Google
Juni 2017.
Ein stortingsmann med for liten bil,
var på IKEA og handla stort.
Han stapla opp på bilen med eit smil,
lasta langt over ripa og køyrde bort.
Men borte i svingen sto onkel politi,
og brått var førarkortets tid forbi.
No skal LO-pampen ha etterløn,
dei har lært av sjefane i banken.
Likskap er fagrørslas motto og bøn,
det er slutt å sitja og syga på “skanken”.
Nei, er ein sjef må også likskapen rå,
om ein er raud, gul eller blå.
Ho Erna har vore på barnefestival,
godt rusta med vepna politi.
Nei, det var slett ikkje eit karneval;
ho var visst førebudd på terrorstrid.
Om ho lyt forsvarast med vepna eskorte
er det kanskje best at ho heldt seg borte.
I sumar lyt me visst binda oss fast i stolen,
for denne valkampen kan verta stygg.
Skamlaus retorikk frå talarstolen,
svir verre enn stikka frå sumarleg mygg.
Har Trumpen lagt lista for oss her i landet,
for der er det mykje skit på tungebandet.
Her vest fins mange attraksjonar
for ein opplevingssjuk turist.
Trolltunga har ført til bergingsaksjonar
for mang ein lettskodd og tunnkledd optimist.
Men no er det visst Trollpikken som gjeld,
sjølv om den førre veka gjekk på ein smell.
Etter ein kald og utriveleg vår
bar det til solvarme for gubben og frua.
De veit der sola dagleg over hovudet står,
og varmar alle som hadde mista trua.
Forfrosen nordbu med soltur på blå resept,
men det fins ikkje i helseverkets konsept.
30.06.2017.M-m.