Han bles…..!


Google

I dag kom han over oss, hauststormen, og regnet bøttar ned.
Gamle gubbar held seg helst i hus i det verlaget. og då er avisa god tidtrøyte.
Der finn ein mangt som kan trenga ein kommentar:
Til dømes strevar politikarane framleis med å  skaffa seg nytt byråd, no halvtanna månad etter kommunevalet.
Elles kranglar venstre både om ny leiarkabal og med sperregrensa. Jaja, lukke til,seier gubben.
Lan ser ut til å ha gløymt at ho har ansvar for meir enn bompengane i Oslo, formno sit ho til langt over armane i brot på arbeidsmiljølova i reinhaldseteten, medan ho køyrer rettsak mot firmaet for dei same brota før ho tok over.
Elles fins det mangt å kommentera, men gubben må seia seg nøgd med at han slepp å vera med i politiske bikkjeslagsmålet no. Den tid er over lukkelegvis!

Hauststormen.

Det sler mot ruta og pip rundt nova,
men gubben sit roleg i lune stova.
Skal tru kva som føregår der ute,
medan regnet piskar mot tak og rute.

Han stavrar seg ut etter dagens avis,
den var komen, takk og pris.
Fyrste sida handlar om kommuneval,
å finna bergensordførar er berre bal.

Ho Trine er via andre sida,
leiarval i venstre kjem denne tida.
Der er det fleire om leiarbeinet,
så Trine er så visst ikkje åleine.

Venstrepartiet fornektar seg ei,
partisplitting har vore venstres vei.
Medan me slit med årets influensa
slit partet med å passera sperregrensa.

Reiulf Steen har fått sin biografi,
og den kan avisa ikkje gå forbi.
Snakkis om boka er ikkje politikken,
men om Reiulf tøygde buksestrikken?

Så les eg at Lan slit med lova,
var det i bompengekjøret ho snåva?
Gløymde ho ansvar for renovasjonen,
i den beinharde bompengeagitasjonen?

Så er det eit par sider om Brann,
fortballen fengjer kvar bergensmann.
Krangel og kiv er selgjande stoff
det kostar å vera fotballproff.

Nei, gubben sit roleg og ser ut glaset
ferdig er han med det politiske maset.
Ferdig er han også med dagens avis,
politisk arbeid har framleis sin pris.
22.10.2019.M-m.

4 kommentarer
    1. Du har nytta diktarveret godt, dagens skildring av den ruskete tida me lever i treffer godt, og rima fell fint på plass. Sjølv går eg og gremmar meg over regn og gråver. I september hadde me 168 mm regn (mot normalt 90), men du hadde 259 mm, så der gjekk du av med sigeren. Men no ventar eg eit godt lønsoppgjer, etter som billettar på buss og ferje skal aukast, for ikkje å snakke om bompengar.
      Ha ei fin helg i vest!

      1. Ikkje snakk om regnet, her har vore solskinn i snart tre dagar til endes.
        Du snakkar om lønsauke. Me har vel ikkje bruk for det her no som det nye byrådet planlegg å halda bilane ute frå byen, og strupa kjøttilgong og talet på parkeringsplassar. Vonar at den siste som forlet byen ikkje gløymer å sløkkja ljoset!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg