“Putin, NATO, bombar og sånn…”


Google

For nokre år sidan vart dei samde i FN og Nato å bomba ned Gadaffi i Libya, og vesle Noreg gjorde så godt me kunne. Resultatet vart at Gadaffi no er borte, mange sivile fekk smake bomberegnet, og i Libya rår anarkismen i dag.
Same regla omatt i både Afgahnistan og i Irak, krig, bombing og ufred i regi av FN og Nato, men har dei fått fred der borte? Titusenvis av sivile har dei greidd å slakta ned med bombinga. No skal det seiast at irakarar og afghanar greier jobben med å slakta sine medborgarar sjølv, no etter at USA og dei allierte har trekt seg ut, så fred har det slett ikkje vorte.
No har Putin og Russland også teke til våpen, og han har starta å bomba i Syria, noko som amerikanarane har halde på med ei god stund allereie.
Så er det visst med desse bombene at dei ikkje alltid råkar dei måla dei er tiltenkt – eller er det nett det dei gjer?
I alle høve, me høyrer ikkje sjeldan at bombene har råka sivile mål. Er det “vesten” som har feilbomba kjem skjellsorda frå øst, og omvendt.
No har så Putin treft heilt andre mål enn dei tiltenkte, og amerikanarane protesterer på det sterkaste, samstundes som dei sjølv bombar eit sjukehus i Kunduz/Afghanistan i filler med mange døde.
Dette er både tragisk og håplaust. Desse landa nede i midtausten vert bomba attende til middelalderen utan at det stakkars folket der får fred. Kva som må gjerast for å få til fungerande og fredelege statar veit ikkje eg. Det eg derimot veit er at denne aggressive krigføringa slett ikkje fører til anna enn meir ufred. Det må vera godt bevist no etter fleire tiår med krig.
Er det rart at innbyggjarane rømer landa og set ut i vanvittige dødsseglasar over Middelhavet for å prøva å finna seg ei framtid???

For enkel framstilling av eit innfløkt internasjonalt problem, tenkje du. Javel, kanhende, men resultatet av galskapen er klårt i dagen.

Google

6 kommentarer
    1. Same kva NATO og FN gjer, så vert det gale. Tek me parti for den eine, ja då har me straks skaffa oss tre-fire nye fiendar. Fiendebildet er så komplisert at ingen har oversikt. At Vesten greip inn på Irak si side i Iran/Irak krigen, var ei katastrofe. USA sende våpenhjelp, og desse fekk amerikanarane sjølv smaka i neste omgang. Utryddinga av Gadaffi og Saddam Hussein gjorde berre vondt verre. Kynisk sett burde Vesten halde seg langt bort frå Midt-Austen. Islam (ordet tyder fred) burde få fritt spelerom til å ordne opp utan innblanding av oss «vantru».
      Vestens vonde samvit ligg i at Kurdistan aldri vart teikna inn på kartet etter 1 verdskrigen.
      Måtte me alle få ei god og fredeleg helg!

    2. Pedro: Nei, verda lærer aldri…Me har framleis fjelltru på at kuler og krutt vil løysa urettskap og ufred til trass i at fyndorda dialog og politisk løysing er i dagleg bruk. Men ord er og blir ord og kuler og krutt er død og forderving.
      No er det berre å venta på årets fredspris, kanskje det vert paven i år?
      Ha ein fredeleg sundag…

    3. eg er så hjertens enige med deg,det skulle vært straffbart å produsere krigsvåpen,krigsfly og krigsbåter,da hadde landene hatt massevis av penger til å bygge opp landet sitt og ikke bryte det ned og menneskene kunne ha levd sine liv uten å gå i dødsangst hele livet.
      Mon tro hvor dei får penger til alle sine dødsvåpen ?

    4. fruensvilje: Ja, du kan spørre, men pengene synes ikke å være noe problem når det gjelder å skaffe seg våpen, men penger til å sikre livene til sine borgere finner de ikke.
      Selv kjøper vi kampfly for 60 – 70 milliarder mens vi stadig hører om mangler i barnehage, skole og eldreomsorg.
      Så er også paradokset at i en urolig verden må vi kunne forsvare oss, og da er vi inne i den onde sirkelen…
      Ha en god dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg