Desemberhymne 2020.

Så går det mot ei avslutning av det annleis året. Det året mange av oss laut stengja oss litt inne, eller litt ute. Korleis vert året som ventar oss? Me veit ikkje, men me voner. på meir sosial kontakt, på kino, konsert eller teaterbesøk, meir kontakt med vener og kjende. Jaja, tida vil vise.
Ein ting som er sikkert er at gamlegubben no vil avslutta dei månedlege hymnene sine. Kanskje kjem det eit årssamandrag av året som no ebbar ut, og kanskje kjem det ein og annan kommentar til aktuelle hendingar om skrivekløa tek overhand. Me får sjå.
Det har vore eit hyggjeleg tiår med mange fine kommentarar til skribleria mine – takk for dei.

Dette siste hymnet kunne sikkert ha femna breiare og tatt opp fleire emne, me har jo fått ein vaksine mot pandemien, og her har alle media meska seg i kjendiseria over alle som får “stikket”, alt frå ministrar til den krokrygga gamle på aldersheimen. Me får ynskja kvarandre lukke til i von om at vaksina vil stagga styggedomen som har råka oss.

Så har han Trygve spurta forbi både Jens og Erna mange stader i landet vårt. Sentraliseringstrugsmål og maktsvekking i distrikta ligg nok litt i botnen her, men me bør kanskje la tanken gli litt innom det faktum at den same Trygve vil ha oss heilt ut or det europeiske samarbeidet – noko å tenkja over kanskje.?

Ei årviss brudulje rundt skule og kyrkje ved juletider er julegudstenestene for skuleelevar. Her får eg seia som han Ludvig i Flåklypa.: Julegudstenester, “Det e’ fali det”.!

Google.

Jaja, her er nokre andre saker gubben har møtt i månaden som gjekk.

GODT NYTT ÅR…

 

Desemberhymne 2020.

Endeleg fekk dei statsbudsjettet i havn,
det vert billegare sukker, øl og snus.
Strømstadturen vert ikkje noko savn,
me kan nyta vår lokalkjøpte billege julebrus.
Ei krone på flaska skal no gjera susen;
og me kan nyta ribba og julebrusen.

Dette måtte vel koma til sist,
no skal me ha GPS i småfiskebåten.
Eg tykkjer det er useieleg trist,
øvrigheita vil overvaka småfiskeflåten.
Vert det til sist ein slik konsekvens
at me ikkje kan lura oss attom nova for å slå lens.

Noreg ramla ned frå pidestallen.
heilt ned til sekstandeplass.
Etter tiår øvst på lukkepallen
ramla prestisjeplassen rett i dass.
Me er ikkje lengre beste landet i verda
miljøavtrykka lyt ned på den vidare ferda.

Juletid og kyrkjestrid, høyrt den før?
Jau, dette er åras store farang.
Juleavslutning i kyrkja, ein god tradisjon,
eller berre ein forelda attraksjon?
Kven bryr seg vel om kvifor me feirer jul
berre jula vert festleg, gåverik og kul!

Etter eit tiår med kommentarar på rim
og gubbe med skrantande inspirasjon,
står ikkje rimorda lenger i stim,
og avslutning er ein rett konklusjon.
No er det over, sluttstrek er satt.
Hymnebloggen kjem neppe att.

 

Takk for meg.
31.12.2020.M-m.

 

Novemberhymne 2020.


hentet fra Google.
Nokon tar han tydeligvis heilt ut mht juledekorasjoner i desse koronatider. Jaja. dei om det.
Litt lys og farge i adventstida livar i alle fall opp i høstmørket.
Til og med borte i kvithuset har dei teke seg råd til 5 – 6 juletre. Ho Melania må ha hatt ei travel tid med all pyntinga.
Hjelp frå gubben har ho i alle fall ikkje fått, oppteken som han er med å underkjenna det faktum at han vart kasta som president. No ser eg at han har fått 1,3 milliardar til å halda fram rettsakkjøret mot valresulrarer. Ja, dei amerikanarane…
Her heime vandrar vel Vedumen med nasa oppe i skyene etter å ha teke att Jonas på meiningsmålingane. Kvar skal dette ende, utafor EØS kanhende ?

Novemberhymne 2020.

November har vore treig for gubben
ordsnikringslysten har vore borte.
Det kjendes som «is i rubben»
og dagane vart alt for korte.
Men no er det dags å få opp farta,
jobben med novemberhymnet kan starta.

Han Jonas klaga på informasjon frå Erna
han sakna koronainfo til stortingssalen.
Men så glimra han med fråvær, AP-stjerna
då Erna møtte med koronatalen.
Jonas laut pleia veljarane i nord
før Trygve heilreinska hans veljarbord.

Eg kan ikkje sleppa koronaen i veg;
for i Bergen vart det stor brudulje
då smittevernlekjaren sa takk for seg
då ho vart henvist til koronaens fotpatrulje.
For mange store i beslutningssekken,
då laut spesialisten ut or «rekken».

I USA har dei vald ny president,
men den gamle vil ikkje forlata trona.
Han vil ikkje godta valet plent,
no sit han i kvithuset og pussar på «fjona».
Ei bølle har han vore og ei bølle vil han bli
yankeen skal takka for at han snart får fri.

Jula kom tidleg dette rare året,
midt i november  kom julestasen fram.
nissar og dverger reiv seg i håret,
men gubben fann fram ein tidleg juledram.
Me trong litt ljos i livet nett no,
i von om at jula ikkje «dett i do».
30.11.2020.M-m.