—på om eg skal halda i gong bloggen min ei stund til, eller om dette skal verta stunda då bestikket vert lagt ned for godt. “Nok en nok” høyrer ein ofte, og kanskje er det tida å tenkja på for funderiene mine også no.
Året som er på hell har vore eit “annus horribilis” for den nære slekta, i så måte kan det – og – bør det vel berre gå oppover neste år.
Eg kjem til å fundera på ting og tang framover også. Om skrivekløa tek overhand og om tankane kjem ned på “papiret” gjenstår å sjå.
I alle høve vil eg ynskja alle mine bloggvener og kontaktar eit GODT NYTT ÅR!
Så over til nyttårsforsettene.: Lukke til!!
Eg står over…
Desember 2013.
Så har korset vorte eit problem
for kringkastingssjefen vår.
Han likar ikkje at kristne emblem
framme i fjernsynsruta står.
Vår kulturarv har han såleis tilsidesett,
kasta den på båten, rett og slett.
Så har han endeleg landa,
guden som byen har venta lengje.
Pressa fylt med forvitskap til randa,
kom til Flesland i «store flengje».
Og der var han, vår frelsarmann;
den nye trenaren til Brann.
Hjelp, no vil EU fjerna kanelen.
Hovudsmaken i vår kjære skillingsbolle.
Må me også svelja den kamelen,
eg tykkjer at dette vert for «fjolle».
De fryktar visst at levra vår tar kvelden.
Godt at me då får behalda Martellen.
Så var det julevalets kval,
vert juletreet ekte eller av plast?
Hjå oss vart det eit enkelt val,
meinte husets grantreentusiast.
Smådyr og nåledryss til trass.
Grantrelukta lyt vera på plass.
No legg eg ned mitt bestikk.
Eit mangslunge år er på hell.
Så då vil eg fylgja sed og skikk
på dette årets siste kveld.
Eg takkar bloggvener for det gamle år,
med lukke til i det som framfor oss står.
31.12.2013.M-m.