Passa han på oss..


Han fylgde oss heile vegen frå Amsterdam til Palma. Eg var sikker på at det var han Putin som ville ha greie på kvar gamlegubben hadde forvilla seg no. Men brått kunne eg skimta KLM på haleroret og då slepte paranoiaen taket. Det var antakeleg hollendarar som var i same ærend som meg, nemleg å røma fra vind, regn og annan styggedom.

Så her kjennes susen frå palmane, eller kanskje det er ørskesus etter paraplyane med godstoff under. I alle høve, sola skin og gradestokken viser 20 grader over det eg registrerte på Flesland.

Likt og ulikt…

Nå er det så lenge siden jeg blogga at det føles som jeg har gått inn i den store sommerdvalen. Men så, her om morgenen, når jeg lyttet til vår lokale morgensending i radioen var det et intervju med en fortvilt far som hadde et barn som ble et problem både for seg selv og andre da det begynte på skolen. Grunnen, slik faren beskrev det, var at gutten allerede i toårs alderen lærte seg alfabetet og straks etterpå knekte lesekoden. Ha lærte å regne lenge før skolestart, og han var tydeligvis en talentfull og kunnskapstørst gutt.
Hans forventninger til skolen var store og hans skuffelse over ikke å få oppfylt disse da han begynte på skolen førte til kjedsommelighet og problemadferd. Skolene flommes sikkert ikke over av slike talenter, men i dagens enhetsskole finnes det antakelig ikke opplegg som kan hjelpe de spesielle talentene.
Derimot er det stuereint å sende idrettstalenter på skolen som utvikler de sportslige talentene. Dette er for meg et paradoks, og ikke minst en diskriminering av våre spesielle teoretiske talenter.

Google.
Dette er ikke for å henge ut spesielle personer, men for å illustrere at enkelte talenter tilbringer enhetsskolen, slik den praktiseres i dag i kjedsommelighet. Jeg vet at det gjøres noe for å utvikle talentene, men det er fremdeles en lang vei å gå.

Likare skal alle vera ?

Har du talent for idrott og sport
kjem utdaningstilbodet heller fort.
Du er velkomen til sportsgymnas,
på talentet ditt vert det gjort stas.

Du får utvikla ditt idrottstalent,
utviklinga di er ikkje sett på vent.
Du trivs, og kan gjera det stort
av tilrettelegging samfunnet har gjort.

Men, har du givnad for «matte»
må normene fylgjast, det må du fatte.
I det boklege skal ingen skiljast ut,
fylg «mainstreamen», jente og gut.

Sit der på skulen i keisame dagar
medan kunnskapstyrsten plagar.
Tolma deg, vent på dei andre,
fanga i system ingen vil forandre.

No må politikarane vakna opp,
utan talentutvikling vert det stopp.
Me treng alle å utvikla våre talent,
slik byggjest eit betre framtidsfundament.
21.05.2015.M-m.

 

Det måtte berre ut…


Google

Drittjobben?

Så vart drittjobben endeleg gjort,
godt det ikkje er dagleg sport.
Kva gjer du når dassen går tett,
utan potta er?kje livet så lett.

Så kjem spekulatoren i gong,
kanskje grannen kan letta din trong,
medan eg ventar på redningsmannen
og goodwill og tolmod frå grannen.

Brått høyrer eg at pumpebilen stoppar,
han har reiskap som fjernar proppar.
Med pumpe, trykkluft og stakestong
er rørsjauen straks i gong.

Eg venta ikkje lenge på resultatet
etter behandlinga med mirakelapparatet.
Eit drag i snora og skåla var tømt,
all styggedomen i røret hadde «rømt».

Lukkeleg finn ein atter roen,
no kan det brukast, både badet og doen.
I kvardagen må alt det tekniske verke.
Eit lite problem, og alt går på tverke.
12.05.2014.M-m.

På’an igjen…

Så er båten sjøsatt og gubben er klar for nye “tokt”.

I sitt rette element, på årets første prøvetur.

Alt ser ut til å fungere. I dag skal datter og svigersønn gjøre strandhogg mens gubben tar båten hjem igjen.
Det er svigersønnens bilder jeg viser i dag, og her er et par av motivene her ute i skjærgården.

En gammel mosegrodd møllestein vitner om landbruksaktiviteter her ute ved kysten i gamle dager.

En og annen jettegryte fins også her ute i sjøkanten.

Forlatte skjell er rimeligvis ingen sjeldenhet.

Vel dette var noen bilder fra dagens prøvetur med etterfølgende strandhogg.
Den store fiskefangsten får dere vente på, haha.

Tomme stillas…


Ja, slik står malingsprosjektet mitt nå – absolutt stille.
Hvorfor ? Jo, fordi høyere makter må ha tatt feil av regndansene nede i Afrika og så feilsendt regnskyllene nordover til oss i stedet. I alle fall er utemaling for tiden komplett umulig. Og jeg som var overbevist om at vi nå er inne i mai, den skjønne, milde.
Nå er det slik at moderne maling tørker på rekordtid, men det er ikke langt mellom regndråpene heller!
Så er det bare å håpe på at stillasutleieren ser i nåde på oss når han skriver regningen, ettersom det kan se ut for at vi kommer til å oversitte avtalt leietid.
Hermed oppfordres alle mine bloggkontakter til å utføre regndanser med adresse Afrika. Der trenger de nedbør…Her på berget har vi nok av det…

Så er me igong…

Me er i gong?

Me er atter på plass og i gong,
med ein heilt ny grillsesong.
Ventar på fyrste varme dagen
til å putta litt brunsvidd svinekjøt i magen.

Så rann dagen den andre mai,
i dag vert det ikkje ovnsbakt pai.
Strålande sol og varme på terrassen,
ut kom grillen og luftmadrassen.

Svinefileten vart fort gjort klar,
grillinga, det var jobben hans far.
Filet og pølser kom på grillen
som eit resultat av vårbasillen.

I dag var gubben heldig «minsanten»,
ikkje noko vart svidd i kanten.
Så han var heldig med grilldebyen,
og lett for han ned, sumarmenyen.
04.05.2015.M-m.

 

 

Aprilsamandraget..

Denne månaden har også gjeve meg ting å fundera over. Her vil politikarane halda meir løynd kva dei driv med, så skal me få smaka når grauten er ferdigtygd. Så har dei blågulgrøne krangla så busta fyk om asylborna medan Jonas har sete heilt still i båten.
Men den pussigaste saka var utvilsamt krimsjuka til prins Hendrik då kona feira 75-års dag. Men au, så vart han “knipen” Venezia midt i feiringa. Då kom det for dagen at han var furten avdi kona ikkje ville gje han kongetittel. Ja, dei slit ille i desse krinsane. Skulle gjerne ha vore floge på veggen ved det kongelege frukostbordet då denne saka var oppe.
Det er noko rart med kongehusa her oppe i nord. Medan den danske prinsen furtar over at han ikkje vert konge vert svenskeknugen kalla “den motvillige monarken”. Det siste var ein boktittel etter monarkens lystturar rundt på dei stockholmske strippeklubbane. Jaja!


Google

April 2015.

Så er ho over, påska i år.
Hotell og hytter står tomme att.
Utruleg kor fort alle dagane går,
I snø, sol og peiskos til langt på natt.
Men gløymde du grunnen til påskefesten?
Vart hytta for trong for den heilage gjesten?

«Unntatt offentlighet!» Høyrt det før?
Politikarane vil innføra «dei lukka rom».
Medan dei skraut av si vidopne dør
skal almugen no møta avstengd bom.
Hugs! Ver alltid vaken og alltid på vakt.
Politikarar som stengjer, vil auka si makt.

Regjeringa vaklar frå side til side,
dei slit med taparsaker i fleng.
Lengebuande ungar laut ut og lide,
Krekar og Bhatti under Ernas veng.
Og så vert visst søndagen handledag,
Hurra! Då utvider me vårt shoppingjag.

Dei blågulgrøne kranglar og slest,
og Jonas sit aldeles stilt i båten.
Han veit nok at då er det best
å lyda på den politiske gråten.
Om asylborna får prøvd saka på nytt
er visst for han Jonas berre, pytt-pytt.

Fotballen triller, det er vår!
Tribuneslitaren vaknar frå dvala.
Skal laget vårt toppa tabellen i år
eller skal det liggja i botnen og bala.
Med tårer, sinne skrik og skrål
skal laget manast til å skåra mål.

Den danske dronninga har feira dag,
men kvar vart det av gemalen?
Han var?kje å finna i det royale lag,
angjeveleg i senga , krimsjuk og valen.
Nei, han boikotta visst heile festen,
i Venezia fann nokon den villfarne gjesten

Han vart visst vonbråten og sår
då han ikkje fekk kongetittel.
Og ettersom tida går og går
er livsboka no i siste kapittel.
Drittlei av alltid å spela andrefiolin,
gøymt bak kona på slottets baldakin.
30.04.2015.M-m.