…så er det også den siste datoen i måneden og tid for en liten oppsummering av noen utvalgte begivenheter.
Først vil jeg benytte anledningen til å ønske alle mine kontakter og lesere en riktig god påske, selv om den nå snart synger på det siste verset.
Her på Vestlandet har vi antakelig har vi antakelig hatt den beste værpåsken i manns minne, hvor langt det måtte være.
Så over til noen av månedens begivenheter.
Mars 2013.
Så har to superkjendisar skilt lag,
Men sei meg, er det noko nytt ?
At kjendiseri og karrierejag
har endt i ein gedigen tårepytt.
Men, kva når kjærleiken tar kvelden?
Jau, då endar etterraksteren hjå Elden.
Så feirer me alle våre skiatletar.
Dei har ført heim ære og gull.
Utlendingen får berre småbetar
medan Ola lastar gullkista full.
Me må ikkje verta for høge på pæra;
Ingen veit kor lenge båten vil bera.
Så er valkampen i emning,
og partia høgg på kvarandre.
Samferdslekrangel skaper stemning
vegstubbar vil dei no forandre.
Med uløyste vegprosjekt heilt til ripa
seier eg berre: Kom med den gule stripa
Går du heime med ungar og steller,
då lyt du lyda på din minister.
Heimen har ikkje arbeid som «teller»,
det er for livets gratisturister.
Nei, finn deg no ein sømeleg yrke,
kor stresset rår, der finn du din styrke.
Fotballtrenar treng psykolog
for å skapa eit vinnarlag;
for å jaga bort sitt tapartankeflog
så sjølvkjensla kjem for ein dag.
Krevjande å springa etter ei kule,
anten laga er blå eller gule.
Så lyt eg vitja han Giske att
Han er travel på mobiltelefonen.
Han må visst ringja dag og natt,
for no er han oppe i kvarte millionen.
Men veneflokken er visst ganske stor,
Då er det?kje rart at rekninga gror.
31.03.2013.M-m.