Hastverksarbeid…?!

Balansekunst.

Så kom det,
i dag.
Mange,
har venta.
Graset, blomane,
fuglane.
Dei turre brunnane.
Ja, heile natura,
har tørsta etter det.

Regnet!
Brått var dei der att,
luktene.
Frå eng og blomar,
frå trea,
frå alt utomhus.
—- men—-
Det må ikkje,
koma for mykje,
eller vara for lenge.
Me vil ha attende,
sumaren.
Balansen mellom
paraply

og parasoll,
er viktig
for oss,
som vil ha,
i pose og sekk.
16.07.2014.M-m.

Eg hadde ikkje tenkt…

at eg skulle skriva så mykje om det, men dess meir eg tenkjer på det dess meir skurrar det i det gamle hovudet mitt.

Google

Her hin dagen ville politimeisteren på Romerrike automatisk leggja bort småkriminalitet som tjuveri, småslagsmål etc. Angjeveleg var dette for å kunna etterforska større saker. Det høyrest bra ut, men kva gjer det med tryggleikskjensla vår, og kva gjer det med dei småkriminelle som då vil veta at om dei naskar frå ei butikkhylle eller ei lomme vil det ikkje bli noko straff.
No la rett nok stats – eller – riksadvokaten den ballen daud. Men politimeisteren si utfordring, for små ressurser til å etterforska dei såkalte småsakene, er enno ikkje løyst. For lite pengar til å gjera jobben heiter dette i praksis.

google

Men har me for lite pengar til å gjera samfunnet vårt tryggare. Me som er viljuge til å pøsa ut 35 milliardar på eit OL i Oslo i 2022. Dette talet vil nok stiga med nokre titals milliardar til før leikane er sett i gong. Det er berre å sjå på tidlegare offentleg budsjettering og pengebruk for å skjøna at underbudsjettering er meir vanen enn unntaket.

Me skal ikkje setja “gode” formål opp mot kvarandre, er politikarmantraet når me prøver å ha to tankar i hovudet samstundes.
Jau, seier eg, me pliktar å sjå pengebruk og nytteverdi i ymse sektorar opp mot kvarandre.

I dette tilfellet vil eg seia at den kollektive tryggleiken må koma langt framfor ei 14.dagars idrottstevling i Oslo diktert av eit pampevelde i Lausanne.

Nokre er harde i klypa…


…og denne karen som sat i krabbeteina mi i går heldt eg meg unna å handhelsa på. Det var ein vaksen kar. Men så er det slik med store krabbar at det ofte er lite mat i dei – slik også med denne.
men teinene inneheldt fleire eksemplar så det vart eit fint krabbemåltid om kvelden.
Ellers “går no dagan” her ute i havgapet.
Ettersom sjøtemperaturen ikkje har bikka 20 grader enno, og gubben helst ser 25-talet før han stikk mer enn stortåa i sjøen, let han badebuksa ligge trygt i skåpet.
Jaja, for nokon er det betre å vera oppå sjøen enn i han.
No er det spådd tropevarme i to – tre dagar, så då er det vel berre å førebu seg godt med små paraplyar, blandevatn og isklumpar “avec” om terrassedagen skal gje full utteljing på velværeskalaen.
Ha gode sumardagar i nord og sør…

Juni in shorts…


Gårsdagens fangst.: En lysing og noen småpaler ble konvertert til 35 fiskekaker i dag,
så da kjenner dere alle dagens middag her i huset.
Ellers spår meteorologene at paraplyen nå må fram fra gjemselen. Iflg tradisjonen ble det regn og gråvær i fellesferien. Den er nå nesten avviklet, men det gjelder tydeligvis ikke gråværet.
Nei, vi skal ikke ta sorgene på forskudd, det blir sikkert noen sommerdager i juli også.

I alle fall får vi sikkert noen feriekåte utspill fra politikere som, beruset av paraplydrinker og solskinn, renner over med sin utspillsiver. Vi får sikkert noe å skrive om i juli også…
God ferie…

Juni 2014.

Spanskekongen har sagt frå seg makta.
For mykje friller, vin og song,
og så den afrikanske elefantjakta
fekk han ned frå den kongelege balkong.
Kongen og folket lyt leva i pakt.
Utan tillit misser kongen si makt.

Ein amerikanar, vår neste ambassadør
visste lite om vårt land og vårt folk.
Han slepp snautt inn vår royale dør
utan rådgjevar og sogetolk.
Han kjenner korkje vår soge eller skikk
Trur visst at me er ein kongeleg republikk.

Bergen har fått sitt bybanespetakkel,
dei vert ikkje samd kvar bana skal gå.
full krig i det politiske tabernakkel,
line i friluft, eller i berget det blå?
Det vert vel ei løysing på saka tilslutt,
og opning med ein pompøs Skansesalutt.

Det er ikkje lett for oss gamle royalistar
når den norske skulen vert nedgradert.
Kongeleg avkom skal verta preseteristar
og privatskule vert då frekventert.
Frå før er rådyre vesker og kjoler in,
no er fiffen sin skule neste trinn.

No er husfreden jamt i fåre.
Det er fotball-VM i Brasil.
Gubben sit inne og riv seg i håret,
medan frua nyter «Cesar» med eit smil.
Skjøner ho ikkje, og vil ho?kje læra,
at fotballen er det viktigaste i verda?
30.06.2014.M-m.