Så er me igong…

Me er i gong?

Me er atter på plass og i gong,
med ein heilt ny grillsesong.
Ventar på fyrste varme dagen
til å putta litt brunsvidd svinekjøt i magen.

Så rann dagen den andre mai,
i dag vert det ikkje ovnsbakt pai.
Strålande sol og varme på terrassen,
ut kom grillen og luftmadrassen.

Svinefileten vart fort gjort klar,
grillinga, det var jobben hans far.
Filet og pølser kom på grillen
som eit resultat av vårbasillen.

I dag var gubben heldig «minsanten»,
ikkje noko vart svidd i kanten.
Så han var heldig med grilldebyen,
og lett for han ned, sumarmenyen.
04.05.2015.M-m.

 

 

4 kommentarer
    1. Godt at du grilla i går
      med varmegrader og himmel klår
      I dag er det verre
      gradene er ferre
      Nordavinden jagar oss inn
      me leitar i skåpet og finn
      den varmaste jakke
      og skal me ut, blir det vinterfrakke.

    2. Oldemorbloggen:
      Gubben var ikkje lenge i Paradiset
      før høgare makter tok fram riset.
      Det regna både i spann og bøtter,
      innedag for folk og krøtter.
      Dagen vart utan brunsvidd biff
      olja med ein terrassaaperitiff.

    3. Nei, no reknar eg med at du har berga inn grillkol, krydder og parasoll. Vårherre vil nok minna oss om at me bur i gamle Noreg nørdst i grendom. og du kan angre på at du ikkje tok ei veke til i Syden. Du får setja ut ei ekstra fortøying på skipet, og venta på at austavinden gir seg. Så i kveld får du gå i hamnekneipa og menga deg med dei andre sjøfolka.

    4. Pedro: Kneipa er stengd i ei grend med mange gamle gubbar, men har fått stilas på huset og administrerer malingsprosessen. Det er ein stor jobb for ein liten gamal gubbe her kor regnbygene kjem tettare enn bilane på E-18. Vårherre tenkjer visst ikkje på kor dyr stillasleiga er. Ha ein fin dag i eit tettbygd strøk…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg