Google.
Denne månaden har gubben vore oppteken av mjuke verdiar som sumarveret, U-hjelp, årmålsdagar, nasjonalsong og ikkje minst krumspranget til KrF.
At presidentar, spesielt i einveldige statar, vil halda seg med flotte fly er vel ikkje akkurat ukjend, og tidlegare i månaden kunne Aftenposten kunngjera at presidenten i Zambia hadde skaffa seg doning(sjå googlebileta) til 400 mill på U-hjelpa sin kostnad. No var det vel ikkje heilt slik, men ein lyt spørja seg kor greit det er å bruka 400 mill for å polera eige glansbilete medan folket svelt.
Som 90-årsgåve frå Bondevik fekk Willoch Hareides bok “Det som betyr noe”. Jaja, det er mange måtar å sparka nokon bak på.
Så er særinteressene ute og vil skriva om gamle nasjonalsongar og barnesongar. Ja, kva gjer me ikkje for å bli høyrt i våre dagar.
Men dette har vore Hareidens månad, fullt og heilt. Han skulle vel ha fått eit heilt oktoberhymne for seg sjølv, men kanskje vert det tid til ein nekrolog i novemberhymnet, om han ikkje greier å skrema menigheita si til å fylgja rådet hans. Stakkars KrF seier eg berre.
Oktoberhymne 2018.
Etter ein sumar med sol og varme
er rekninga lagt på bordet no.
Eg høyrer stormen rundt novene larme
og tomånaders ustoppelege regnværsflo.
Kvar glede skal betalast med sorg og sut,
og sumaren med storm og regnværssprut.
Ein heidersmann fyller nitti år,
ein politisk høvding på høgre sida.
Framleis samfunnsengasjert og klår.
Jau, Willoch fylgjer med i tida.
Takk for innsikt og engasjement.
Min respekt får vera din presang.
Eit luksusfly kan vera kjekt å ha
for å løyna fatigdom og naud.
Særleg om du er president i Afrika
i eit land kor økonomien ligg daud.
Men kan det eigentleg vera så bra
at U-hjelp vert til presidentfly i Zambia?
Fyrst vart nasjonalsongen for pompøs
Den har ei alt for maskulin form.
Så var julesongen for religiøs.
Høver visst ikkje dagens profane norm.
No er dei ute etter «Bæ bæ lille lam».
Å stela ull frå sauen er visst ei skam.
Så har Hareiden endeleg skifta farge
Han er vorten sosialdemokrat.
Det har gjeve Erna regjeringsplage
medan Jonas står lysten og parat.
Er det ikkje ein demokratisk parodi
at landet tykkjest styrt av eit miniparti?
31.10.2018.M-m.