No er det alvor folkens!


Google

Nei, no går det over alle støvleskaft med klimaskiftet me er inne i. No lyt me ta klimaendringane inn over oss snart.
For kva er det eg høyrer i dag? Jau, den globale oppvarminga trugar produksjonen av bygg og dermed ein av dei viktigaste ingrediensane i ølproduksjonen. Det vert truleg for lite øl i verda, hjelpe og trøyste! Då lyt me antakeleg i framtida nøya oss med kjøpevatn til 20,- kr flaska. Vatnet frå springen er visst ikkje drikkande lenger.
Ja, så langt måtte det altså gå før me vakna. Katastrofeuver, flaumar, turke og plastfull kval er no så si sak, men ølet vert kanskje ei mangelvare KATASTROFE!
Skal me verkjeleg ta farvel med småfylla på øl i helgene berre fordi me svir av for mykje gift i lufta me puster Forresten kan kanskje ølmangelen føra til at den helgevisse plastpose-berande almugen spara miljøet og kvalen for noko av plastforsøplinga, og då har me brått vorte miljøvener me og i all vår abstinens.
Ha ein ølfri dag i kongeriket.

4 kommentarer
    1. Flaks for ein gongs skyld, no har glutenallergien tvinga meg over frå byggbasert øl til maisøl. Etter fleire års øltørst kan eg atter leska strupen. Ølet må riktignok hentast i Mexico, og det er vel ikkje bra for miljøet, men eg trøystar meg med at det er ikkje verre enn å senda torsken tur/retur til Kina for fileterng, slik Findus gjer. Eg må berre passa på å gjera innkjøpa hjå søta bror, 18 kroner mot 42 kroner, og då har eg ikkje rekna på kursgevinsten. Skål!

    2. Pedro: Gudskjelov, då er den klimakrisa løyst når det gjeld ølproduksjonen. El-bilane tar seg av utsleppa frå bilparken, godt oppfyrt med kolkraft frå Tyskland. Me er på rett veg gudskjelov. Plasten kan me berre kasta i vegkanten og til sjøss. Så får forskarane finna ein metode så kvalen kan fordøya den på ein fornuftig måte.
      Ha ein byggfri dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg