Septemberhymne 2020

Sjølv om koronaen stengjer ned mykje denne tida rører det seg ymse saker rundt i landet.
Forresten så streiker busssjåførane no. Dei krev litt meir inn på kontoen kvar månad. Men nei, det vil ikke arbeidgjevarane ha noko av. Men å løna direktørane i selskapa to gongen årsløna til vår statsminister, 3 millioner – ja, det gjer dei glatt. Dei har mykje ansvar sjefane, må vite. Ja, men kven er det som si med det daglege ansvar for at folk kjem seg velberga fram til sine reisemål. Jau, det er sjåførane det.

Så har me fått eit nytt parti på morgonkvisten, SENTRUM skal det visst heite. Ja, me treng sikkert fleire parti der nede i sperregrensedompa. Så, lukke til Lippestad!t

Til sist lyt eg nemna eit spenstig utspel på markedsføringsfronten. No som lutefisksesongen er i emning er det viktig å lokka kjøparar til fiskediskane. Lerøy, ein fiskematprodusent her vest sel nå lutefiskkotelettar! Kva, f….n er no det?
Nei Lerøy, lutefisk er lutefisk, men sørg for at den er passande fast og fin. Kotelettane kan du la svina få behalda.

Fra Google

Septemberhymne 2020.

Kvinnfolk i kyrkja er noko herk,
det tykte han, sogndalspresten.
Stakepussing kan vera deira verk
så tek bibelpresten seg av resten.
Skal du vera prest lyt du vera mann.
Kvinnolk på «stolen» går slettes ikkje an.

Koronasmittekrangelen er no i gong
Kven spreier smittefandenskapen mest?
Er det førtiåringens vennefestttrong,
eller studentens lausslupne opningsfest.
Eg overlet kranglinga til dei  lærde og såra
og prøver å sleppa den verste smittebåra.

Nei, no er ikkje koronaen øvst i avisa,
media har viktigare emne på gong.
No gjeld flatbrødet, av nokon lova og prisa
det har vore  medias månadsføljetong.
Kva side skal ein leggja  osten og smøret?
Uvissa her kan visst ta frå  oss humøret.

Venstre har hatt landsmøtesamling
og Guri har teke på seg dronningdrakta
Det vart overraskande lite krangling,
og semje om å gjera ende på kongemakta.
Dei er vel lei alle sine småkongar
som messar ulikt frå sine balkongar.

Trump har fått ordna sine fjoner
Det gjeld å stella stråa under hatten
Ei utgift på sjuhundre millioner
krov han som lette i inntektskatten.
Eg lyt snakka med frisøren min no,
inga skattelette når håret får gro.
30.09.2020.M-m.