Jubilanten eller ?

 

Så har denne bloggen som opprinneleg var tenkt å vera ein kortvarig test i bruken av sosiale media greidd å verta 5 år, på det næraste. Det har vore 5 år med funderiar, og med kommantarar og spark i aust og vest. Så no står det att å takka for dei mange gode bidraga som er snappa opp og bearbeidd i desse åra.


Google.

Ei takk til dei som takkast skal, og bør.

Fyrst vil eg takka Frp for at dei er så flinke til å senda asylsøkjarar utan opphaldsløyve ut or landet. Å senda ut bornefamiliar som har vore lenge i landet her hjelper godt på statistikk og vallovnader. Dei kriminelle får heller bli. Forresten skal me visst no eksportera slike til soning i Belgia. Alle monnar dreg, seier dei.
Ja,så må me takka for at bompengeprosjekta vert freda. Korleis skulle me ha bygd vegar utan dei. Ja, kva skulle me ha gjort utan ho Siv ? eg berre spør..

Så ei takk til Erna. No skal me endeleg få shoppa sju dagar i veka. Ho har innfridd eit stort sakn i landet vårt. No ventar eg berre på neste valkampslovnad som sikkert vert opne butikkar 24/7.
Gled dykk shoppoholikarar.

Jonas lyt også få ei stor takk ettersom han syner oss at det som hender utafor landegrensene våre ikkje er viktig. Han har jo vore utanriksminister så han skulle jo veta noko om det.
Nei, la dei slost i Ukraina, Syria, og i Afrika, og la dei bombedrektige russiske krigsflya sleikja grensene våre. Me treng ikkje bry oss med det. Nei utanrikskomiteen kan me berre prioritera ned.

Takk Ola Borten Mo for at du fortel oss at å verna om venskap og gode relasjonar i partivenekrinsen er viktigare enn naturvernet. Me kan berre flytta på kraftliner og andre konstruksjonar til verna stader om dei vert for nærgåande for venskapen.

Så ei takk til Knut Arild for at me har fått ein ny bokstav inn i livssynsfaget. Bokstaven K står antakeleg for at Krf har fått sin favorittbokstav inn i dette faget. Gratulerer!

Trine Skei skal ha takk for ho prøver å halda eiga regjering i øyrene. Det er vel ikkje den lettaste øvinga, men skulle det røyna for mykje på sit vel ein vårkåt Lars og hoppar i fylkesmannsstolen,  ivrig etter å sleppa inn på scena.

Kva eg skal takka Audun for veit eg mest ikkje, for der i garden er dei i mot det meste, så det måtte verta ei takk for at dei prøver å fortelja oss at verbale angrep er det beste våpenet. Ja, og så har dei vore med på å overta barnestellet alt frå ungen din er eit år?Vert ungane berre surrogatborn for staten? Eg undrest?

 

Så var det han Rasmus. Takk for at du har ei god sak, men du lyt nok utvida reportuaret litt for å koma i dialog med resten av flokken i løvehola.

Til sist ei takk til mine gode bloggkontaktar, for deira gode innlegg og kommentarar. Til inspirasjon har de vore alle saman.
02.02.2015.M-m.