Junihymne 2018…


Google.
Denne månaden har bydd på litt av kvart.
Fyrst og fremst er det vel det overraskande møtet  som fann stad i Singapore og som gav verda visse voner om at vit, og ikkje dumskap og beisk retorikk tonesett av raketthyl og bombesmellar kan verta avløyst av forhandlingar og avspenning. Me får venta, vona, og sjå.
Så har NRK gjennomført ei ny minutt for minuttsending. Denne gongen med framføring av Edvard Griegs samla toneproduksjon. Gubben fekk med seg mykje vakker musikk dei 30 timane programmet varde, og A-mollkonserten vart eit høgdepunkt.
Elles har vel mange av oss vore klistra til TV-ruta både dagar og kveldar. Fotball-VM kunne ikkje gå “hus forbi”, heller ikkje i gubben si TV-rute.
Byråkrati og misoppfatta miljøvern (det gjeld ikkje heliumballongane, sjå nedanfor) har også vore innom tankane til gubben denne månaden. De får sjå gjennom hymnet.
FORRESTEN, ei sak som har dukka opp i media dei siste dagane er at overskytande HVP-vaksine (mot livmorhalskreft) likevel ikkje skal delast ut til rusavhengige og andre svake grupper. Årsaka skal vissnok vera at dei har skifta til eit nytt vaksinemerke og då seier reglane at den “gamle” vaksinen må destuerast. Dette er å setja byråkrati framfor liv og helse! No må nokon ta til vitet!

Junihymne 2018.

Vidgjetne handtrykk, det er greitt
før eit underleg brushanemøte.
Store ord og fleskefeitt
når dei skulle fredssokkene spøte.
Men vart verda ein fredelegare stad?
Me ynskjer alle at det skal verta bra.

Men kva kom ut av seansen,
mange vil hevda, tomme ord.
Frp greip så den fyrste sjansen
å duka for Trump eit fredsprisbord.
Eg trur det er klokt med litt is i magen.
Vent til fredsrøyndomen kjem for dagen.

Har miljøtanken gått heilt gale
no som fullgode bilar vert vraka?
Rett nok har dieselbileigaren det «bale»,
men tener verkjeleg vrakinga miljøsaka?
For kvar bil som vert skrota i bygd og by
lyt det faktisk oftast byggjast ein ny.

Så har me feira Edvard Grieg.
Heile haans livsverk ute til pynt.
Hans A-mollkonsert var mektig og digg
Dovregubbens hall og tonar til Peer Gynt.
Takk til NRK for fantastiske stunder
med norsk musikk som aldri går under.

Er du sjuk så du misser «lappen»,
og lyt levera inn førarkortet ditt.
Gå då til politiet på raude rappen
og saka ordnest raskt og ekspeditt.
Når du er autorisert til å få lappen att
tek det vekevis før du sit bak ditt ratt.

Kva er så årsaka til denne barriere?
Du kjenner vel ordet byråkrati.
Framfor fire instansar må du passere
og alle har si saksbehandlingstid.
Er arka avkrossa feil, ingen pardong,
og runden lyt takast enno ein gong.

Heliumballongar har no vorte fy,
det skjøner me eigentleg godt.
Største sjukehuset i Bergen by
tykte forbodet  var klokt og godt.
Men sjukehuskiosken, kva gjer så dei?
Jau, sel heliumballongar «i vilden vei».
30.06.2018.M-m.


En liten peonblomst fra hagen hilser sommeren.

I dag….


Google.

…som me endeleg kjenner at sumaren har lagt seg over “Vestland”, me får venna oss til det nyvedtekne fylkesnamnet, er det endeleg klima for eit lite blogginnlegg. Borte er den uvande sumaren med tørke og sydenvarme i over ein månad. Borte er forbod mot grilling og lauslivnad i skog og mark, og borte er dødsangsten i matsentra våre mot å brenna inne med all den opp-prisa grillmaten. Vårherre sørgde for at dei ikkje trong å flytta grillbeina sine over i “utgått-på-dato” – hylla si.
Borte er også adonisar og badenymfer frå badestrender i bygd og by.
No er me heldigvis attende til til den vanlege klimakjensla på denne tida – nordavind, regnbyger og 10-12 grader. Eg har ofte saqt at temperaturen jonsokafta og juleafta er om lag den same her hjå oss, mellom 8 og 10 grader. Det ser ut for at den statistikken vert innfridd i år også.
No er det berre å finna fram ullbroka, paraplyen og billigbiffen og gå ut på terrassen og fyra opp grillvidunderet å koma i gong med den vestlandske sumaren.
Du er trygg på at politi og brannvakter held seg borte i dette veret.

Det var då pessimistiske tonar nå som sumaren renn ned over oss. Nei, me er van med dette veromslaget når skulane sluttar og fellesferien stundar til. Like sikkert er det at når skulen tek til at i august og når dei fleste er attende ved arbeidspulten sin, ja då er sumaren også attende.
God sumar!

Hol i hovudet, eller berre hol?


Stole frå Bergens Tidende. (orsak tjuveriet).
 

Det måtte koma ein gong. Fullt brukande dieselbilar vert no hogde opp ved overgong til EL-bil. Ein offentleg etat i Bergen sender no sine dieselbilar til skroting når dei kjøper nye EL-bilar.
Me er vel alle no etter kvart klår over at EL-bilen meir og meir tek over etter fossilbilane, men er det verkjeleg tanken, og er det bærekraftig å skrote dieselbilen medan han framleis er i god og kjørbar stand. Politikarar og byråkratar gjer sitt beste for å få bort fossilbilane. Avgifter, bompengar og køyrerestriksjonar  er deira verkemiddel til det. Men ærleg tala. det kan ikkje vera meining i å skrota gode bilar før dei har nådd sin tekniske levealder.
Kvar vert det av miljøgevinsten når det lyt produserast fleire EL-bilar for å erstatta dei for tidleg kondemnerte dieselbilane? Å produsera EL-bilen er minst like miljøbelastande som å produsera fossilbilen, og kva med avhending av bilen, gjenbruk/destruksjon av batteri. Mykje står att å avklara mht miljøfottrykket EL-bilen kjem til å sitja.
Ein ting vil eg i alle fall hevda. Å skrota bilar som er fullt kjørbare, og som held seg innafor rammene som er sett for miljøfotavtrykk, kan umuleg vera god miljøpolitikk. 

Når vinden uler og regnet fosser ned…

…kan det kanskje være på sin plass å tenke på den fantastiske måneden vi har lagt bak oss her vest med sol og fint hver dag. Ja, så fint at brannfare har ført til grillforbud og kjøpesentra som “brenner” inne med alle grilltilbudene sine. Nå har så Vårherre overtatt grillforbudet, for den som i dag fristes til å fyre opp grillen ute må enten ha tatt for mye Møllers tran eller blitt slått i hodet av en altfor intens grillabstinens.
Vel, summa summarum trengte vi nok dette regnet for å holde liv i eng og planter, og ikke minst for å redusere den store brannfaren tørken førte med seg.

Gubben tilbragte en uke nede i palmeland, og i dag kunne det være opportunt å mimre litt mens regnet og vinden trommer mot ruta. Uka på Mallorca var bra den, men det var ikke den store varmen der, og hjemmetemperaturen var nok mye av tiden høyere enn der vi nytte paraplydrinken.


På vei langs strandpromenaden passerte vi stadig slike sandkunstverk, og her er det en drake som ligger “fanget”. Jeg ble forresten fortalt at sanden på Alcudiastranden egner seg spesielt godt til produksjon av slike kunstverk. Det at menge turister passerer dem til og fra gamlebyen er sikkert heller ingen ulempe for kunstnerne.


Denne kvelden falt middagsvalget på grillspyd. Får håpe at disse spydene bare er brukt til grillformål. Forresten skal sies at middagen smakte helt fortreffelig.


På veien hjem til hotellet fristet dette solnedgangsbildet.


…og stranda ligger øde og tom etter en hektisk strand – og – badedag.


Men vi skal ikke glemme hva som møtte oss da vi kom hjem. Den gamle rhododendroen sto i tilnærmet full blomst.
 

Askeavkok m.m.

Hin dagen fann eg ein artig karrikatur på FB, og då vart freistinga for stor. Eg laut skribla ned eit lite rim.

Gamalt avkok.

Høyrt om askeavkokstida,
då askeskogane laut lida?
Då trea vart kokt til askesupe
og litervis for ned kvar ein strupe

No skulle lekjast giktbrotne bein,
magen skulle ikkje meir vera klein.
Kallen skulle no kunna fyra opp stasen.
og brått kunne verta den gamle basen.

Men då kjerringa hadde inspeksjon
var det ingen teikn til ereksjon
for utstyret hang der enno til tørk
Avkoket hans kom frå hengjebjørk.
07.06.2018.M-m.

Lett skal det ikke være…


I dag er denne maskinen litt vrangvillig, men det kan gubben også være, så han får slå seg til tåls med at dette ikke er dagen for å skrive tekst over øverste bildet. Det skal forestille jakten på dagens middag her sørpå. Fruen studerer menyen, godt hjulpet av stedets innkaster.
Grunnen til at hun står der er at vi syntes at det ble alt for varmt i steinrøysa og måtte nedover til Mallorca for å kjøle oss ned. Vel, spøk tilside, her er nok varmt og godt her også, til og med føles nordavinden lunere her nede.


Det var dags for et fiskemåltid i dag, og gubhben er i gang med livretten sin når han er på disse kanter. Hvilken fisk det er kan dere gjette på, men så mye kan sies at det er sjelden den serveres i vårt hjem.

Gode og mette, og på veien hjem møtte vi denne karen. Han ser ut til å ha fått i seg noe større porsjoner enn oss. At det var en gubbe synes jeg gikk fram av hele gestalten, selv om det kan næres visse tvil. Liten tvil er det imidlertid at det vanket noen slanter på den lokale kunstneren.
Vel, dette ble en liten hilsen fra to solsteikte og mette sommerkropper.