Månedssammendraget kjommer egentlig en dag for tidlig, men ettersom vi er i den stille uke blir det forhåpentligvis stille på nyhets – og – sosietetsfronten også. Det måtte evt være at justisministeren dukker opp et eller annet sted, eller at Røde Kors og hjelpemannskaper må ut i felten for å lete etter ham.
Av månedens begivenheter kan jeg ikke slippe den spanske ekskongen som antakeligvis har vært slepphendt med DNA-en sin. Når det nå dukker opp ungdom som leiter etter pappaen sin i det spanske kongehuset viser det seg at ekskongens DNA er så hellig at den ikke kan bli brukt til å avdekke DNA-lekkasjer til almuen. Jaja.
Så ville Soltenberg ha et møte med Obama da han likevel var borte i Statene. Men nei, Kvithuset ville ikke ta ham imot før det gikk opp for dem at det var de som hadde skaffet ham jobben som generalsekretær i NATO. Nå ordner det seg visst.
Resten av mine observasjoner finner dere nedenfor.
Mars 2015.
Månaden starta med Northug-magi,
han sigra over «alle» nasjoner.
Aldri har verda sett nokon betre på ski,
det vart målgong med store ovasjoner.
Verdsmeister vart han på fire distanser.
I løypa har han brote dei fleste skanser.
Så vart flya til Kjos’en sett på bakken.
Flygarane var misnøgd med situasjonen.
Med titusenvis reisande nedover nakken
ville dei klatra i organisasjonen.
Dei ville vera under vengjene til Kjos’en
og ikkje leva livet i slaktarfjosen.
Juan Carlos, ein kvitlakåt og leiken mann,
men leiken hans fekk visst ein konsekvens,
No leitar ungar frå fleire land,
etter ein far som nyleg miste sin residens.
Men pytt, seier Carlosen til det.
Lova let meg ha DNA-et mitt i fred.
Raddisane våre har no hatt møte og fest.
Der vart, som venta, nei til det meste.
Nei til Nato og fly er visst best,
tryggleik og handel får bere eller breste.
No skal kursen til venstre i politikken,
medan leida er vestvendt på meiningsstatistikken.
Så har det endeleg kome fram i dagen,
lurium-larium i superbutikken.
Dei skor seg godt både Reitan og Hagen,
inntekter av hylleplass og varer er skikken.
Årsmøte i Las Vegas må det sjølvsagt til,
med beach-party, champis, song og «spill».
Å saksøkja staten er ei fåfengd øving
det fekk nordfjordbønder smerteleg erfare.
Etter årelang, traurig og rettsleg prøving
vart sigeren deira ei forderveleg vare.
For kva svarde staten då saka var tapt?
Jau, ei forskrift endra bondens siger til slakt.
Nei, staten er’kje lett bryna seg på
slik politimannen frå Askøy gjorde.
Han ville at ålmenta skulle få
greie på det som vart løynt under bordet.
Han påpeikte samrøre i afghanistankrigen,
og dermed kollapsa karrierestigen.
NATO sin norske generalsekretær
ville vitja sjølvaste Obama.
Men Kvithuset ynskte han ikkje der,
for verdsfreden er visst ikkje noko drama.
Ein fredspris til kunne vi vel gjeve bort
då hadde vel innsleppet kome fort.
Kva vil dei folkevalde no forby?
Eg trur at du slit med å gissa det.
For å få ei reinare sky
vil Oslo sitt byråd setja foten ned.
Dersom du brenn di dagsavis
Kan det vanka bot frå fut og «polis».
31.03.2015.M-m.