Hol i hovudet, eller berre hol?


Stole frå Bergens Tidende. (orsak tjuveriet).
 

Det måtte koma ein gong. Fullt brukande dieselbilar vert no hogde opp ved overgong til EL-bil. Ein offentleg etat i Bergen sender no sine dieselbilar til skroting når dei kjøper nye EL-bilar.
Me er vel alle no etter kvart klår over at EL-bilen meir og meir tek over etter fossilbilane, men er det verkjeleg tanken, og er det bærekraftig å skrote dieselbilen medan han framleis er i god og kjørbar stand. Politikarar og byråkratar gjer sitt beste for å få bort fossilbilane. Avgifter, bompengar og køyrerestriksjonar  er deira verkemiddel til det. Men ærleg tala. det kan ikkje vera meining i å skrota gode bilar før dei har nådd sin tekniske levealder.
Kvar vert det av miljøgevinsten når det lyt produserast fleire EL-bilar for å erstatta dei for tidleg kondemnerte dieselbilane? Å produsera EL-bilen er minst like miljøbelastande som å produsera fossilbilen, og kva med avhending av bilen, gjenbruk/destruksjon av batteri. Mykje står att å avklara mht miljøfottrykket EL-bilen kjem til å sitja.
Ein ting vil eg i alle fall hevda. Å skrota bilar som er fullt kjørbare, og som held seg innafor rammene som er sett for miljøfotavtrykk, kan umuleg vera god miljøpolitikk. 

America first!


Tegning.: Magnus

Ja den Trump.

Eg har all mi tid, på ein eller annan måte, hatt det føre meg at Amerika er eit stort land og at amerikanarar har vore, og er særs dugande folk, både innanfor forsking, industri, økonomi, forsvar.
Ja, innafor det siste feltet har dei vore gode støttespelarar for, og berga Europa frå store katastrofer. Dei har på mange vis agert som eit verdspoliti og prøvd å gå inn i det dei definerer som vrangstyrte statar med leidarar og ismer dei ikkje liker. Kampen mot  “The Evil” og «The Rocketman» er døme på det.
Men no har dei fått konkurranse. I syriakonflikta konkurrerer dei med russarar, i økonomisk politikk seglar Kina opp som verdsleiarar og industrien rundt i verda greier også å laga brukande bilar og fly no.
Eg føler at amerikanarane no er litt på vikande front på fleire område, dei har ikkje den same definisjonsmakta lenger.
Men, det var før Trump. Likevel, eg trur ikkje at hans store slagord «America first» skremer vatnet av mange, og hans innreiseforbod for folk han ikkje liker endrar vel ikkje maktjamvekta i verda, i alle fall ikkje til amerikansk føremun.
Det har han vel innsett sjølv også. Difor ser han seg no nøydd til å gå litt meir konkret til verks når det gjeld maktordningane i verda så no flyttar han Israels hovudstad frå Tel Aviv til Jerusalem ved å flytta ambassaden sin dit , det har vel sjølv vårherre ingenting imot. Det står att å sjå kva nabolanda og verda seier.
Men dette stuntet til Trump får meg til å lura på om eg ikkje skulle ta kontakt med kvithuset og spørja om ham ikkje kunne hjelpa oss vestlendingar å få flytta hovudstaden frå Oslo til Bergen att, for det er nokon som vil ha det til at det var slik i gamletida.
Men har verda i grunnen bruk for denne Trumpiaden med hersketeknisk twitring, pressehets, store ord og fleskefeitt mot statar, befolkningsgrupper og enkeltpersoner? Ville ikkje verda kunne ha vore ein betre stad å vera om me brydde oss meir om dei næraste, enn å bruka kaloriar på konspirasjon og krangel med heile omverda? Eg berre spør.
06.12.2017.M-m.

Kor lenge skal galskapen få rå?


Google

I fjor var det valkamp og val på ny hovding «over there». Eit av hovdingemnene var oveleg storkjefta. Han skulle reversera alle dei viktige reformene forgjengaren hadde innført. I tillegg ville han stengja grensene mot Mexico, kutta banda til NATO, kasta gamle handelsavtalar på skrothaugen, og så skulle «over-there-landet» verta størst att.
Vel, han vart den nye hovdingen og sette straks igong med å innfri lovnadene sine.
Kva hende. Jau, han stonga hovudet i veggen med ein gong.
Fekk ikkje gravlagd Obama-care.
Grensenegjerdene mot Mexico er framleies i det blå,
og NATO er inne i varmen att.
Kva gjer ein storkjefta hentesveisoperatør då?
Jau, han vender kjeften mot utlandet, fyrst mot Nordkorea og krydrar retorikken med millitærøvingar utafor stoveglaset til «babyface» som i lange tider har nappa dei i pelsen «over there».
Denne, på si side let seg ikkje draga etter nasehåra, og han svarar straks med å fyra av rakettar med helsing om at han ser fram til å landa dei i hagen til hovdingen. Så krydrar han det heile med nokre drustelege atomsmell.
No har hovdingen også vendt seg mot eit anna land som han har ei avtale med og forkynt at den avtalen kan dei kasta på bålet, og kva gjer så presteskapet i det landet. Jau dei svarar med åfyra av ein rakett som rekk godt fram til ein av hovdingvenene, og då har me det vel gåande også der.
Men alt dette godtfolk, er alvorlege greier, og eg kjenner meg ikkje sikker på at vetige krefter elles i verda greier å roa ned desse galningane. Diplomati har visst vorte eit framadord i dei krinsane.
Om ikkje verda greier å roa ned potensen til desse krigshissarane kan me frykta eit ragnarokk som verda ikkje har sett før. La oss vona at vetet vinn over galskapen til sist, at diplomatiet får koma på banen, og at verda kan verta spard for slike styrlause hovdingar i framtida.

Google

Valg 2017


Dagens høstbilde.

Valg 2017.
Stortingsvalet er endelig over
og Erna står øvst på pallen.
Jonas fekk ingen velgjargåver,
dårlig stemning i vandrehallen.

I Bergen rota dei det til
Her laut gatene asfalterast.
til sykkel-VM?s løypeprofil.
Stemmeteljing kunne ikkje prioriterast.

Så står dei der, i TV-ruta.
medan nokon sleikjer sine sår
etter at nokon forliste skuta,
smiler andre der dei står.

Jonas stakkar har det ille
draumen hans slokna i natt.
Veljarane var ikkje særleg snille,
til statsministerstolen vert vegen bratt.

Audun og Trygve gliste rått,
dei hadde vore på stemmerov.
Stemmer frå Jonas hadde dei fått
Vart han rana medan han sov?

Dei lova å verta plage og pest
for ho Erna dei neste år.
Nei, ho får heller ingen styringsfest
med dei som ved sida hennar står.

Han Knut er heilt forvirra,
han er heilt nede i spagaten.
Til kva for side skal han stirra,
raudpølse eller blåmugg på maten?

Ho Trine er klar for ministerpost,
no vil ho ha ei hand på rattet.
Men det kan verta fattigmannskost
med luskande Siv i regjeringskrattet.

Det vert nok spanande fire år,
greier ho Erna å styre skuta?
Når fleirfarga pålar i vegen står
lyt ho kanskje ryggen luta?

Eg vil ynskja henne lukke til,
for ho er både dyktig og glatt.
Ho har ein mild og folkeleg stil
men heldt det ei kald vinternatt?
13.09.2017.M-m.

 

Valomat – hurra!

Dette er ei åtvaring til dei som ikkje tykkjer at eit skråblikk på politiske valutspel er OK. Ikke les vidare!

Google.

No som gubben har fått med seg over halve valkampen kan det vera på sin plass å gjera ei lita oppsummering av inntrykka han har fått så langt.
Det starta med pilgrimvandring og kulturdebatt. Her tok ho Linda staven fatt og for over fjellet til Nidaros, samstundes som ho ba om vern av den norske kulturen. Svaret kom fort frå den andre sida då me brått såg ho Hadia sitja på Trollpikken og ropa ut norske verdiar som ho hevda at dei blå-blå no står i ferd med å øydeleggja.
Jonas, på si side spelar ein revyvideo og ropar skatt – skatt – skatt.
Han Audun vil no ha bort alle dei som hjelpte Kristin for 8 – 10 år sidan då ho lova å gå frå minsiterposten om ikkje alle ungar fekk barnehageplass i hennar valperiode. Dei private berga henne, men no skal Audun ha dei bort. Profitørar, kallar han dei.
Han Trygve ropar berre fy til sentralisering, og ser “fanden i sekken” til eikvar reform regjeringa innfører. Dessutan gliser han rått og svarar notorisk på alle andre spørsmål enn dei som vert stilt han.
Rasmus hipsar på okslene og lovar å tilsetja 200.000 nordmenn på NAV innan 15 år då oljekranene skal stengjast. Kvar dei 200.000 som misser jobbane sine elles skal finna arbeid har han visst enno ikkje funne ut.
Knut Arild stakkar,vart visst så sjokkskada då ho Sylvi skulda han å sleikja imanane op etter ryggen at han har mist både munn og mæle. I alle høve har han rota det litt til når han vert spurd om kva regjering han vil støtta etter valet.
Så har vi ho Trine som ligg og vakar i sperregrensa.  No har ho fått seg EL-bil som ho suser fram med, land og strand. Eg undrar om det kan vera for å spara pengar i alle bompengeprosjekta til han Kjetil.
Eg undres om ho Sylvi har teke kommandoen i Frp. Ho har slengt om seg med så kvass retorikk at sjølv svenskane vågar ikkje å møta henne. Nei, no må du på banen Siv.
Så har me ho Erna, den nye landsmodera. Ho vert piska med skatteretorikk av han Jonas, og vil framleis ha meir skattelette. Ho skryt av at gubben har fått kr 7000,- i lette under hennar styre, men sjølv har han berre inneverande år fått kompensert det med 5000,- i eigendomsskatt i tillegg til kr 4000,- i auka bompengar! Slå den!
Eg har ikkje nevnt Moksnessen, men der er det nei til mykje og mangt.
Rett nok er han gamal, og hovudet er fullt av like mykje rot som ei gjennomsnittleg handveske, men sanneleg hjelper ikkje politikarane han å rydda opp i villfaringane sine heller.
Er det rart gubben er forvirra?

Men her fins alltid hjelp å få, og no har han funne tre valomatar som skal hjelpa han å stemme etter si overtyding.
Den fyrste, NRK sin valomat rådde han til å stemme raudt. For å vera sikker i si sak tok han testen ein gong til (Han svarde kanhende ærligare den gongen). Då vart det blått.
I dag var han innom ein annan valomat, då kom ho Trine glisande.
Nei, når til og med valomatane ikkje kan hjelpa, då er det sanneleg godt at gubben allereide har førehandsstemt!
Godt val!

 

Om parisavtale og sånn…


Siste uken har media vært fylt av skjebnen til parisavtalen etter det trumpske mageplasket ved å si nei til den.

BT har publisert noen uttalelser fra noen av aktørene som tydeligvis mener at de har sett miljølyset.

Trump skal ha sagt.:
“Som en som bryr seg dypt om miljøet, slik jeg gjør, kan jeg ikke støtte en avtale som straffer USA”.
Jeg seier.: La ham grave seg ned i “kølet” sitt og gjør “USA great again” uten Trump.

Så skal Spetalen ha uttalt.: “Parisavtalen om klimaet er ikke laget av forretningsmenn, den er laget av drømmere”.
Jeg seier.: La oss for guds skyld håpe at det er mer visjonære krefter som står bak avtalen enn bare økonomiske muskler.

Skatt, hva er nå det?

Vi hører stadig politikergnålet om skatt. Venstresidas mantra er at høyresida gir store skatteletter til de rikeste, og høyresida fastholder at deres skatteletter er med på å gi flere arbeidsplasser. Den diskusjonen skal de få ta seg imellom uten min innblanding.
En ting ser det ut for at de er skjønt enige om. nemlig at veiutbygging og kollektivsatsing skal finansieres av fossilbilistene med det resultatet at bomavgifter økes og nye bomstasjoner settes i drift. Hordaland er bompengefylket nr 1, og nå arbeider man med en storstilt økning av bompengeinnkrevingen rundt Bergen for å finansiere en gigantisk bybanesatslig.
For pendlere og bedrifter vil det kunne utgjøre tusener av kroner i året.

Foto.: Askøyværingen.
Nå ser det ut til at eierne av en krympende del av bilparken reiser seg mot denne urettferdige og usolidariske måten å foreta skatteinnkreving på, nemlig at det blir fossilbilene som skal finansiere utbygging av vei og kollektivtrafikk i dette landet.
De har nå startet en gå-sakte-aksjon i rushtiden et par morgener med resultat som bildet fra Askøy denne morgenen viser. Bilistene ønsker med dette å vise at NOK er NOK. Nå må sentrale myndigheter på banen og finansiere mer av infrastrukturen i transportsektoren.
Så tilbake til skattebegrepet og politikergnålet om skatt…Dette gnålet er med på å kamuflere det faktum at alle politiske leirer gjemmer sine skatteøkninger bak begrepet avgift. Så kan de fra stortingets talerstol stå og bedrive sin selvros om moderat beskatning.
Tror dere virkelig at vi går på den, kjære politikere?

Så er de igang igjen…

…med politisk krangel, hestehandel, retoriske gullkorn og tabber.
I går gikk den første partilederdebatten for seg i Arendal, og de var der alle – så nær som Rasmus Hansson (MDG) som hadde sendt en “stand in” i grønn påkledning. Forresten synes jeg hun var god og fikk framhevet partiets kampsak på en fin måte.

Dette bilde har jeg stjålet fra Google fra en tidligere debatt.
Jeg skal ikke dvele ved sakene som ble debattert og saker jeg savnet i gårsdagens seanse. For her spriket debatten i mange retninger. Lysbakken la seg ut med både høyresida og AP, mens Slagsmål Vedum brukte mange ord på lite innhold. Regjeringens støttepartier var forsiktige med å kritisere samarbeidpartene.
Jonas prøvde å være “høy og mørk” og antyde at Norge med fortsatt blå-blått styre kan havne i samme situasjon som briter og amerikanere med gryende forskjeller og klassekamp, og han brukte tid på å antyde “trumpske” tilstander i norsk politikk.
Erna måtte da minne Jonas på at det var henne han ville møte i valgkampen, ikke Trump.
Kveldens høydepunkt ble likevel replikken til Hareide da han ble konfrontert med Krf’s antydninger om å skifte side fra blått til rødt.
Han svarte da noenlunde slik.: “Jeg deltok ikke i “Pride-paraden” for å komme i  seng med Jonas”.
Jo, dette kan bli gøy framover…Men jeg håper på litt seriøs politikk også.

Det tynnes…

i rekkene av aktive bloggvenner. Kanskje spesielt det siste halvåret har endel falt fra uten at det har kommet så mange nye til. Selv er jeg nok ikke like aktiv som før, noe som delvis kan skyldes lavere aktivitet rundt meg. Så er det også slik at en bør ha noe å skrive om som føles greitt å meddele andre, og høsten (i alle fall den mørkeste) er jo ikke den mest hendelsesrike.

Forresten, denne høsten har utgjort et brutalt unntak ettersom den Islamske Staten (IS) stadig utmerker seg med brutale og groteske angrep på sakesløse mennesker både i sitt eget nærmiljø og i verden forøvrig. En kan bare nevne Beirut, Russisk fly, Paris, gisselmishandling og drap. De skaper sikkert en tiltenkt frykt i en verden de hevder å ville erobre etter at alle vantro er nedslaktet.

Hva gjør verden for å nedkjempe denne terrororganisasjonen. Jo, vi bomber og bomber, men treffer vi målene, nemlig kjernen til organisasjen. Ikke vet jeg. Men det kan nå se ut for at verden rundt IS nå etterhvert ser ut til å finne sammen i bekjempingsforsøkene, og det kan være et positivt signal.

Professor Thomas Hylland Eriksen heller litt kaldt vann i blodet vårt med utsagn som “Kampen mot terror kan produsere mer terrorisme, ikke mindre”. Sitatet er nok tatt ut av en sammenheng, men skal vi sitte stille og la den øvrige verden forvitre i terrorens vold? Vi har nok gjort, og vil nok fortsette å gjøre tabber underveis i terrorbekjempelsen, men vi må prøve, ellers risikerer vi at verdensuret skrus over tusen år tilbake til de første kalifater og sharialover reinnføres.

Nei, dette ble vel en pessimistisk start på bloggdagen. Likevel tror jeg på at våre samfunnsstrukturer og at vår vilje til å se framover vil gi oss og våre politikere i den frie verden samhold, vilje og kraft til å ta ut de destruktive mørkekreftene vi utsettes for i disse dager.

I går, da IS-kreftene igjen viste sine muskler ble penn og papir brukt til nedenforstående betraktninger…


Kvar fôr inspirasjonen.

Kva kan ein gjera når inspirasjonen er vekk,
då nyttar korkje PC,  penn eller blekk.
Ein greier ikkje vri fram eit einaste ord.
Ein stirrer ned på eit blankt skrivebord.

Medan verda går sin konfliktfylte gong
og franskmenn syng sin såre syrgjesong,
sit gubben her makteslaus og sint
og undres kvifor nokon hatar så blindt.

Er det vår velstand, eller er det religionen
som avlar denne avsindige situasjonen.
Er vesten og velstand eit trugsmål for verda
som sender ungdom ut på mordarferda?

Lite veit eg, og lite veit politikken
korleis ein kan stogga terrortrafikken.
Hat og fanatisme kan møtast med makt.
Vesten må?kje sitja som passivt slakt.

Samstundes lyt ein gje ungdommen von
om framtid og demokratisk organisasjon.
Ufred i fanatismens og religionens namn
leider ikkje båt mot ei fredeleg hamn.

Så sit eg her og stirrer på skrivebordsplata
og undrest, korleis stoggar ein hatet i kalifata.
Å kjenne maktesløyse er ein vond situasjon.
Den knekkjer framdrift og inspirasjon.
17.11.2015.M-m.

“Putin, NATO, bombar og sånn…”


Google

For nokre år sidan vart dei samde i FN og Nato å bomba ned Gadaffi i Libya, og vesle Noreg gjorde så godt me kunne. Resultatet vart at Gadaffi no er borte, mange sivile fekk smake bomberegnet, og i Libya rår anarkismen i dag.
Same regla omatt i både Afgahnistan og i Irak, krig, bombing og ufred i regi av FN og Nato, men har dei fått fred der borte? Titusenvis av sivile har dei greidd å slakta ned med bombinga. No skal det seiast at irakarar og afghanar greier jobben med å slakta sine medborgarar sjølv, no etter at USA og dei allierte har trekt seg ut, så fred har det slett ikkje vorte.
No har Putin og Russland også teke til våpen, og han har starta å bomba i Syria, noko som amerikanarane har halde på med ei god stund allereie.
Så er det visst med desse bombene at dei ikkje alltid råkar dei måla dei er tiltenkt – eller er det nett det dei gjer?
I alle høve, me høyrer ikkje sjeldan at bombene har råka sivile mål. Er det “vesten” som har feilbomba kjem skjellsorda frå øst, og omvendt.
No har så Putin treft heilt andre mål enn dei tiltenkte, og amerikanarane protesterer på det sterkaste, samstundes som dei sjølv bombar eit sjukehus i Kunduz/Afghanistan i filler med mange døde.
Dette er både tragisk og håplaust. Desse landa nede i midtausten vert bomba attende til middelalderen utan at det stakkars folket der får fred. Kva som må gjerast for å få til fungerande og fredelege statar veit ikkje eg. Det eg derimot veit er at denne aggressive krigføringa slett ikkje fører til anna enn meir ufred. Det må vera godt bevist no etter fleire tiår med krig.
Er det rart at innbyggjarane rømer landa og set ut i vanvittige dødsseglasar over Middelhavet for å prøva å finna seg ei framtid???

For enkel framstilling av eit innfløkt internasjonalt problem, tenkje du. Javel, kanhende, men resultatet av galskapen er klårt i dagen.

Google