Google.
Månaden vart for spanande, med ulvejakt, skattejakt, ny president i USA, eksotiske boklanseringar og mykje meir. Di meir pensjonisten las aviser, kikka på TV og lytta til radio, di meir kom inspirasjonen til å kommentera nokre av hendingane. Om eit av versa vart i drygaste lager får gubben stå for det som kom på trykk.
Januar 2017.
Politikarane er no på ulvejakt.
Senterpartiet vil minska bestanden
medan regjeringa vil stogga slakt,
så no renn visst jakta ut i sanden.
Hjå bygdefolk tek sinnet til å brusa,
med ulven luskande rundt husa.
Eit artig aukenavn stortinget har;
Løvehola på folkemunne.
Med eit navneskifte er eg no klar,
Ulvehiet er det nyutspunne.
Så lyt løve med ulv remplasserast,
og stortingsplassen lyt oppdaterast.
På tiltalebenken sit ein kjend politi,
hasj og korrupsjon er tema.
Har han tuska til seg pengar på si?,
eller fylgde han instruks og skjema.
Er politimannen skurk eller helt,
det får me veta når domen er felt.
Han Jonas har no bestemt
å gå mot eige partiprogram.
Å tvinga kommunar vart for betent,
då vart det betre å skifta ham.
Slik går det når SP trugar AP?s stemmer,
då skifter ein skoa når dei klemmer.
Dei har gnåla om skatt i åtte år;
lette for dei rike, dei fattige blør.
Når det no mot valkamp går
skal skattane oppatt som før.
Etter fordøming av andres skattekutt,
vert skatteauke snart eit absolutt.
Ja, så absolutt at ein ting vert gløymt;
at lette i skatt på eigneluter
ikkje berre i bankboka vert gøymt,
men kan løysa bedrifters økonomiske suter.
Nye arbeidsplassar kan skapast.
Med skatteauke kan dei like gjerne tapast.
Verda har fått ein ny president,
Trump, om det har gått hus forbi.
Beskjeden er han ikkje plent
så verda er i spaning for ei ny tid.
Ein storkjefta og respektlaus rabulist
flytta inn i det kvite huset til sist.
Det starta med, «Sjarmen med tarmen»,
så kom, «Gleden ved skjeden».
Tabuemner som kom inn i varmen,
skapte visst ikkje den store «vreden».
Då blir det kanskje å tøye strikken
med boktittelen, «Gymnastikken med p***en».
31.01.2017.M-m.