Jaja, så er ho over…


Det er ikkje mange dagar sidan dette var biletet heime i stova hjå mange. Eg nytta ein av juledagane til eit lite skråblikk på desse travle, men vonleg for dei fleste, hyggelege dagane.

Jule(s)t(r)id.

Er du endeleg ferdig med adventstida,
ei tid du har vaska, baka og strida.
Har jula endeleg kome i stova,
og trøytt etter kavet; vil du helst sova?

Men trudde du at innkjøpa no var slutt?
Nei, du laut innom bua i siste minutt.
Måtte sikra at alt var på stell,
og at ingenting mangla ein julekveld.

Haugevis av gåver ligg  under juletre.
Vert det no endeleg julefred?
Julemiddagen er snart klar,
og ungane ventar på nissefar.

Men nissefar balar med sitt,
å få på drakta vert heller stritt.
Den som alltid har vore for stor,
kan den ha krympa frå i fjor?

Vesle Ola gløtta skremt på nissen,
medan han granska han frå foten til issen.
Så spurde han mora medan han lo,
Har nissen stole pappa sine sko?

Tida gjekk med utdeling av gåver,
og i godstolen sit gamlefar og sover.
Sokker og skjorte fekk den gamle krok,
i år vart han spard for «ondebrok».

Så er juleblotet endeleg slutt,
ungane i huset er tomme for futt.
Dei vaksne ser slutten på ei travel tid.
Godt det er ei stund til neste julestrid!

Men, har jula vorte borte i alt maset,
Skein ikkje julestjerna inn gjennom glaset.
Vart bodskapen borte i styr og stell,
og gløymde du den fyrste julekveld.
23.12.2013.M-m.

10 kommentarer
    1. Fetter JA: Ja, det vert vel i overkant mykje mas. Kan sikkert vera lurt om me kunne finna litt ro, i alle høve no i mellomjulsdagane. Men då skal vel gåver bytast og nyttårsfeiring førebuast.

    2. Fin sammenfatning av de siste dagers kos og mas.
      Når en står midt oppe i det tenker en: “Den første jul i et fremmed land”, kanskje det hadde vært løsningen, men etter en god natts søvn og en bra julefrokost kjennes det likevel bra å være til.
      Ha en fin romjul (og har du ikke rom så finnes det vel en liten skvett av noe annet etter sydenferien).

    3. Strengt tatt har vi feiret jul lenge før vi fikk høre om historiene fra jerusalem i dette landet så vi skal ikke bekymre oss så mye om religionen når vi feirer. Jul er høytid og moro for alle i den mørke tida, det er verdt en fest når sola snur!

    4. Landkrabben: Eg er ikkje sikker på om alle er einig i det synspunktet. Ein fest i mørketida kan me godt unne oss, men å generera festen bak det som hende i Jerusalem samstundes som me kavar og stresser slik at me i ettertid lurer på om det var slik me eigentleg ville ha det.
      Me kan vera samde dersom me kallar festen eit midtvintersblot og ikkje ei julefeiring.

    5. Anonym: Javisst er det mye bra med jula, og me finn då roa litt etter litt – saman med slekt og vener.
      Det eg funderer på er om me ikkje kunne hatt det like bra utan alt dette styret på førehand, eg tenkjer vel først og fremst på alt styret med dyre gåver, gåver som mottakaren allreide har etc.
      Nei skåpa er ikkje tomme enno. Ha ei fin romjul du også.

    6. fruensvilje: Ja, det er vel kanskje mitt poeng også. Jula kan vel bli vel så bra om vi ikke styrer så mye på. For meg er jula først og fremst familietreff og gode samtaler rundt et kaffebord, juletregange på julaften, og god julemat. Ha ei fin romjul…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg