Augusthymne 2020.


Google.
Det kom illevarslande meldingar frå leverandører av juleribba om at vi i år må vera tidleg ute med innkjøpa då det kan verta mangel på for til juleakevitten. Kanskje me må satsa på at talet på vegetarianarar aukar såpass at me unngår den verste krisa.
Elles har nokre av partia våre hatt annsame tider denne månaden. Venstre skal no velja ny sjef og der har opptil fleire kandidatar meld seg til teneste. Der har visst ho Guri vunne fram, men det står att å sjå kva landsmøtet finn på, og når det gjeld venstre kan mange vindar snu.
AP har også hatt årsmøte iTrøndelag og der har dei diskutert ukultur, ikkje politikk – sikkert vetigt å ta den debatten. Gamle kongar sto for fall og ei ny dronning vart født. Måtte dei lukkast.
Elles er vel den tyske studenten no velnøgd med at me må slutte med å såra tyskarane med å minna dei om strandhogga dei gjorde på kysten vår i 1940-åra.

Augusthymne 2020.

Fornærma vart han den tyske student
påmint om tidlegare tysk visitt.
UiB vil tukta professor og dosent,
det er då 75 år sidan landet vart nazifritt.
Studenten fekk titusen for tort og svie;
Me nordmennn må visst om okkupasjonen «tie».

 

For tida fer han Radja og hoppar og sprett,
han har hoppa rett ut or tenkjeskåpet.
Han vil verta partileidar, rett og slett,
og stakkars Rotevatn, mister han håpet?
Men jaggu skal han Abid hoppa høgt i sky
om han skal få venstre opp å fly.

Har Jonas gjeve opp statsministerkampen,
no som han vil passa kattane hennar Trine?
Nei, no lyt han sanneleg få opp dampen
og la Trine sjølv stelle husdyra sine.
Han må sjå til å få orden på «det norske hus»,
og ikkje springe rundt og leike «katt og mus».

Me skal ha ny sjef for pengebingen vår.
Noregs Bank skulle finna rette kandidaten
Men tilsetjinga gav banksjefen gråe hår;
den vart underkjend av den politiske staten.
Banksjefen fekk Storting og regjering på nakken.
Men oljefondssjefen let han behalda krakkjen.

Så er julestria endeleg i gong.
I år er ikkje ribbeproduksjonen noko tess.
Pressa spår ein mager ribbesesong
så julefleskmangel kan verta stress.
Det er alltid noko som manglar til jula,
men englane kjem nok fram frå «skjula».
31.08.2020.M-m.

 

4 kommentarer
    1. Satser på å få tak i litt ribbe til jul, trenger ikke mye men en smak i allefall…hehe.. Fengende og fin Augusthymne.. dette kan du… Ha en fin dag videre 🙂

    2. Jeg får holde meg til pinnekjøttet, hehe. Takk for fin kommentar, men jeg føler at det har gått litt tregere med hymnene i det siste. Det er vel alderen som bremser inspirasjonen litt. Men så finnes så mye som frister til kommentar rundt oss, så det blir vel en råd for nye hymner med tid og stunder. Ha en fin dag østpå. Her i vest er det sol og lyse utsikter.

    3. Kvadet spenner som vanleg både vidt og breitt, både fortid notid og framtid kjem med. Kva er det tyskaren får pengar for; at me ikkje ville vera med i tusenårsriket? Nei, då har eg meir sans for trønderdamene som tek roret i politikken, det kan ikkje bli verre enn det var. Så har du fått med deg at det går mot jul, og dermed er det snart slutt på det søt liv for grisen. Då har eg fått nok tankegods for resten av veka.
      Det var godt å få denne stunda med kvadet.

      1. Akk, ja Pedro. Gamle synder med ungjenter må halvgamle grisar halda seg unna. Eg er glad eg er utgamal og utilrekneleg.
        Nei, det er vel best å gjera som sogndalspresten, å halda kvinnfolka på god avstand frå sakrisitet.
        Elles lakkar det på sumaren, men det same kan visst ikkje seiast om koronaen, så det vert vel mykje innesitjing og spritbruk denne hausten også. Nei, eg likte betre den spriten me handla på Place d’Italie i “hina hårda dagar”.
        Ha ei fortsett fin ettersumar.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg