Februarnytt…

Dette har vore ein triveleg månad for oss som ser skrått ned på det som hender rundt oss.
På utanriksfronten har me opplevd både sprengkåte og maktsjuke verdsleidarar som opptrer i fri dressur, og innanriks går Sandbergen framleis på overdosar med Møllers tran.
Ja, og så har me VM på ski kor me ramla ned i kollektiv depresjon då me smurde oss bort på 10-kilometeren for kvinner
Men det er jo inga nyheit at me ikkje taklar snøver når me skal ut og tevla på ski!

Google.

Februar 2015.

Blomhoff var ein annsam mann.
Høgvyrd prest og samfunnsstøtte.
Kongens sølv vart tildelt han,
men kva var det då han møtte ?
Jau, sin eigen ustyrlige ereksjon
og lauslivnad for million på million.

Så var det stordirektøren Strauss-Kahn,
fransk presidentkandidat, må vite.
Det gjekk ikkje betre med han,
så han laut ned frå øvste elite.
Han laut visst ha 6 ? 7 kvinner i senga,
i skamlaus flukt på «høge venga».

Nei, no vart det visst nok erotikk,
her må då vera anna å skriva om.
Gubben får konsentrera seg om politikk
og det som lek ut frå dei lukka rom.
Det stundar også mot VM på ski,
då spørs det om Northug let svensken svi.

Rattsøen er sanneleg ikkje snau
i sin produktivitetsrapport.
Medan byane fyller våre pengetrau
bidreg visst ikkje distrikta stort.
Olje, fisk og landbruk kan leggjast ned,
Det vert visst ikkje pengar av det.

Frp slit med sine lause kanoner,
der kjem det salutt etter salutt.
Usaklege og saftige provokasjoner,
her manglar korkje kuler eller krutt.
No er det Krf som får på pelsen,
skulda for innvandring og terrorfelsen.

På ski har me vorte for gode,
nokon vil visst ha det til det.
Me sopar inn av premiebordet
og kjempar konkurrentane ned.
Men vil ein verta verdsmeister
lyt ein trena så det sler gneister.

Kva hende så ein rufsen snøversdag.
Jau, jentene valde feilsmurde ski.
Det vart eit fåfengd  medaljejag
utan smørjebua sin supergli.
Det vart Kalla og USA sin jubelsong,
for smørjebua bomma denne gong.

Så er det tid for dei glupe kommisjonar.
Politiet i Bergen har dumma seg ut.
Men vert det orden i lovas bastionar,
eller slepp han unna, den gullpryda fut.
Vert vanstyret borte i skodde og ull,
gøymt og gløymt forsøming og skuld?

Vegvesenet er påmeld i avgiftsdansen
med framlegg om køprising på trikken.
Enno ein gong vert Olsen, Berg og Hansen
offer for den vetlause finansakrobatikken.
Skal folk no jagast bort frå buss og trikk,
og over på ein forureinande biltrafikk?

Kva gjer dei i eit av våre granneland
når dei vil kvitta seg med ein brysam opponent
som plagar den store og sterke mann?
Jau, dei hyrer ein revolveragent.
Tre ? fire skot, og problemet er løyst.
På ny har dei stogga ei brysam røyst.
28.02.2015.M-m.

 

Ny forretningside…?

Ettersom oljealderen tek til å skranta vert det viktig å finna andre bein å stå på, difor er det no tida for gode forretningsidear.

Fyrst eit par ord om dei luftforureina byane våre og tiltak for å halda bylufta reinare.

Google
For å redusera biltrafikken i rushtidene har Bergen nett no vedteke å auka bompengane morgon og kveld. Sjølv om dette sikkert vert til ulempe for eindel, trur eg at det er naudsynt å finna ut om slike tiltak kan ha nokon effekt. Tanken er sjølvsagt å prøva å få fleire pendlarar over på offentleg kommunikasjon, og med det ferre bilar inn til bykjerna.
Men hallo, kva seier så vegvesenet og dei offentlege transportselskapa. Jau, dei vil innføra køprising på offentleg transport i rushtidene. Det skal altså verta dyrare for arbeidsreisande med buss/bane i rushtidene. Eg må, for eigen del, seia at dette forslaget er noko av det mest toskete eg har høyrt på ei stund.
Har vegvesenet, i tillegg til ein overdose Møllers tran også fått i seg høgoktan bensin.
Her treng eg hjelp frå folk med meir vit enn det eg har, for i mitt hovud vert det slik at når både bomsatsar for bilane og bussbiletten aukar i rushtidene vi tilstanden på innfartsvegane verta “status quo”. Kven vil røma frå høgare bomsatsar til høgare bussprisar???

Nei, dette må koka ned til å vera eit lite gjennomtenkt forslag til ein ny forretningside for finansiering av offentleg kommunikasjon. I mitt hovud burde det vera slik at samstundes som ein innfører høgare bomavgifter for bilane bør billettprisen på offentleg transport gå radikalt ned. Det kunne kanskje hatt ein ynskt effekt.

 

Jeg bøyer meg i hatten…

for de norske skijentene selv om de, kombinert med en gedigen smørebom i dag, havnet langt nede på resultatlista.
Da er det bare å gratulere dagens medaljevinnere og Kalla som meget fortjent gullmedaljør.
Men de norske jentene kan mer enn å gå på ski, de er også på en litt munter måte med på å modernisere gamle “slogans”.

Google

Heidi Weng ble antakelig så imponert over den svenske gullmedaljen på damestafetten i Sotskij at hun “valgte” å omskrive det gamle slengordet “bøye seg i støvet” med sitt nykomponerte “bøye seg i hatten” når hun skulle uttrykke sin begeistring…

I VM som foregår nå i Falun var det Terese Johaug som slo til…

Google

Da hun skulle beskrive sitt flotte seiersløp på 15-km m/skibytte, og om hvordan hun ventet til “mørdarebakken” med å sette inn seiersstøtet kom det en ny språkmodernisering. Hun sa da at det gjelder “å ha is i buken” og ikke sette inn støtet for tidlig. Den gamle versjonen “is i magen” ble lagt på is den dagen.

Litt artig var begge nyuttrykene, og sannelig har jeg hørt flere som har brukt dem i etterkant.

Til slutt håper jeg at guttene får bedre redskap å gå på under morgendagens 15 km. Lykke til i alle fall

 

Ettersom markene er snøkvite—

her idag kan det vera greitt å minna om at dagen er Per Varmestein, og den markerer den tidlegaste vårdagen! Det var visst St Peter som kasta ein glødande stein i vatnet denne dagen, han var vel lei av vinteren han også.
No tek tele, is og snø til å smelte nedanfrå og isen vert såpass usikker at til og med reven ikkje vågar seg utpå den.
Skulle du likevel rota deg ut på isen, og så gå gjennom, seier den gamle skikken at då har ingen ansvar for å berga deg, det får du geia på eiga hand. Altså hald deg på fast grunn no utetter.
Verspådomen her på vestlandet er at dersom dagen i dag er kald, vert det ein kald vår, så dagens snøver spår ikkje godt.  Ser du derimot sol nok til å sale av og på hesten fleire gonger vert det ein god sumar og eit godt år, så det er berre å finna fram seletøyet om du ser ei sprekke i skylaget.

Så over til St Peter.

Google.

Han var som kjend ein av apostlane, kanskje den mest betrudde. I alle fall vart han den aller fyrste katolske paven. Han vart drepen under kristenforfylgjingane i år 64, og gravlagd der Peterskyrkja i dag står. Det var då, ifylgje segnene, den heilage St Peter som kasta den varme steinen…

Ha ein god dag og hald dykk unna islagde vatn…
 

Lauskanoner på dekk og sånn…

I 1628 vart eit stort svensk krigsskip, det såkalte Vasaskeppet, sjøsett på Stockholms havn for så nesten med ein gong å kantra og søkkje. Ei av årsakene til havariet var visst at dei store og tunge kanonene på dekk var for dårleg festa og og rulla over til eine sida av båten då den fekk ei slagside, og vips – båten trilla rundt og sakk.

Google

I desse dagar ser det ut til at me har eit politisk parti som ikkje kjenner denne tragiske vasasoga og har sjølv gløymt å binda kanonene sine. Om båten vil bera no er eg slett ikkje sikker på, men her er eit par eksempel på lauskanonene.

Etter siste stortingsvalet inngjekk Høgre og Framstegsparitet ei samarbeidsavtale med Krf og Venstre som skulle sikra regjeringsskuta til Erna. Å  seia at dette samarbeidet har vore nært og godt er vel ei stor overdriving.
I samband med ein budsjettkrangel partia hadde slo den fyrste lauskanona, Mazyar Keshvari til og gav Krf og Venstre karakteristikken “Tullepartia”. Dette skapte sjølvsagt himmelsk stemning i samarbeidet, så Frp laut ut med brannkorps og tauverk for både å sløkkja brannen og festa kanona att.

 

Det brannsløkkjarane ikkje hadde kontrollert var om andre kanoner trong å festast betre, for der er visst nok av kanoner på det skipet. Forresten, sjølve storkanona “tjukkeberta” fins det ikkje sterkt nok tauverk til, så brått ein morgon small det, og kula (Per Sandberg) var retta mot Krf med bodskapen. “Dette partiet har stort ansvar for radikalisering av unge muslimar”.
Me som lydde på radioprogrammet lurde med ein gong på om han Per hadde teke restane av akevitten etter eit berømt julebord for nokre år sidan, eller om det var inntaket av Møllers tran som hadde teke overhand.

I alle fall, den sindige bømlokaren Knut Arild vart, som venta; fly forbanna og forlangte ei årsaking. Den kom saman med eit oppgulp av gamle påstander. No er visst brannkorpsa i både Høgre og Frp i gong med å pumpa vatn og godord på han Knut Arild. Så då får me sjå kor, og kva tid den neste kanona smell av. Me lever i eit spanande politisk landsskap…

 

Reklame og sånn…


Google

Nå er jeg vel ikke helt som han der, men må innrømme at jeg kjenner et stikk av frustrasjon over all reklamen vi blir pådyttet.
Skal jeg i butikken å ha en rosinbolle lyser tilbudet, “Ta tre for kr 30” mot meg. Men jeg skal jo bare ha en, og da koster den kr 20!
Så er det alle “ta to betal for tre” eller-var-det-omvendt-tilbudene som lokker. Skal jeg ha en skjorte, ja da skal jeg ha en – ikke tre…

For to – tre år siden fant jeg ut at, enten måtte jeg anskaffe en mye større postkasse for å få plass til all reklamen, eller så måtte  jeg forhindre å få fylt den med dette søppelet/reklamen.
Jeg anskaffet meg så klistremerket “Nei til uønsket reklame”  og klistret det på kassen, og det hjalp – en stund.

For hva skjedde. Jo, min tidligere så bra avis, Bergens Tidende, ble etterhvert fylt med de reklamefolderne jeg ikke ønsket i min postkasse.
Jeg forstår forsåvidt BT, for etterhvert som stoffinnholdet i avisa har minket var det vel et behov for å fylle avisen med noe.
Til overmål har jeg den senere tid fått en dublett av reklamen lagt i postkassen så nå nærmer det seg neste mobbetilstander i postkassa mi.

Her er forresten dagens reklameinnlegg i avisa mi. 

Ha en reklamefri dag, om du finner en – og gi meg et tips om hvor den finnes!!!
 

Emotions…

Lørdag kveld fikk vi en flott kulturell opplevelse fremført av elever på Langhaugen videregående skole. Forestillingen ble fremvist i Grieghallen og det ble en nesten to timers fargerik opplevelse av musikk, sang og dans.
Her var innslag fra våre klassikere som Porkofiev og Mozart til U2 og Freddy Mercury, og de mange danseinnslagene med fulle scener og varierende fargerike kostymer begeistret oss alle.
De nesten 30-talls innslagene ble dels bundet sammen av moderne digital teknologi. Artig.

Programheftets forside.

Som sagt, det ble en flott opplevelse av sang, musikk og dans fremført av dyktige elever ved Langhaugen Videregående skole.
Elever og lærere hadde ærlig fortjent den stående applausen de fikk ved forestillingens slutt.
En tråd gjennom forestillingen var Olav H. Hauges flotte dikt, Din veg, og jeg gjengir gjerne dette diktet til ettertanke.

DIN VEG.

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er 
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.
 

RIP Maia…


Kikker ut over ditt revir.

R.I.P Maia.

Du kom til oss som ein liten unge,
ein svart liten ulldott med leik og liv.
Ingen dagar var mørke og tunge,
men fylt med glede og initiativ.

Jaktgleda di var alltid stor,
hagen heldt du fri for mus.
Du fanga jamvel ei småfrekk skjor
og musa drog du fram til vårt hus.

Alltid snill og kjælen,
aldri sur og brælen.
Favorittstaden var på eit fang,
der kunne du liggje kvelden lang.

Hytta var favorittstaden til katta,
der rådde du over store revir
og jakttida var halve natta
Då var du ute på dine eventyr.

Aldri synte du fram ei klo,
Du var både trufast og pen .
Alltid kjælen, snill og god,
ein trugen og takksam ven

Men alderen kom og du trøytna fort,
leiken og gleda forsvann.
Litt etter litt visna du bort
og mindre og mindre du vann.

Kjære Maia 18 år, takk for ditt følgje,
Takk til vår snille og trufaste katt.
No er du ute av livets bølgje.
Takk for gleda me saman har hatt.
13.02.2015.M-m.


Etter et godt måltid


Om læringspunkt og sånn…


Google


I løpet av den siste uken registrerer jeg at vi nå ser ut til å ha fått ett nyord i ordboka vår. Ordet er «læringspunkt» dukket  opp i forbindelse med etterforskningen av etterforskningen av en tragisk hendelse her i distriktet for et par år siden hvor en liten jente ble funnet død i sitt hjem, og hvor politiet raskt konkluderte med at det var et selvdrap.
Vi som kunne lese om saken i pressen undret oss over konklusjonen, og så vel bistandadvokat som andre kompetente ressurser stilte spørsmålstegn ved den.
Saken ble heldigvis åpnet igjen samtidig som politiets håndtering ble etterforsket.
Granskingsrapporten ble offentliggjort i forrige uke og konkluderte med at politiarbeidet som var utført sto under enhver kritikk.
Her ble påpekt mangler ved etterforskning, ved system, struktur og ikke minst ved ledelse ? altså stryk i alle ledd av prosessen.

Politimesteren kommer heldigvis med en uforbeholden unnskyldning til jentas mor samtidig som han kommenterer noen av de mange ankepunktene rapporten avdekker. Det er da jeg registrerer nyordet «læringspunkt».
Altså, alle de drepende kritiske punktene i rapporten har blitt til læringspunkter. Så sant, men var ikke dette punkter som skulle vært innlært lenge før denne saken dukket opp, og er det holdbart å bruke folk som mangler såpass mye kompetanse i jobben de er satt til å utføre.  Jeg bare spør.
Og ikke minst, er ikke nyordet med på å ufarliggjøre og nedtone alvoret i politiets håndtering av saken til noe bagatellmessig ? et læringspunkt.
Et apropos, det er ikke første gangen politiet sliter med troverdigheten i arbeidet sitt. Det er bare å minne om Trine-saken?

 

Tilslutt vil jeg opplyse om at etter at saken er gjenopptatt og at en person varetektsfengslet og siktet for ugjerningen.

Noko å tenkje på…

Men du lyt antakeleg venta eit heilt år på den neste sjansen. Kanskje du treng eit år til å skrapa samen til ei slik “investering”.

Google

Denne raudvinflaska kostar nemleg godt og vel 32.000,- og vart antakeleg utseld på polet i dag…Så ettertrakta er den at det var folk som hadde overnatta to netter i over 10 kuldegrader i kø i Oslo for å få for å få tak i denne vinen.

Google

Her får de eit gløtt av vingarden i Frankrike som produserer, og navnet på garden og vinen ser de på portstolpen. Eg skjøner på ein måte at ein ihuga samlar strekkjer seg langt for å få tak i ei flaske eller to av denne raudvinen. Men å liggje i to netter ute for å få tak i ei flaske, det er i alle fall ikkje meg.
Ville du ha lagt deg i kø framfor polet i to netter saman med dei hundre andre som gjorde det for å få tak i ei flaske eller to?