Årskavalkade 2019.

 

 

 

 

Det er tid for eit lite årssamandrag att. Som vanleg gav året mykje å velja i, men gubben laut gjera eit kort utval frå sine hymner, og her kjem dei.
Det fyrste som laut kommenterast var at mange av skitoppane våre heldt seg borte frå NM på ski, andre konkurransar gav antakeleg eit meir veldekka premiedbord.
Så var det partikrangel og navnebyte for vårt kjære NSB. Norte Dame brann…
I politikken skapte bompengepartia og dei grøne furore, og me fekk eit skammens år på fleire område.
Året ebba ut med NAV-skandalen, og ikkje minst sjølvmordet til ein fargerik kunstnar:
Resten av gubben sine funderingar gjennon året finn de på bloggen hans.


Google

Januar.
Går idrotten seg no heilt bort,
vert det for mange konkurransar?
Er ikkje NM-gull lenger stort.
Vert det for mange gullkalvdansar?
Me har fått ein ny underhaldningsindustri.
Og tida, sunn lekam i sunn sjel er forbi.

Februar.
Me-too-Trond vil no innatt i varmen,
men Jonas får truleg pes for det.
Knut Arild står rådlaus i dørkarmen
I Krf vert visst ingen borgarfred.
Nokon i venstre vil kasta ho Trine.
Ho slit nok med tillit frå veljarane sine.

Mars.
Gratulera med navnebytet NSB,
Her har de treft midt i blinken.
Kven i alle dagar fann på det,
var heile styret for hard på drinken.
Kva i alle dagar skal Vy  bety?
Det er så dumt at ein kunne spy.

April.
Å sjå Notre Dame i eit flammehav
var eit utruleg og sørgjeleg «skue».
Ein kristen verdsarv fall mest i grav,
Kan tenkte ho då, Vår Frue?
Anten ein er truande eller ateist
var dette gripande og useieleg trist.

Mai.
Rundt Bergen vert bompengekorta stokka,
bomstasjonar vert bygd og flytte.
Politikarar snik rundt på silkesokkar,
motstandarar står med nevane knytte.
Motstanden seier no at «Nok er nok»,
og spår snarleg politisk ragnarok.

Juni.
Snåvar du skamlaus gjennom dagen,
skjems du slett ikkje over å fly,
eller å putta raudt kjøt i magen?
Du kan visst berre reisa skamlaust med VY.
Eg nektar å skjemmast over biffen i ny og ne,
eg vil reisa og eta min mat i skamlaus fred.

Juli.
Jaggu kom sumaren omsider,
med tropevarme og brennheit sol.
For gubben vart det litt varmt til tider,
men godveret fekk han ut or sin stol.
Klag ikkje på ei og anna tropenatt.
Ver trygg, vestlandsveret er fort over oss att.

August.
No skal det verta sengehalmkommers
for Viagraen skal sleppast laus.
Gamle gubbar, de skal no «til pers»,
heite sengjer der dei tidlegare fraus.
Vin til middag og Viagra til natta.
ei gladsak gamlingen snautt kunne fatta!

September.
Her heime har det vore kommuneval
etter ein heftig valkampstrid.
Atter var dei gamle og ungane for sal
Dei vert framgravne i valkamptid.
Men ho Lan og han Trym tok siste stikk,
No gjeld visst grønske og bompolitikk.

Oktober.
Trekk i tilskot til tenner og briller,
statsbudsjett si store kranglesak.
Tilskot til sexsikringspiller
og opposisjonen vakna med eit brak.
Regjeringa krangla på kvar sin taburett,
og vips, fekk me årets statsbudsjett.

November.
Er du NAV-ar eller NAV-turist
lyt du passa deg i desse dagar.
Fleire slike har fridomen misst.
Her hjelpte korkje bøner eller klagar.
Rettsvesenet  vårt gjekk seg vill i «lova».
Sjølv høgsterett la seg visst til å sova..

Desember.
Han var ven, kunstnar og fargeklatt,
ein mangslungen, modig person.
Brått mørkna det og vart svartaste natt,
livet stogga på sjølvbygd endestasjon.
Samstemd vert nok hans nekrologi.
«Trist som faen» vart hans sorti.
31.12.2019.M-m.

Desemberhymne 2019.


Trass i krangel om skuleungane skulle gå til kyrkjes før jul, og om me laut eta bønner og stalatblandingar til julemat kom nissen til huset også denne jula, pinnekjøt og nokre gåver vart det også.
At ei frostkløyvd nase fekk prega avisene i julestrida kan ein godt forstå når to, litt tilårskomne karar har ein førjulstur over polhavet. Jaja, nokre andre hendelsar finn de i hymnet.
Så vil eg ynskja dei få bloggvenene eg har att eit godt nyttår, og takk for rosen som kom i gamleåret.

  1. Desemberhymne 2019. 

    To gubber slit med isen i nord;
    beinkalde skrottar og slunkne bord.
    Borne av media siste stykkjet
    letta kanskje einsemdstrykkjet.
    Ei bragd kanskje, men var det krise?
    Trong me nasa hans Børge i dagleg reprise.
     

    Krise var det samstundes litt lenger sør
    ambulanseberedskapen i Finmark blør.
    Der bør du sanneleg ikkje bli sjuk
    for ambulanseflya er ikkje til bruk.
    Kva sak er viktigast for media å avduke?
    Iskalde gubbar eller livstrugande sjuke.
     

    Sentralisering er noko styggedom,
    det meiner eit av våre største parti.
    Er det ikkje då ein «skivebom»
    å nett kalla seg senterparti.
    Sjølv om det er eit stort paradoks
    er nok desentraliseringsideologien i boks.

    Julestridene er over oss att,
    «skulegudsteneste» og julemat bør bort.
    Unge venstre tek «skulegudstenesta» fatt;
    skuleborn lyt vernast mot julebodskapen fort.
    Skal jula berre verta fjas og «kommers»
    er eg redd ho snart syng på siste vers.


    Men utruleg, trass i krangel, stress og kav
    vart det julekveld i landet til sist.
    Frå å striro på eit reklamebomba hav
    kom freden du trudde du hadde misst.
    Då sølvgutar og ribbelukt seig inn i stova
    slapp freden inn, og julestrida fekk sova.

     


Google

PS.

Han var ven, kunstnar og fargeklatt,
ein mangslungen, modig person.
Brått mørkna det og vart svartaste natt,
livet stogga på sjølvbygd endestasjon.
Samstemd vert nok hans nekrologi.
«Trist som faen» vart hans sorti.
31.12.2019.M-m.

Novemberhymne 2019


Gubben har inntatt ferieposituren. Venner i bakgrunnen.

Det er tid for nytt hymne, novemberhymnet. Det er nok å ta av denne månaden også.
Det siste eg las var at på skulen i Seljord skal ikkje elevane bruka ordet julemat, her er det tradisjonsmat som gjeld. Kor langt skal galskapen gå ?  Eg berre spør. Skal me snart skamma oss over jula også i desse skamlause tider?
Elles har denne brannfansen snart heile sesongen vore vonbråten over dei dårlege prestasjonane til favorittlaget Brann som toppa seg med eit braktap denne helga.
Gubben kjenner at vinterdepresjonen ligg og lurer. Kanskje han må ta ein ny skamlaus flytur til sol og varme snart for å dempa dei verste symproma – ja, dersom NAV tillet det då!
Her er i alle høve nokre av sakene gubbe ikkje skammar seg over å harsellera litt med.:

  1. November 2019.
    Så greidde han å drita seg ut
    sjølvaste sjefen for PST.
    Ulovleg våpen hjå den øvste fut,
    at det går an, eg skjøner ikkje det.
    Han bør nok finna noko anna å gjera
    som ikkje kjenner ansvaret han skal bera.

    Er du NAV-ar eller NAV-turist
    lyt du passa deg i desse dagar.
    Fleire slike har fridomen misst.
    Her hjelpte korkje bøner eller klagar.
    Rettsvesenet vårt gjekk seg vill i «lova».
    Sjølv høgsterett la seg visst til å sova..

    Har du høyrt om UiB’s julebord i år,
    Der vert servert vegetar og fisk.
    Altså korkje svineribbe eller får,
    for kjøt er bannlyst på bord og brisk.
    Har verkjeleg kjøtskamma vorte så stor
    at me kastar ut vårt tradisjonsrike julebord?

    Miljøhovudsraden legg stein i gata,
    Grynerløkka skal no pyntast opp.
    Norsk stein er visst «non grata»,
    kinesisk gatestein vart meir pop.
    Rundt halve kloden skal steinen fraktast
    medan biltrafikken i byen skal slaktast.

    Er du lei av å vera direktør;
    for mykje ansvar, kritikk og mas?
    Sørg for at lommeboka ikkje blør,
    kvar finn du så det grønaste gras?
    Få deg ein rådgjevarjobb i nye VY,
    og du er framleis på lønstoppens aveny.

    Frua og gubben har vore på tur,
    denne gongen til sol og varme.
    Giktbrotne skrottar fekk ein kur.
    Jau, haustturen har sin sjarme.
    Skamlause tok me fly ned til sola,
    seglbåten vart for treg for han Ola.

    30.11.2019.M-m.

Oktoberhymne 2019.

Ja, så lakkar det mot månadsskifte att og oktober har hatt sine ljose augneblink. Sjamanen har prøvd å innprenta oss at kontakt med ånder kan vøla på mange skavankar. Så skal tilskot til briller og tannregulering reduseras medan lauslivnad og sikker sex skal koma på blå resept. Køyr på folkens.
Dei siste dagane har så NAV fått seg ein på snuten, dei greier visst ikkje å tolke lovene rett. Inkompetanse kallar me det på godt norsk, eller har me fått for mange lover å forhalda oss til?
Så har Hareiden fått ein til å skriva bok for seg. Det svei nok å lida nederlag dette året, så nå laut syndebukkane fram i ljoset. Slik kan det gå når “man ikke beregner sitt publikum”, meiner no gubben.
Elles fins nokre andre episodar beskrivne i hymnet nedanfor.

Google. Stasbriller og tannregulering lyt du finansiera sjølv.

Oktoberhymne 2019.

Skal du ha usikker sex så berre køyr på
for tryggleik får du på «blå» resept .
Staten bidreg til «store stå»,
fylg berre helseministeren sitt konsept.
Driftene våre skal finansierast av staten,
så slutt no å klaga på helseetaten.

Som om ikkje dette var nok
så har «sjamanen» skrive ei bok.
Den gjev vitskapen store sjokk;
Gamalkallen her sit og skjelv i si brok.
Ein lyt tala med åndene og med milten
skal finna vøle for kreften og pilten.

Trekk i tilskot til tenner og briller,
statsbudsjett si store kranglesak.
Tilskot til sexsikringspiller
og opposisjonen vakna med eit brak.
Regjeringa krangla på kvar sin taburett,
og vips, fekk me årets statsbudsjett.

Jula er endeleg over oss att
med kakemenn og julebrus i butikken.
No tek me julebrosjyrene fatt
me må ikkje gløyma pinnekjøtskikken.
Så no skal me julestressa i månader tre,
Eg tryglar, kan me snart få ha jula i fred.

Skamlaus kjøtetar, det er mannen.
BT har nett no funne det ut.
På tide å miljømerka hannen.
Han er visst ingen berekraftig stut.
Det er ikkje berre lammekjøtet han er etter
når han alle lystene sine metter.

Bergens byråd har lagt ut sitt program
Bilar , kjøt og parkering  vert no fy.
Eg kjenner eg treng ein dugeleg dram
for no vil dei visst stengja vår vakre by.
Vert det ikkje ende på miljøvernkaoset
er vona at sistemann ut sløkkjer ljoset.
31.10.2019.M-m.

Septemberhymne 2019.


Ikke enkelt med fokusering på selfien i Bernkastel,

Mange slags kjøretøy på elva.

Underlig matching av motiv.

Jeg sliter med teksten i dag, får ikke bort understrekingen, men gamle gubber og datamaskiner matcher ikke alltid. Måneden har ellers bydd på litt av hvert av utfordringer, spesielt for politikerne våre. At den sterke fokuseringen på gratis skolemat og SFO skulle svinne hen i årets bergensbudsjett er vel mer en bekreftelse på valgbløffene enn realpolitikk. Og så Lan stakkar som ser ut til å ha glemt at politikk er mer enn bompenger. Det omfatter også ansvar for at etatene driver etter lovverkket. Ref renovasjonsvesenets nesten 1000 brudd på arbeidsmiljøloven i Oslo hittil i år. Jaja noen andre saker finner dere i hymnet.


Septemberhymne 2019.

Rotar du rundt etter ein EL-billadestasjon
medan batteriet peikar  ned mot null?
Trur du då at Vegvesenet gjev informasjon?
Nei, EL-vegskilt meiner dei er noko tull.
Slik kan den øvste kongen på «hauen»,
lata El-bilisten lida rekkeviddedauden.

Gubben og frua har vore på reis
til Mosel og Rhinen med Lorelei.
med fullstappa kuffert og feriesveis,
på vinelskarane sin pilgrimsvei.
Borte frå regn og storm og haust
til heimlandet åt Goethe, Heine og Faust.

Her heime har det vore kommuneval
etter ein heftig valkampstrid.
Atter var dei gamle og ungane for sal
Dei vert framgravne i valkamptid.
Men ho Lan og han Trym tok siste stikk,
No gjeld visst grønske og bompolitikk.

Valkampkrangel var visst ikkje nok,
no slest den politiske barnehagen,
som ein ustyrleg småungeflokk,
vil regjeringa overleva neste dagen?
Politikken har kome heilt i skuggen.
Med ordkrangel slit dei kvarandre i luggen.

I år var valkampens feite fleskefett;
gratis SFO og skulemat.
men kor vart feittet på årets vbudsjett
for tom står framleis elevens fat.
Er lov og lyg ein del av politikken
for sidan å setja veljaren i stikken?

Ho Erna slit med sprikande staur,
for no brunbeiser han Radja Frp.
Siv stikk, sint som ein pissemaur.
Det kan ikkje verta anna enn ufred av det
Ho Erna bør seia.: «Belit dokker no,
elles faller regjeringsprosjektet mitt i do».

Han Jonas sit still og sleikjer sine sår
etter eit begredeleg kommuneval.
Bompengar og grønt gav dårlege kår.
Lyt han snart svelja den beiske gral?
Eg trur at han Giske  legg planer og lurer
medan han Jonas sit på kontoret og sturer.
30.09.2019.M-m.

 

Augusthymne 2019.


Foto.: Andrea.
Gubben på krabbefiske med ei tom teine i båten. Han får trøysta seg med at dette ikkje var heile augustfangsten.
Elles har august bydd på ymse krumsprang politisk som i livet ellers.
Mest merksemd har vel alle bompengeprotestane hatt, der det nesten førde til at ho Erna laut gå, men ho tok fram pisken og regjeringa snåvar vidare, enn så lenge.
I serien, møte seg sjølv i døra, har vel Jonas slite litt. Han som frontar nedleggjing at private omsorgstenester har sjølv investert i slike. Det er ikkje greitt å vera kapitalist.
Månadens gladsak i sengehalmen lyt vera at no skal Viagraen kunna seljast fritt. Eg seier ikkje meir.
På tampen ser eg at fylkesmannen har sagt nei til vindturbinstraum på ei fjellhytte på Hardangervidda, der den har stått i 12 – 15 år. Det var visst betre med eit dieselaggregat. Jaja.
——————————————————————————————————————————————————-

Augusthymne 2019.

No vedtek kommunane klimakrise
det gjeld å visa at dei fylgjer med.
Men akk, så gløymde dei å vise
kva tiltak som skulle bøta på det.
Der er flaut å vera høg og mørk
når klimainnsatsen heng til tørk.

Me har og hatt den årlege arendalsveke.
Politisk verkstad i eit framtidperspektiv.
Her skulle lukast bort ugras og kveke
men trur du me unngjekk krangel og kiv.
Nei,  nidvisene kom fort ut or hiet
tonesett av det nye bompengepartiet.

Ein evigvarande bompengekommers
kor Siv er komen heilt i klemma.
Syng regjeringa på siste vers,
eller slepp dei den leie bompengeblemma?
Det kan vera lurt å lyda på folket si meining,
om ein vil halda seg unna politisk steining.

Etter vekevis  med krangel og kiv,
laut «mor Noreg» stramma inn taumen.
Ho kom med fylgjande alternativ,
anten einig eller ut or regjeringsdraumen.
Surmulande laut dei gje seg for makta
for å behalda den «blågulgrøne» pakta.

Jonas har snåva i fonda sine
og investert i ein «velferdsprofitør».
Litt flaut med alvorsam ideologisk mine,
samstundes å jaga «profitøren» på dør.
Ikkje enkelt å vera sosialist
når ein samstundes er kapitalist.

No skal det verta sengehalmkommers
for Viagraen skal sleppast laus.
Gamle gubbar, de skal no «til pers»,
heite sengjer der dei tidlegare fraus.
Vin til middag og Viagra til natta.
ei gladsak gamlingen snautt kunne fatta!
31.08.2019.M-m.

Jylihymne 2019.


Google

Juli er vår store feriemånad og det ber nok hymnet mitt preg av også. Får satsa på at inspirasjonen sler inn i hovudet i august då valflesket skal delast ut. Eg gler meg allereide. forresten tykkjer eg at forballjentene våre gjorde det flott under forball-VM, All ære til dei og skam til Mini Jacobsen som ikkje tykkjer at dei er verd ei god løn. Då er det vel på¨tide å spørje kva tid testosterongalleriet (mennene) var i eit sluttspel sist, EM, OL eller VM.
God ferie og restsumar!

Julihymne 2019.

Fotball-VM er no slutt,
denne gongen var det for kvinner.
Noreg spelte med innsats og futt,
men USA vart den suverene vinner.
Kvinnefotball fengjer ikkje, var Minis konklusjon.
Det er ei stund sidan han var «luftens baron».

Ripe i lakken for bommotstandsgeneralen,
han skal vera ein olm og ubehøvla mann.
Me må ikkje gløyma om mannen er galen
lyt me for saka fast halda stand.
Me må ikkje døma sak for person.
Hugs, ikkje ein einaste ny bomstasjon.

Det er atter strid om vegar her vest,
pengemangel utset no fleire prosjekt.
Der langt mellom kvar snorklippingsfest,
for fyrst lyt vegbehova i aust verta dekt.
Reis deg vestlending, gå til aksjonar.
meir veg og langt ferre bomstasjonar.

Tobakken er bortgøymt og nøytralisert,
sikkert ein god ting for helsa vår.
Men no vil dei også ha vinflaska kamuflert,
og ølhundane skal få trengre kår.
Me skal vernast frå nytinga og synda,
og metoden er å verta overformynda.

Jaggu kom sumaren omsider,
med tropevarme og brennheit sol.
For gubben vart det litt varmt til tider,
men godveret fekk han ut or sin stol.
Men ikkje klag på ei og anna tropenatt.
Ver trygg, vestlandsveret er fort over oss att.
31.07.2019.M-m.

Junihymne 2019.

Det har skorta litt på inspirasjonen den siste tida så dette vert kanhende siste hymnet frå gubben, dersom ikkje sumarvarmen skulle koma og lunka opp toppetasjen litt.

No vil dei selja øl på bensinstassjonane, og det aukar fort temperaturen i øldebatten, det kan trengast den kalde sumaren me har her vestpå – fylg med!
Så står det visst kamel på menyen dagleg i regjeringa denne våren, og han lyt etast både medhårs som mothårs. Er det ikkje abortdebatt så lyt Frp mest dagleg svelja bompengekamelar. Jaja, bonne apetitte, seier eg.
Av andre saker har me denne månaden fått mykje å skamma oss over. Flyging, plast og kjøt i alle fasongar må du halda deg skamlaus unna. Mitt mantra til det er moderasjon og omtanke, ikkje skam…
Vel, de finn kanhende eit par andre saker i hymnet mitt. God lesing og god sumar.

Junihymne 2019.

Så er det sumar og øldebatt
Bensinstasjonane vil no selja øl.
Ølflaske mellom knea og bak eit ratt;
det endar fort utfor vegen i ein pøl.
Ein pils når du lader EL-bilen din,
Fy, tanken må ikkje renna deg inn.

Kva gjer du om du er kåt på makt,
Jau, då kan du gjera som ho Erna.
Inngå ei bindane regjeringspakt
som opposisjonen ikkje kan fjerna.
Om du lyt seia ja til det du før vart mot
er du framleis regjeringspilot.

Frå ni til førtini direktører!
Ikkje rart dei laut skifta navn.
Vert alt no bra med så mange aktører?
Me ventar at dei får fyrste kontrakt i hamn.
Tapte kontraktar og slakting av navnet NSB,
ikkje rart det vert feite bonusar av det!

Ein ny lønnsadel veks også fram
med statsrådsløna bompengedirektører.
Flyreiser og julebord med vin og dram.
Treng me slike pengekåte aktører?
Og me fossilbilistar lyt betala for festen.
Vart det noko att til vegbyggjing forresten?

Me har hatt ei vasskandale i bygda vår,
Over to tusen forgifta av kommunen sitt vatn.
Når hjorten oppe på vasskjelda går
og der legg frå seg avføringsklatten.
Når kommunen ikkje vedlikeheld som dei bør
vert det askøyfolket si lommebok som blør.

Snåvar du skamlaus gjennom dagen,
skjems du slett ikkje over å fly,
eller å putta raudt kjøt i magen?
Du kan visst berre reisa skamlaust med VY.
Eg nektar å skjemmast over biffen i ny og ne,
eg vil reisa og eta min mat i skamlaus fred.
30.06.2019.M-m.


 

Maihymne 2019.


Google.

Dette er visst månaden me skal skamma oss, for å fyka, for å diesla, for å eta kjøt eller å plasta. Javel, men eg eg skammar meg ikkje over kjøttkakene i ny og ne, heller ikkje over grillbiffen nokre gonger om sumaren. At eg tek ein flytur til syden ein eller to gonger for året er visst for ingenting å rekna når no FN seier at all klesproduksjonen forureinar meir en all fly – og – biltrafikk tilsaman.
Elefanten i rommet som ingen snakkar om er kanskje at me etterkvart vert alt for mange menneskje på denne kloden. Har jorda berekraft for alle – eg berre spør.
Kanskje sjamanen kan gje oss svar, Fylg med, fylg med.
Elles viser eg til fleire emne i hymnet mitt.

Maihymne 2019.

No er ho Sylvi i manesjen att,
og då vert det spanande tider.
Ho og Knut Arild vart hund og katt,
dama har sine utfordrande sider.
Erna bør halda stram dressur
helst burde Sylvi hatt tunga i bur.

Kom mai du skjønne milde
bør no helst skrivast om.
Me fekk eit snø – og vintergilde
då den ekte maidagen kom.
Men varmare sol kjem snart om åsen,
så kua kan snart sleppast ut or båsen.

Så har Moxnesen vore på farta,
ordet kommunisme skulle ut or raudt.
Motstanden voks då årsmøtet starta,
og framlegget vart snart lagt daudt.
Med Marx og Lenin som leiarstjerne
blenkjer revolusjonen enno i det fjerne.

Rundt Bergen vert bompengekorta stokka,
bomstasjonar vert bygd og flytte.
Politikarar snik rundt på silkesokkar,
motstandarar står med nevane knytte.
Motstanden seier no at «Nok er nok»,
og spår snarleg politisk ragnarok.

Bompengesjauen lyt få enno eit vers,
for no er politikarane slegne av panikken.
Makan til fossroing og politisk kommers,
no vil dei ut av bompengebutikken.
Når ein ikkje vil lytta til mannen i gata
vert ein fort «politikar non grata».

Fyrst var hestesporten «in»,
ein grei aktivitet på bygdøyfarmen.
Så vart engledyrking åndeleg medisin,
og endeleg kom fann ho sjamanen.
Kva vert det neste kongelege sprell,
Det kjem kanskje i dagsrevyen i kveld.

Dette er også månaden for skam,
skam for kjøt, diesel, fly og plast.
Men skal miljøkjensla mi vinna fram,
må dei ikkje gjera livet mitt til ei last.
Verna miljøet vil dikkert dei fleste,
men gjer oss ikkje skamfulle for det meste.
31.05.2019.M-m.

 

Aprilhymne 2019.

Google

Den politiske delen av april var partilandsmøter, litt reiseregningsfusk. Så fekk me det årlege flystreiksirkuset. Dette året var det SAS sin tur.
Men for gubben vart brannkatastrofen i Notre Dame i Paris eit trist høgdepunkt. Etter å ha køyrt frammom denne majestetiske kyrkja neste dagleg over eit halvt år kjendes ei slags sorg når detten hende.
Etter all elenda var det godt å oppleva ein eksellent tidlegvår, som fortenter eit eige kapittel i aprilhymnet.

500. Aprilhymne 2019.
Skal du ut på tur, ver aldri sur,
kven kan betala hytteturen din.
Er du folkevald eller noko  i den dur,
lat skattebetalarane svi på pungen sin.
Ei reise frå eller til, kva gjer no det
berre di eiga lommebok får fred.

Jonas har hatt møte med flokken sin,
der la dei planar om å jaga ho Erna.
Dei prøver å setja lokkematen inn,
men greier dei dama å fjerna?
Ikkje så greitt når flokken kranglar.
Er det ei leiarstjerne dei manglar?

Å sjå Notre Dame i eit flammehav
var eit utruleg og sørgjeleg «skue».
Ein kristen verdsarv fall mest i grav,
Kan tenkte ho då, Vår Frue?
Anten ein er truande eller ateist
var dette gripande og useieleg trist.

Så er vårens syrgjesong igong,
for lite fritid og for lita løn.
Det er SAS-pilotane sin song,
for passasjerane er det inga bøn.
Millionløner må det nok til
om du skal verta kuska der du vil.

Ei draumepåske er no slutt,
sol og finvær i bøtter og spann.
Helga fortente ein godverssalutt,
eg tenkte snautt at det kunne gå an.
Anten me var på sjø eller fjell
kom me solbrune heim, annandags kveld.
10.04.2019. M-m.