Det er tid for eit lite årssamandrag att. Som vanleg gav året mykje å velja i, men gubben laut gjera eit kort utval frå sine hymner, og her kjem dei. Det fyrste som laut kommenterast var at mange av skitoppane våre heldt seg borte frå NM på ski, andre konkurransar gav antakeleg eit meir veldekka premiedbord. Så var det partikrangel og navnebyte for vårt kjære NSB. Norte Dame brann… I politikken skapte bompengepartia og dei grøne furore, og me fekk eit skammens år på fleire område. Året ebba ut med NAV-skandalen, og ikkje minst sjølvmordet til ein fargerik kunstnar: Resten av gubben sine funderingar gjennon året finn de på bloggen hans.
Google
Januar. Går idrotten seg no heilt bort, vert det for mange konkurransar? Er ikkje NM-gull lenger stort. Vert det for mange gullkalvdansar? Me har fått ein ny underhaldningsindustri. Og tida, sunn lekam i sunn sjel er forbi.
Februar. Me-too-Trond vil no innatt i varmen, men Jonas får truleg pes for det. Knut Arild står rådlaus i dørkarmen I Krf vert visst ingen borgarfred. Nokon i venstre vil kasta ho Trine. Ho slit nok med tillit frå veljarane sine.
Mars. Gratulera med navnebytet NSB, Her har de treft midt i blinken. Kven i alle dagar fann på det, var heile styret for hard på drinken. Kva i alle dagar skal Vy bety? Det er så dumt at ein kunne spy.
April. Å sjå Notre Dame i eit flammehav var eit utruleg og sørgjeleg «skue». Ein kristen verdsarv fall mest i grav, Kan tenkte ho då, Vår Frue? Anten ein er truande eller ateist var dette gripande og useieleg trist.
Mai. Rundt Bergen vert bompengekorta stokka, bomstasjonar vert bygd og flytte. Politikarar snik rundt på silkesokkar, motstandarar står med nevane knytte. Motstanden seier no at «Nok er nok», og spår snarleg politisk ragnarok.
Juni. Snåvar du skamlaus gjennom dagen, skjems du slett ikkje over å fly, eller å putta raudt kjøt i magen? Du kan visst berre reisa skamlaust med VY. Eg nektar å skjemmast over biffen i ny og ne, eg vil reisa og eta min mat i skamlaus fred.
Juli. Jaggu kom sumaren omsider, med tropevarme og brennheit sol. For gubben vart det litt varmt til tider, men godveret fekk han ut or sin stol. Klag ikkje på ei og anna tropenatt. Ver trygg, vestlandsveret er fort over oss att.
August. No skal det verta sengehalmkommers for Viagraen skal sleppast laus. Gamle gubbar, de skal no «til pers», heite sengjer der dei tidlegare fraus. Vin til middag og Viagra til natta. ei gladsak gamlingen snautt kunne fatta!
September. Her heime har det vore kommuneval etter ein heftig valkampstrid. Atter var dei gamle og ungane for sal Dei vert framgravne i valkamptid. Men ho Lan og han Trym tok siste stikk, No gjeld visst grønske og bompolitikk.
Oktober. Trekk i tilskot til tenner og briller, statsbudsjett si store kranglesak. Tilskot til sexsikringspiller og opposisjonen vakna med eit brak. Regjeringa krangla på kvar sin taburett, og vips, fekk me årets statsbudsjett.
November. Er du NAV-ar eller NAV-turist lyt du passa deg i desse dagar. Fleire slike har fridomen misst. Her hjelpte korkje bøner eller klagar. Rettsvesenet vårt gjekk seg vill i «lova». Sjølv høgsterett la seg visst til å sova..
Desember. Han var ven, kunstnar og fargeklatt, ein mangslungen, modig person. Brått mørkna det og vart svartaste natt, livet stogga på sjølvbygd endestasjon. Samstemd vert nok hans nekrologi. «Trist som faen» vart hans sorti. 31.12.2019.M-m.