Kor mange som har tilgang til denne bloggen no som eg delvis er utkasta frå det gode selskap, veit eg ikkje, men til trass for at alle raude lampar lyser prøver eg å få ut eit par innlegg til før eg er tvungen i bloggkne.
Som det går fram av hymnet har det svinga litt i den politiske barnehagen i desember, og stakkars Abid var nok verst ute etter “ørtæva” han fekk frå ho Trine.
Og nissen stakkar, han torer vel snautt opna kjeften etter at dei lærde gjev han skulda for ungane si psykiske helse i kongeriket. Eg fekk ikkje spørsmål om eg har vore snill i år, så eg reknar meg framleis oppegåande i toppetasjen.
Google
Desemberhymne 2018.
«AP er faen ingen søndagsskule»
var meldinga frå Håkon Lie ein gong.
Dette gjeld også dei fromme og gule
no er krigen hjå dei også i gong.
Er søndagsskulelæra gløymt i KrF
etter deira siste landsmøtetreff.
No har ho Trine vore ute med kjeften
og han Abid vart både lei og sjuk.
Ho skjelte han ut på direkten
langt bortafor politisk skikk og bruk.
Nei, då er det betre, det vil eg meine,
å vera Moxnessen på tinget, heilt åleine.
No fins det visst berre snille born,
ikkje ein einaste rakkarunge.
Så tyren lyt takast ved sitt horn
og nissen lyt passa si skarpaste tunge.
Han må ikkje spørja om ungane er snille,
dei kan få traumer, og det kan gå dei ille.
Syng mindre om ljoset i stille grender
Det kan også gje osloborn traumer.
Tenk på kva signal det sender
der kor stilla er berre draumer.
Er ungane vorte så sarte og veike no
at livsrøyndom gjer at dei «dett i do»?
Petter Northug har lagt opp
Han legg skiene sine på hylla.
Ein treningssprengd kropp sa stopp
Men kven skal skistøvlene hans fylla?
Ein stor skientertainer skal ha vår takk,
du sigra oftast medan svensken sprakk.
Gubben lyt visst leggja bloggen på hylla,
No vil dei truleg kasta han ut.
han har korkje banna eller vore på fylla,
var visst ikkje lenger ein lønsam gut.
Kast ulønsame gamle gubbar på «dongjen»,
dei gjev ikkje pengar nok i «pongjen».
31.12.2018.M-m.