Julihymne 2017.

Det er berre å kasta seg utpå att sjølv om juli er ein feriemånad utan for mykje action. Fallet og gjenreisinga av Trollpikken vart vel eit høgdepunkt for nyheitsmedia.
Elles kan vel den nyetablerte faktakomiteen, som bl a skal faktasjekka politikarar si omgang med sanninga i valkampretorikken, verta ei urfordring for dei friskaste agitatorane.
Og så merkjer eg meg at både Krf,og spesielt Venstre no søkjer seg under Erna sine vengjer for å prøva å karra seg over sperregrensa. Jaja, budsettkrangel og valkamp held til på to ulike arenaer .


Google

453. Juli 2017.

Løvehola har tilsett fotograf og bakar,
så no kan dei skriva i puraste gull.
Dei kan også servera kostesame kaker,
men noko skrik at dette er kostesamt tull.
Men meiner me at landets fremste forsamling
skal leva med gråbleik skrift og frukostblanding.

No ber det fort mot valkamptid
og retorikken vert svulstig og ram.
Det innbyr til sjekking og faktastrid,
faktakomiteen skal ha sanninga fram.
No lyt politikarane vakta kva dei seier,
og ikkje føra retorikken på ville vegar.

Ho Trine er på valkampturne,
Venstre skal opp frå dødens posisjon.
Skal EL-bilkampanjen hjelpa med det,
eller vert det framleis opposisjon?
Etter at flyplass og veljarstøtte er fjerna
skal dei no pleia venskapen med Erna.

Forresten fer alle rundt land og strand
på skrytetur kalt valkampturne.
Frå Kirkenes til Kristiansand
ser du dei lova, handhelsa og le.
Men klørne kjem fram i debatten.
Det er berre å fylgja «Dagsnytt atten».

Så er Trollpikken atter på plass,
den største fallosen her vest.
Kom ikkje med ein liten tass
når Rogaland byr på fallosfest.
Denne karen skal lokka turistar.
Er dette ei PR-sak for vår kulturminister?

Dette hymnet vart heller kort,
det er ferie og smålate dagar.
Men feriedagane går alt for fort,
snart attende til jobben du jagar.
Vart det tid til å fulllada batteria
eller vart ferien mas og jag heile tida?
31.07.2017.M-m.
 

Krabbelag..

Etter å ha anskaffet to nye teiner i går måtte de testes. Med berggylte som agn ble det 7 fine krabber, til tross for 4 rømmingshull i hver teine.

 

Den kokte fangsten holder fin kvalitet, så vi gleder oss til kveldens krabbelag.

 

Agurken modnes…

..til tross for den stadige mangel på sol her på våre kanter, men kanskje nedbørsmengdene vi er forsynt med kompenserer for manglende sol..

Google
Denne karen her må ha prøvd å snu seg etter de korte soløyeblikkene vi har hatt. Men stakkars, den slipper nok ikke gjennom EU’s kontrollregime, men det er kanskje like godt.
Som det gikk fram av forrige blogginnlegg hadde gubben en saltomortale med stigen i handa. Han kan meddele at hekken hans nå er ferdigklippet, og gubben selv er ferdigbehandla på legevakta. Noen slitte leddbånd i høyrehanda (godt at han er venstrehendt) og brukket ribbein gjorde livet surt en ukes tid, Men når feriegjestene kommer er det bare å stille, men når sant skal sies har det meste gått seg til nå.

Gro fikk prøve fiskestanga, men fisken var ikke i bitemodus den dagen så vi måtte ta til takke med Menys fiskekaker.
Men vi gir oss ikke så lett. Derfor ble det satt ut garn, kanskje mest for å fiske teinemat til krabbeteinene. Berggylte som er foretrukket teinemat fikk vi rikelig av. I tillegg ble det to fine torsk og to lyr.

Resultatet av lyrefangsten ser dere her, ca 40 fiskekaker. Dette er “the real thing”, da får Menykakene ha oss unnskyldt, de når ikke disse kakene til “ankelen” en gang.
Vel, nå gjenstår bare å få krabbeteinene i sjøen, men det må vente til nordavinden finner det for godt å legge seg.
I mellomtiden får vi gnage på de agurkene som blir presentert oss i media. Ha en god sommer videre, og send litt sommervarme vestover til oss…

 

 

Hei hvor det går…


Google

Knall og fall.

No sit han i stolen verkande og bleik,
ein gamal, giktbroten kall.
Klipping av hekk var berre ein leik
heilt til det enda med knall og fall.

Fram med hekksaks og stige;
med frua som skeptisk støtte.
No skulle han med gamlehekken krige,
eit piggfylt utyske der han møtte.

Stigen var sikra og støtta av frua,
og alt gjekk heilt etter planen.
Stussa hekk pryda sommarstua,
jobben skulle nytast frå «altanen».

Etter jobben skulle stigen på plass,
og gubben slutta utan ripe i lakken.
Men då var det at alt gjekk rett i dass
då gubben snåva og for rett i bakken.

Gubbe, stige, armar og bein
tok vegar han slett ikkje ville.
Han skjøna i fallet at dagen vart klein,
men vona at skytsenglane var snille.

Handa under stigen, gubben på topp,
der stogga den halslause ferda.
Armar og rygg fekk ein smertefull stopp,
slutten på idyllen i sumarverda.

Doktor vart oppsøkt, men ikkje prest,
og gubben vart målt og granska.
Ribbein med både bråt og brest,
handa innvevd i støttehanska.

Ikkje kan han sitje og lite kan han gå,
men klaga kan han, gamle kroppen.
Pillar er einaste trøysta då,
og kjerringa som ilar til med kaffikoppen.

Trøysta til lekjaren var klokkeklar,
fyrst vesnar det fire – fem dagar.
Så vert du litt om litt arbeidskar,
om fem – seks veker om det seg lagar.

Og gubben sit her og rimar si sorg,
over sjølvpåført verk og skade.
Klagar og ber seg i heim og på torg,
til kjerringa kjem med varm sjokolade.
02.07.2017.M-m.