Julepyntrydding!!


Google. Jeg fant ikke en passende illustrasjon til min misere.

Ja, så måtte det endeleg hende
at gamlegubben gjekk overende
Det gjekk i ei snøggfort vende
til han låg på golvet og spende.

Julepynten skulle ned i ein fei,
og gubben fann ein enkel vei.
Oppå ein krakk, ikkje altfor brei,
den jobben skulle vera grei.

Men gubben gløymer alder og år,
når han oppe på krakken står.
Balansen hans hadde veike kår,
der han strekte seg på  skjelvande lår.

Det gjekk nett som det kunne,
Brått var føtene under han svunne.
Hadde endedagen no opprunne,
hadde alderdommen omsider vunne?

Han låg på golvet, stunde og skreik.
Frua kom ilande skremd og bleik.
Dette som skulle gå som ein leik
vart ein heil annan steik.

Heile høgre sida var kaputt,
skadeoppteljing laut gjerast tilslutt.
Dagen vart smertefull og mutt,
og skadelista vart ikkje stutt.

Ei kraftig lårhøne fyrst på lista
så var to-tre ribbein brista
leddband i oksla kom sist på lista.
Ikkje rart at skrotten rista.

Så vart lekjaren konsultert,
og diagnoser vart adressert.
Medisin vart fort advisert,
Paralgin Forte vart aktivert.

Trur de at julestasen fekk fred,
når gubben ned frå krakken «gled»?
Nei, julepynten kom omsider ned
det var kjerringa som greidde det.

No sit han i stolen, pleier sine sår,
brista ribbein og lårhønelår.
Julestasen trygt i boden står.
godt det er lenge til neste år.
07.01.2020.M-m.

 

6 kommentarer
    1. Off a meg ! Men «elendigheta» var jo veldig artig formulert da… God bedring og fortsett å skrive fine betraktninger av det som hender deg..og i samfunnet ellers 😊

    2. Nei, nei, nei! Eg går og leikar med tanken, men eg trur eg ventar til Tjuendedags-Knut kjem og hjelper meg med julepynten. Eg lot kona få få lesa kvadet, og då fekk eg all kjeften eg skal få når eg ramlar ned. Eg må nok henta inn gardintrappa eg nyttar ved plommeplukking, så slepp eg kanskje den tiraden ein gong til.
      Me sender vår beste ynskje om eit helsesamt og godt nytt år. Og ikkje gå ut på glattisen i plastcloggar.

      1. Haha. Her har både kjerring og ungar prøvd å fortelja kall og far at det fantest ei trøe i huset. Jaja, det hjeper ikkje stort no. No er det Paralgin som er “in”.
        Elles får eg underhalda meg med dei politiske rundkasta som kjem fram under vinterstormane, der er det fleire bidragsytarar enn Trumpen.

    3. Eg måtte legga til dette, ta det til deg!

      Slik kar var aldri funnen.
      så langt som soga veit.
      Og ordet flaug frå munnen
      så godt som sverdet beit.
      Du høyrd’n aldri mala
      i klynk om sine kår.
      Den guten kunne tala
      med skjemt om sine sår

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg