Desemberhymne 2019.


Trass i krangel om skuleungane skulle gå til kyrkjes før jul, og om me laut eta bønner og stalatblandingar til julemat kom nissen til huset også denne jula, pinnekjøt og nokre gåver vart det også.
At ei frostkløyvd nase fekk prega avisene i julestrida kan ein godt forstå når to, litt tilårskomne karar har ein førjulstur over polhavet. Jaja, nokre andre hendelsar finn de i hymnet.
Så vil eg ynskja dei få bloggvenene eg har att eit godt nyttår, og takk for rosen som kom i gamleåret.

  1. Desemberhymne 2019. 

    To gubber slit med isen i nord;
    beinkalde skrottar og slunkne bord.
    Borne av media siste stykkjet
    letta kanskje einsemdstrykkjet.
    Ei bragd kanskje, men var det krise?
    Trong me nasa hans Børge i dagleg reprise.
     

    Krise var det samstundes litt lenger sør
    ambulanseberedskapen i Finmark blør.
    Der bør du sanneleg ikkje bli sjuk
    for ambulanseflya er ikkje til bruk.
    Kva sak er viktigast for media å avduke?
    Iskalde gubbar eller livstrugande sjuke.
     

    Sentralisering er noko styggedom,
    det meiner eit av våre største parti.
    Er det ikkje då ein «skivebom»
    å nett kalla seg senterparti.
    Sjølv om det er eit stort paradoks
    er nok desentraliseringsideologien i boks.

    Julestridene er over oss att,
    «skulegudsteneste» og julemat bør bort.
    Unge venstre tek «skulegudstenesta» fatt;
    skuleborn lyt vernast mot julebodskapen fort.
    Skal jula berre verta fjas og «kommers»
    er eg redd ho snart syng på siste vers.


    Men utruleg, trass i krangel, stress og kav
    vart det julekveld i landet til sist.
    Frå å striro på eit reklamebomba hav
    kom freden du trudde du hadde misst.
    Då sølvgutar og ribbelukt seig inn i stova
    slapp freden inn, og julestrida fekk sova.

     


Google

PS.

Han var ven, kunstnar og fargeklatt,
ein mangslungen, modig person.
Brått mørkna det og vart svartaste natt,
livet stogga på sjølvbygd endestasjon.
Samstemd vert nok hans nekrologi.
«Trist som faen» vart hans sorti.
31.12.2019.M-m.

Litt førjulskultur..

I ei, selv for pensjonister, ganske hektisk førjulstid hvor kulturelle tilbud som julekonserter står på de flestes programmer var det en flott avveksling å bivåne ballettforestillingen “Nøtteknekkeren” i Grieghallen i går kveld.
Selve balletten ble fremført av unge dansere fra Bergen kulturskole, Den norske ballettskole etc, og Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester hadde ansvar for den musikalske delen.
Det ble en kveld med musikk – – ballettkunst på høyt nivå og gubben reiste hjem med smilet om munnen.
Bor du i Bergen spilles de to siste forstillingene i dag/ettermiddag så det er bare å kaste seg på om det fins billetter.
Ha en fortsatt god førjulstid, kjære bloggvenner.

Black friday, “blakk” monday.

Mykje godt har me sikkert fått frå USA, både i krig og i fred. Likevel er det freistande å undrast litt over dei siste importvarene frå “over there”. Dei gav meg i alle høve grunnlag for nokre enkle refleksjonar. Illustrasjonane er tekne fram frå Google.

Black Friday, blakk laurdag.

Halloween er over oss alle
med graskar, knask og knep.
Handelen let sine lokkesongar gjalle,
foreldre spring rundt med poden på slep.

Nye masker og drakter kvart år
når den håpefulle fer på tiggarferd.
Snart utafor dørene dei står
utan snop er du lite verd.

Uskuldig morro kan me nok seia
Men kven sjekkar kontoen og flirer.
Jau, handelen skor seg på heile greia
og mot aukande pengebunke smiler.

Black Friday, kredittkortets marerittdag.
Butikkar som kokande heksegryter
av kundar i åndlaust tilbodsjag,
med konto som pengefull tyter.

Gubben skal berre handla ei skjorte,
eit plagg som høver alder og stand.
Men framme ved disken er skjorta borte.
Ho hamna i skåpet til ein annan mann.

At skjorta vert borte gjer ikkje stort,
det heng ti att heime i skapet.
Då er det at refleksjonen kjem fort,
lar me oss sluka i det store tilbodsgapet.

Trump har verda også fått frå USA,
ein twitrande kverulantisk lauskanon.
Er du ueinig seier han.: Drit og dra.
Legg seg ut med nasjon etter nasjon.

Men USA eksporterer godsaker og,
ein Tesla er send opp til Vårherre.
Så no gjer han CO2-frie himmelflog,
i si miljøreine amerikanske luksuskjerre.

Så er det at gubben spør seg sjølv.
Har me bruk for meir stress og kav.
Treng me samla så mykje sølv
med stasjfulle heimar og plasfylte hav.
03.12.2019.M-m.

Novemberhymne 2019


Gubben har inntatt ferieposituren. Venner i bakgrunnen.

Det er tid for nytt hymne, novemberhymnet. Det er nok å ta av denne månaden også.
Det siste eg las var at på skulen i Seljord skal ikkje elevane bruka ordet julemat, her er det tradisjonsmat som gjeld. Kor langt skal galskapen gå ?  Eg berre spør. Skal me snart skamma oss over jula også i desse skamlause tider?
Elles har denne brannfansen snart heile sesongen vore vonbråten over dei dårlege prestasjonane til favorittlaget Brann som toppa seg med eit braktap denne helga.
Gubben kjenner at vinterdepresjonen ligg og lurer. Kanskje han må ta ein ny skamlaus flytur til sol og varme snart for å dempa dei verste symproma – ja, dersom NAV tillet det då!
Her er i alle høve nokre av sakene gubbe ikkje skammar seg over å harsellera litt med.:

  1. November 2019.
    Så greidde han å drita seg ut
    sjølvaste sjefen for PST.
    Ulovleg våpen hjå den øvste fut,
    at det går an, eg skjøner ikkje det.
    Han bør nok finna noko anna å gjera
    som ikkje kjenner ansvaret han skal bera.

    Er du NAV-ar eller NAV-turist
    lyt du passa deg i desse dagar.
    Fleire slike har fridomen misst.
    Her hjelpte korkje bøner eller klagar.
    Rettsvesenet vårt gjekk seg vill i «lova».
    Sjølv høgsterett la seg visst til å sova..

    Har du høyrt om UiB’s julebord i år,
    Der vert servert vegetar og fisk.
    Altså korkje svineribbe eller får,
    for kjøt er bannlyst på bord og brisk.
    Har verkjeleg kjøtskamma vorte så stor
    at me kastar ut vårt tradisjonsrike julebord?

    Miljøhovudsraden legg stein i gata,
    Grynerløkka skal no pyntast opp.
    Norsk stein er visst «non grata»,
    kinesisk gatestein vart meir pop.
    Rundt halve kloden skal steinen fraktast
    medan biltrafikken i byen skal slaktast.

    Er du lei av å vera direktør;
    for mykje ansvar, kritikk og mas?
    Sørg for at lommeboka ikkje blør,
    kvar finn du så det grønaste gras?
    Få deg ein rådgjevarjobb i nye VY,
    og du er framleis på lønstoppens aveny.

    Frua og gubben har vore på tur,
    denne gongen til sol og varme.
    Giktbrotne skrottar fekk ein kur.
    Jau, haustturen har sin sjarme.
    Skamlause tok me fly ned til sola,
    seglbåten vart for treg for han Ola.

    30.11.2019.M-m.