Tunge tider, eller livsrøynsle.


Kilde.:Ung.no

 

 

Den fyrste.


Brått lyste rommet opp,

av eit andlet, av lysande augo.

Berre du var der.

Eg såg berre deg.

Eit kort møte.


Kunne ikkje gløyma augo,

Kunne ikkje gløyma smilet.

Du brann i meg.

For fyrste gongen

kjende eg kjærleik.


Om hausten såg eg deg att,

elden i oss vaks.

Eg fekk kjenna deg,

kjenna på deg,

kjenna varmen din.


Kjærteikn og inderlege kyss

kjenna din kropp mot min,

kvar einaste kveld.

Korte, inderlege stunder.

Eg var i himmelen.


Du var den vakraste på jord,

den varmaste, den mjukaste.

Berre til for meg.

Me kjendes skapt for kvarandre,

Utruleg!


Så vart ljoset brått veikare

skuggar på elskovshimmelen.

Tvilen kom snikande,

Losna dei intense banda no

Var alt over ?


Så brått, vart ho borte frå meg.

Heile verda gjekk sund.

Eg sto att naken og åleine,

Var det slutten for deg.

Nei, berre den fyrste forelskinga.

17.09.2009.M-m.