresten kva ein erkeengel er for noko? Jau, han skal ha den høgaste rangen mellom englane, og her er han…

Google
Han openberra seg rundt år 300 i ei hulekyrkje/Gargano, og fram til 1770 var dagen, 29. september ein heilagdag. Hausttakkefest kan vera eit stikkord for dagen.
Men kva funksjonar hadde så den heiage Mikael. Jau, bl a dreiv han og vog sjelene på skålvekt, og stakkars dei som vart funnen for lette…Eit gamalt diktverk “Draumkvedet” fortel litt om verksemda til Mikael.
Spådomar om ver og vind er også knytt til dagen. Meteorologisk institutt var ikkje oppfunne då så ein laut ta til takke med erkeengelen.
Like mange dagar som det er rim på marka før mikkelsmesse skal det verta rim etter Gaukmesse (1. mai). 
Ettersom eg er frå Hordaland kan eg på vegne av Mikael spå at veret i dag vil spegla komande sumar, og det er vel lovande.
Til sist kan eg koma med Mikaels tips og råd for val av partnar og ekteskap.
Dersom du drøymer mikkelnatta, drøymer du om den du kjem til å gifte deg med. Dersom du ynskjer at draumen skal oppfyllast så fortel du det ikkje til nokon. Dersom du derimot ikkje ynskjer å gifta deg med draumeprinse/prinsessa forkynner du det straks til heile omverda. Kan det enklare gjerast?
Lukke til med draumenatta…

Naken i undertøyet…


Google

Her i hansastaden har me stort sett  vore fri for reklame på bussar og i det offentelge rom, heilt til dei blåe no nett framfor  valet gjorde vedtak om å berga ei skrantande bykasse med 6 millionar reklamekroner. Så dei vart samde om å  selja reklameplass bl a på offentlege transportmiddel og på haldeplassar.
Men så kom valet, og då kom dei raude til makta. I dag høyrde eg så at dei no vil reversera reklame-vedtaket, og då skal heldigvis bussar og busstasjonar likevel ikkje fyllast med reklametapet.
Men i den verbale argumentasjonen rundt denne saka synes eg at ein representant frå SV lyt få førsteprisen for finurleg retorikk når ho uttalte dette i radioen. »Så slepp me no  å måtta sjå på nakne damer i bare undertøyet i det offentlege rommet». Nakne damer i bare undertøyet, Jaja, det lakkar mot jul!

En assistent…

er god å ha for en gammel gubbe. Nå som gresset har grodd over en uke var det på tide å få drengen i arbeide. Ettersom det regner av og til og gresset er klissvått var det en viss spenning om hvorvidt drengen ville greie jobben.

Som dere ser er han i fullt arbeide, så i løpet av dagen har han nok fullført jobben. Det er en tung jobb så han må inn og etterfylle energi en gang i timen, men det greier han også uten hjelp..

I går kveld skulle gubben hente en løk ut fra kjøleskapet, men hvem andre enn Solan Gundersen var det ikke som satt der inne i grønnsakskuffa og kikka opp til han.

Helt tilfeldig hadde løken blitt skåret slik, og resultatet ble noe som likner en aukrustfigur.
Ha en fin bloggdag.

Så hendte det…

…at vi fikk markert vårt gullbryllup. For å få samlet familien fra forskjellige steder i landet ble Geilo møteplassen.
Datoen er egentlig nine-eleven, men en fest på etterskudd lar seg også gjennomføre.

…og der ble Bardøla hotell valgt. Det er bare å si til hotellvalget at det ble et perfekt sted for oss og vår fest. God service, god mat, ja til og med en gave fra hotellet.

Men før maten måtte champagnen sprettes, og festen kunne starte.

Våre to flotte døtre muntret opp med noen artige før-og nå-bilder til stor glede for øvrige gjester, og sikkert også for dem selv.

Maten var helt eksellent, og her er en av forrettene på vår fire-retters middag. Her er det god fjellaure med salat og deilig saus…

Gullbrudeparet i fin stil etter middagen.

En tur opp mot Hallingskarvet sto også på programmet i det fine høstværet.

En interiørdetalj fra hotellet, Meisnerporselen og rosemaling. jeg likte best det siste.

En suite var selvsagt nødvendig til et såpass eksklusivt selskap.
Nå får det være nok selvdigging, ha en fin dag kjære bloggvenner.

Det er visst storleiken…

…det kjem an på likevel.

Eg er vel ein av dei gamle gubbane som stadig ergrar seg over at avisa er to – tre gonger så tjukk som ho burde vera., fullproppa som ho har vorte med alskes reklame.
Sjølvsagt er eg klar over at all reklamen hjelper på den magre botnlina, men likevel kan eg ikkje fri meg frå at eg slett ikkje tingar på avisa for å fora den allereie overfylte papirbosskassa mi.
I dag tykkjer eg at BT, eller kanskje det var Lagunen som sler tidlegare rekordar med asvisinnlegget. Eit reklameblad så stort at eg laut leggja det på golvet for å bretta det ut låg inne i avisa. Det måtte vel vera såpass stort ettersom bladet tillyste ein Jubileumsfestival.
Men, kjære Bergens Tidende, Eg treng ikkje dette vegg – til – veggteppet av ein festivalreklame som for til avisa, eg vil ha ei avis full av nyhende, kronikkar, lesarbrev etc. Ikkje som no, ei avis som stadig vert tunnare samstundes som reklameinnlegga vert tjukkare og fleire. Kva tykkjer de andre lesarar?
Huff. Dette vart viss dagens sure oppstøyt, men det måtte ut…
Ha ein god bloggdag…

Matlei…


Google

Etter snart ein heil sumar på einsidig kosthald ser eg no fram til andre ting på menyen.
Sumaren har vore full av flesk, valflesk i mest alle former.
Eldreflesk i form av «varme hender», bading utan stoppklokke, og så raudvin til maten! Skuleflesk i form av fleire lærarar, leksefri heime, mat på skulen etc etc. Desse rettane er krydra med eigendomsskatt.
Kollektivflesk i form av bybaner, bussar, tog og gigantutbyggjing av sykkelvegar. Krydderet her er meir bompengar.
Byluftflesk. No skal bylufta verta gullande rein, krydra med struping av, bl a dieselbilbruken.
Kommuneflesk. Større kommunar skal gje betre service. Dette flesket er krydra med større avstand mellom dei som styrer og dei styrde.
Til sist kan nemnast miljøflesk, helseflesk, etc
No må de ikkje tru at eg er imot gjennomføring av dette som er ramsa opp her, bra greier det meste. Men når det kjem til stykket er det mykje store ord og fleskefeitt. Gjennomføringa vert det så som så med.
Nei, no treng me sårt noko anna enn valflesket å gumla på kvar dag. Eg voner at den store sauesankinga kan ta til på tysdag så me kan endeleg kan skifta frå flesk til fårikål?
Eg gler meg.
Godt val?

Det stunder…

…mot høst.

…og tyttebæra ligger klar til røring. I år var de store og fine så nå er det bare å glede seg til gode kjøttmiddager med en “toutch” av tyttebærsyltetøy til.

I år måtte båten litt tidlig på land, og nå har den fått på sitt “vinterskrud”. Årets båtsesong har ikke vært av de beste, men det skyldes stort sett en traurig sommer på våre kanter. Men som den optimisten man er, ser man allerede fram til sjøsetting igjen i mai neste år…Denne farkosten koster det ikke 2 mill i uka å leie, og “krompen” kan godt oppgi meg som utleier…

Til og med slåttedrengen kan nå se fram til noen måneder uten å måtte tygge på plengras hver eneste dag. Takk for jobben – du har vært effektiv.

Høsten har sine lyse dager – som idag. Strålende sol, vindstille og fin temperatur.
Ha en fin dag i kongeriket…

Dagens naturopplevelse…

Tenkte at jeg ville dele morgenens vakre regnbue med dere…

Dette møtte oss ved frokosten i dag.
Mens vi satt og akket oss over den sterke nordavindskulingen som møtte oss i dag morges, åpenbarte plutselig denne vakre regnbuen seg på vesthimmelen.
Det ble en hyggelig start på dagen…

Variasjon er viktig…


Google

Matlei.

Eg er lei.
Lei av kjøttkaker.
Lei av brunsvidd margarin,
og så den
helsikens lauklukta.
Eg er matlei.

Eg treng variasjon.
Treng litt bacon,
ikkje den vassfylte.
Nei, no gjeld
ekte varer,
utan vatn.
Med eit speilegg
på toppen.

Eg treng variasjon,
ein saftig biff,
svidd i gloheit
olje!
Klar til
kvitlauksmøret
og raudvinen.

Eg treng variasjon.
Ein god seibiff.
Då fer eg varsamt fram,
brunar han varleg,
på sidene.
No kan eg tola
litt lauk.
Nam-nam.

Eg treng variasjon
å visa kva eg kan,
treng å verta brukt,
treng varme og omtanke,
og litt smørjing.
Sjølv om eg berre er,
ei vanleg steikjepanne.
23.03.2013.M-m.