Gamle Øykjen


Google

I dag inspirerte “fruensvilje”  meg til å skrive et lite rim. Hun hadde  nemlig et interessant innlegg som viste gamle gårdsredskaper, bl a en gammel slåmaskin.

Gamle øykjen.

Gamle slåmaskina rustar på myra,
ho tente bonden i mange år.
Ho berga vinterforet til dyra.
eit vitne om teknologi som forgår.

Gamle øykjen er også pensjonist,
slitaren som drog på slåmaskina.
Men fekk han takka si til sist
for sveittedropane og slåttepina ?

I dag har traktoren vorte hest,
og rundballar er no krøtterforet.
for bonden fungerer traktoren best,
men  hesten er sakna på jordet.

Tida krev sitt, og øykjen laut bort,
han gav ikkje nok på debetsida.
Då kom gamle øykjen til kort,
og gamlemaskina laut ut or tida.
18.03.2018.M-m.

 

Vyyyyyy!

Google.

Vy!

FYYYYYYYYYYY!
No skal NSB kallast Vy.
Var gamlenavnet til bry?
Er me lurde opp i stry
av direktøren sitt snakkety
eller er det styrets kykkeliky
til ein saueflokk med paraply?
Kva skal namnet eigentleg bety
eg skjøner ikkje eit kny.
Me reisande frå bygd og by
vil ikkje ha ein navnerevy.
Me vil ha ein velutrusta rutemeny
og ein sitjeplass, rein og ny.
og tog som går på rute frå by til by.
Men no skal me reisa med Vyyyyy.
Eg kunne sitja meg ned og spy.
13.03.2019,M-m.

 

I dag funderer eg…


Google.

…på korleis det fungerer i samfunnshåvene våre.
Den siste veka har det kome fram at partiet Raudt vil avprivatisera alle skular her i landet, og byrådet i Oslo gjer det same med eldreomsorga, og det siste vil kosta skattebetalarane over 400mill. Kor veldokumentert det er at dei eldre vil få valuta for dei 400 millionane seier “ismane” lite om, men bestemor på anbod var, og er, visst ein styggedom – i alle fall retorisk.
Denne same veka har det så kome fram at på Kvinneklinikken i Bergen rår det til tider nærast kaotiske tilstandar rundt fødselsomsorga. Underbemanning og sjukefråvær fører til utryggleik blant mange av dei fødande, og delar av personellet tyr til tårene når presset vert for stort. Er det slik me vil ha det?
Ein annan institusjon her vest er Sandviken sykehus, og her er det også store manglar ved pasientomsorga. Dette er dokumentert ved ein alvorleg rapport frå Sivilombudsmannen, som bl a seier.:”Dette er en nedverdigende måte å ivareta  mennesker i krise”..
Men dette er då døme på offentlege institusjonar som ikkje gjer jobben sin. Grunnane til at det vert slik er sikkert fleire, men oftast renn løysinga bort i ein politisk krangel om kven som er skuld i vanstyret – dei raude eller dei blå.
Dette er kort og godt  nedverdigande mot dei som har behov for tenestene.
I staden for denne avrettingskampanjen mot dei private støtteinstitusjonane bør ein snarast sjå til å få dei offentlege institusjonane til å fungera.
Det må ikkje gløymast at det var dei private initiativa som i si tid berga regjeringa frå å bryta lovnaden om full barnehagedekning, men dei private barnehagane er vel dei neste som står for nedslakting.