Gamle Øykjen


Google

I dag inspirerte “fruensvilje”  meg til å skrive et lite rim. Hun hadde  nemlig et interessant innlegg som viste gamle gårdsredskaper, bl a en gammel slåmaskin.

Gamle øykjen.

Gamle slåmaskina rustar på myra,
ho tente bonden i mange år.
Ho berga vinterforet til dyra.
eit vitne om teknologi som forgår.

Gamle øykjen er også pensjonist,
slitaren som drog på slåmaskina.
Men fekk han takka si til sist
for sveittedropane og slåttepina ?

I dag har traktoren vorte hest,
og rundballar er no krøtterforet.
for bonden fungerer traktoren best,
men  hesten er sakna på jordet.

Tida krev sitt, og øykjen laut bort,
han gav ikkje nok på debetsida.
Då kom gamle øykjen til kort,
og gamlemaskina laut ut or tida.
18.03.2018.M-m.

 

6 kommentarer
    1. Ååååh så fint det var.. Kjekt med inspirasjon på blogg, eller du blir jo inspirert til å skrive fine ord/dikt av alt som skjer ellers også du da 🙂

    2. Nei, no vart eg reint nostalgisk. Kor mange timar har eg ikkje gått og dilla etter denne slåmaskina. Det var tungt nok for hesten utan nokon på kuskesetet. Det positive med hesten var at han måtte kvila eit par timar midt på dagen, nok til at me fekk oss ein dukkert og litt leik i arbeidsdagen. Takk for velskrive dikt, sov godt og drøym vidare om hesten.

      1. Jau då. øyken måtte ha eit par timars kvile midt på dagen etter å draga på den slitsame slåmaskina. Kanskje det var frå slikt arbeid siestaen dukka opp? Vel, det hadde vel også litt med varmen å gjera.
        Drøyma om hesten. Jau eg hugsar godt Bella, ho var ei litt ilsken merr som me ungane hadde stor respekt for.
        Elles nærmar det seg badesesongen att, så sov godt og drøym om ein sval dukkert ute i havgapet.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg