Ein K til besvær…


Google

Ein K til «besvær».

«Gje meg ein K»,
ropte Krf i kor.
Skal me saman stå
på vår borgarlege jord.

RLE er vårt livssynsfag,
skal dekkja alle religionar.
Brått dukka K-en opp ein dag,
og førde til snåle diskusjonar.

For å få borgarleg fred
laut K-en inn i faget.
Erna laut godta det
ville ho ha Hareiden på laget.

Så no heiter faget KRLE
med same innhald som før.
Det gav Krf tiltrengd sjelefred
og opna borgarleg regjeringsdør.
28.03.2015.M-m.

4 kommentarer
    1. Hareide har eit markeringsbehov. Når plastposeavgifta vart skrota, så lyt han få inn K’en som plaster på såret. Noko vil han bli hugsa for. God helg, og god påske!

    2. Pedro: Eg tykkjer at dette er ei narraktig side ved politkken ettersom denne salige K-en ikkje skal ha nokon betydning i den praktiske utøvinga av faget. Det er visst snakk om eit par fattige prosentpoeng meir K. No må dei antakeleg tilsetja kontrollørar for å sjå til at prosentauken vert gjennomnførd.
      Jaja! God påske…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg