Han bles…..!


Google

I dag kom han over oss, hauststormen, og regnet bøttar ned.
Gamle gubbar held seg helst i hus i det verlaget. og då er avisa god tidtrøyte.
Der finn ein mangt som kan trenga ein kommentar:
Til dømes strevar politikarane framleis med å  skaffa seg nytt byråd, no halvtanna månad etter kommunevalet.
Elles kranglar venstre både om ny leiarkabal og med sperregrensa. Jaja, lukke til,seier gubben.
Lan ser ut til å ha gløymt at ho har ansvar for meir enn bompengane i Oslo, formno sit ho til langt over armane i brot på arbeidsmiljølova i reinhaldseteten, medan ho køyrer rettsak mot firmaet for dei same brota før ho tok over.
Elles fins det mangt å kommentera, men gubben må seia seg nøgd med at han slepp å vera med i politiske bikkjeslagsmålet no. Den tid er over lukkelegvis!

Hauststormen.

Det sler mot ruta og pip rundt nova,
men gubben sit roleg i lune stova.
Skal tru kva som føregår der ute,
medan regnet piskar mot tak og rute.

Han stavrar seg ut etter dagens avis,
den var komen, takk og pris.
Fyrste sida handlar om kommuneval,
å finna bergensordførar er berre bal.

Ho Trine er via andre sida,
leiarval i venstre kjem denne tida.
Der er det fleire om leiarbeinet,
så Trine er så visst ikkje åleine.

Venstrepartiet fornektar seg ei,
partisplitting har vore venstres vei.
Medan me slit med årets influensa
slit partet med å passera sperregrensa.

Reiulf Steen har fått sin biografi,
og den kan avisa ikkje gå forbi.
Snakkis om boka er ikkje politikken,
men om Reiulf tøygde buksestrikken?

Så les eg at Lan slit med lova,
var det i bompengekjøret ho snåva?
Gløymde ho ansvar for renovasjonen,
i den beinharde bompengeagitasjonen?

Så er det eit par sider om Brann,
fortballen fengjer kvar bergensmann.
Krangel og kiv er selgjande stoff
det kostar å vera fotballproff.

Nei, gubben sit roleg og ser ut glaset
ferdig er han med det politiske maset.
Ferdig er han også med dagens avis,
politisk arbeid har framleis sin pris.
22.10.2019.M-m.

Dagens trimtur…


Google.

Skoddeburet.

Fyrst vaknar du klokka fem,
og gardina står litt på klem.
Ute er himmelen rein og blå,
ein vakker dag, skal du sjå.

Etter ein ørliten attpålur
gler du deg til dagens trimtur.
Kva ser du utafor glaset då
Jau, ein himmel skoddegrå.

Skulle du ut i skoddeeimen,
ei kvie å forlata heimen.
Motviljug på med turhabitten
utan den store turappetitten.

Litt råsur start på turen,
gubben både lei og sturen.
Men då han kom i gong
gjekk det som ein song.

For brått skein sola opp
og varme kom i kropp.
Det gråe vart til ljos,
og turen vart berre kos.

Moralen er enkel og grei,
ligg skodda,  legg likevel i vei.
Det går oftast betre enn du trur.
La ikkje skodda verta ditt bur.
06.11.2017.M-m.

Google.

Hauststorm…

.
I dag som den fyrste hauststormen vitjar oss her vest, og vindkasta har flytta sameiget sine hagemøbler ut på den haustlege plenen, kjennes det godt for gamlegubben å sitja i godstolen og nyta den varme stova medan han prøver å finna ut kva han skal ri seg ut på i dag.

Helga, som så vidt er over, minna han på at alderdomen hadde nådd han, for då var det feiring av dotteras 50-års dag. Forresten, han reflekterte meir over kor gildt det var å vera med på festen og kor heldig han var som som fekk nyta fellesskapet med slekt og vener, gumlande på velsmakande tapas og eit etterfylgjande kakebord.
Den giktbrotne skrotten tillet ikkje akrobatikk på dansegolvet, og dei nye danseformene var heller ikkje hans heimebane, men festen var fin – 50-åringen også.

Attende til hausten, ei ulukke kjem ikkje åleine, seiest det.
I går då gubben skulle ta heisen ned til garasjen nekta heisen å sleppa han ut. Dama i høgtalaren forkynte at gubben no var i garasjen og kunne gå ut. Det visste han, men kva hjelper det når heisdøra ikkje vil det same som dama i høgtalaren.
Då var det å trykkja på knappane til det endeleg kom ei røyst som undrest på kva som var i vegen. Etter litt godsnakk og prøving og feiling greidde gubben å pressa seg ut dørsprekka med lovnad om at no skulle reparatøren snart vera på plass. Forresten var det visst godt at gubben kom seg ut, elles kunne det kanskje ha vorte overnatting i heisen, for heisen står framleis og kviler seg.

For å oppsummera.
1. Hausten er her, det er berre å sjå ut glaset.
2. Når ungane fyller femti begynner du sjølv å trekkja på åra.
3. Du må ikkje lita på dama i heisen.
4. Livet kan vera bra om hausten også.

Ha ein fin haustdag. Så sant du ikkje bur i Nordnoreg då. Der har dei visst sumar enno.

 

Nei, vi kan ikke skylde på Trump…

…for at denne våren lar vente på seg. Riktignok har han ingen tro på menneskeskapte klimaendringer. men dagens lille backlash på våren får vi  belaste andre lunefulle makter.

Slik såg det altså ut da jeg kikket ut stuevinduet for en time siden. Noen krokus og spirende påskeliljer sto og hutret og frøs borte ved steinene uten at dere kan få øye på dem.
Akkurat nå skinner solen og den tynne snøfilmen er borte. Det skifter fort på denne tiden.

Vi får bare legge vårfornemmelsene på vent i de verste haglekavene, og hente dem fram igjen når solen slipper gjennom. Men nå er det straks tid til å stille klokken mot sommertid, og det må da værgudene ha fått med seg…Det er håp…
 

Årets første…

…utfordring! Gubben fikk i år en julegave fra ett av sine barnebarn som ble satt pris på av flere. Der låg nemlig et puslespill med 500 brikker under treet.Ettersom vårherre hadde glemt å stenge sprinkleranlegget i julehelga ble det mye, og god innetid til, bl a puslearbeide.

Som dere ser er her store fargeflater, men et puslespill skal ikke være enkelt. Det var heller ikke dette.
Etter et av julebesøkene såg delløsningen slik ut, så da var det bare to skogsområder igjen til gubben.

Etter noen timer med prøving og feiling ble resultatet slik…Mine bilder er, som vanlig, litt “blurry” og refleksfylte, men de dokumenterer at spillet er løst…
I dag er også regn og storm byttet ut med litt hvitt på bakken for en stakkels stund, så da blir hverdagen bokstavelig talt lysere…
Ha en lys start på det nye året…

Dei vil alltid klaga og kyta….

Det var ein utvekslingsstudent frå Afrika som kom heim etter eit år her oppe i steinrøysa. Han vart då spurd om korleis det hadde vore, om folk, klima og slike ting.
Jau, svarde studenten. De hadde to vintrar her oppe, ein kvit og ein grøn. Men, sa han. Den grøne var verst, for då slutta dei å fyra!
I år opplever me så den grøne vinteren.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Eg vurderer nå å montere en redningsvest på hagebordet for nå har det stått mer eller mindre under vann i en måned.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
…og øvrige hagemøbler er heldigvis av plastikk så de unngår antakelig råtningsdøden.
SAMSUNG CAMERA PICTURES
Grått i grått, og de eneste blomstene som trives er inneblomstene og vannliljene.
Vel, dette var dagens elegiske utfall mot de gjenstridige værgudene vi i år har opplevd på Vestlandet.
Nå venter vi bare på stadig nye nedbørsrekorder. Sist uke sto det å lese i avisa at dette var den dårligste sommeren etter 1929. Slå den!!!

Kva skal ein gjera???…

…når sønnavindskulingen og pøsregnet sler mot vindaugsrutene og peonar og roseblomar ligg langstrake i blomehagane. Leggja seg ned og grina, kanskje…Nei, det hjelper ikkje det grann. Tårevåt sutring gjer ikkje tilværet ditt turrare.
Nei, kle seg godt og ta ein tur ut kan kanskje vera ein ide. Nei ikkje for denne gubben, han konsentrerer seg om det intrikate dagbladkryssordet som sjelden lar seg løyse utan intensiv hjelp frå slekta…

Google meiner visst at salige Ludvig Holberg har ei løysing på nokon av regnværsproblema, i alle fall har han funne alternativ bruk for paraplyen (Bergens andre byvåpen).
Det er jo sumar så ein tur på sykkelen i regnværet kan vera karsleg, om ikkje nett for denne gubben her.
Og møter du dette skiltet er det berre å snu…

Ingenting er så vått som ein sykkeltur i styrtregn.
Men der er nokon som held ut i regnværet…

“Drengen” er ute og jobbar i regnkaven. Sjølv om han ikkje trivs, så protesterar han i alle fall ikkje – spesielt ikkje når han får ein pause av og til og får naudsyn
oppreinsing av vått gras på knivane…
Men så er det slik…

…at bak skya heng der ei sol som ventar på at verguden kjem i godlag att, og at han kan turka og varma opp solhungrige sumarskrottar…
Ei von om god sumar til dykk alle…

I dag var han her…

…for fyrste gong i år,,,Gjøken…På tur ut etter avisa høyrde eg han borte i skogbrynet. No kan småfuglane skjelva i fjøra, for snart kjem han vel og verp i reiret deira, og då er surrogatiet i full gong. Visste de forresten at gauken har kome på den raude fuglelista, lista over truga fuglearter. Det er bl a klimaendringar og med det færre surrogatfuglar (rugefuglar) som utfordrar gjøken… Me lyt vel snart til med gaukane som med dei utryddingstruga humlene, byggja eigne reir for dei…
Jaja, visste de forresten at det er hangauken som gjel. Det står slik på nettet. I menneskeverda gjel både hannar og hoer, så der har visst me menneskje kome lenger, eller?

Google viser her eit eksemplar av sorten…Om det er ein galar eller ikkje, det veit eg ikkje. Kanskje nokon kan hjelpa meg…

Eit anna sikkert vårteikn er påske og pinseliljene i hagen…Dei er no i full bløming her ute i Øygarden…

Ja, så er båten klar for sjøsetjing. Det me no ventar på er ørlite meir vårver, litt høgare temperatur og nokre færre regnbyger…Verprofetane lover at det skal ordna seg til helga så då er det berre å smørja seg med mykje tolmod og litt solkrem og venta…
God langhgelg!

Her venter vi…

…på våren. Ute florerer ikke bare noen hutrende vårblomster i den iskalde nordavinden. De ble lurt fram sist helg da vi ble velsignet med et par litt vårlige dager. Nå kan de bare stå der ute og fryse og skamme seg over at de ble lurt.

Her sier vi at nordavinden er kald og sur samme hva retning den kommer fra. Som dere ser er himmelen noenlunde klar så der finnes håp….

Her sitter Baste og venter på våren…

…og hagemøblene, som kom ut i går, ville vel helst ha vert der de var lagret i vinter. De venter også på varmere tider.
Jaja. kommer tid så kommer råd, og kanskje jeg med tid og stunder greier å snu mine bilder som er tatt “på høykant”
Ha en fin vårdag dere som måtte bo der ishavstrekken og nordavinden ikke slår inn
 

 

Me er vel ikkje heilt der enno, eller ?


Google.

Når eg ser ut gjennom glaset i dag er det ikkje ordet vår som dukkar først opp i tankane. Nei, haust er det vel helst me ser utafor glaset. Men så er det at snøklokker, krokus og påskeliljer i hagen trassar det gjenstridige vinterveret og motbeviser dei forkastelege negative tankane.
Men å finna fram hagereiskapen er det definitivt ikkje dagen for i dag. Skal me tru verspåmennene, meteorologane, og dei lyt me høyra på, ja, då skal våren koma til helga. Gubben ha i alle fall tenkt seg ut for å kjøpa terrassebeis – det skal i alle høve ikkje stå på at terrassen ikkje er klargjort om vårveret skulle dukka opp.

Våronn.

No ser me vinteren for våren rømer.
Dagane lengest og snøklokka blømer.
Sola stig og skuggar vert kortare.
Snø og is kverv stadig fortare.

Snart ligg hagen din klar for vår.
Telen er borte, hald reiskapen klår.
Finn fram spaden, riva og grevet
og kom deg i gong med det gode strevet.

Alt vinterlauv i hagen skal også bort.
Med vårvarme i skrotten går rakinga fort.
Hekk og buskar skal også kuttast.
Så kan vel det meste av onna avsluttas.

Så står pussen av båten for tur.
Kom deg i gang, sit ikkje og stur.
Skrog og motor får smørjing og pussing,
Sjøsetjinga går sjølvsagt utan klussing.

Nei, me hadde nær gløymt ei viktig sak.
Hagemøblane står framleis under tak.
Dei må straks ut på terrassen,
Og då har me klargjort sommarplassen.

09.03.2009.M-m.