Perlemorskyer

Har du sett den vakre perlemorskya
som forgyller både land og bya??
Som lyser opp morgonstunda,
og vekkjer deg glad som nett har blunda.

Kvifor vert du glad av slik ein vakker himmel,
Er du kanskje utvald i verdas folkevrimmel.
Eller har Vårherre gjeve deg ei trøyst,
har han høyrt di klagande røyst ?

Vil han letta trykket du har i magen,
eller er han i godlune nett denne dagen ?
Undrast ikkje på dette for lenge.
Grip dagen og stunda du hev fengje.

30.01.2009.M-m.

Vinterstemning

Et lite minne fra det første snøfallet før jul. Utrolig nok har vi mye av den snøen ennå, men den var nok ikke så ren og pen nå. Men Vårherre tenkte på det og, for i natt sendte han oss 5 cm nysnø, så idag er landskapet vakkert og hvitt igjen.
Det holder med 5 cm – måking er ikke min sterkeste side.
Etter vel en måned med utrolig og sjeldent vintervær her vest har enkelte begynt å mumle om at nå har vi hatt dette været for lenge – de lengter visstnok etter "sønnavind og vatn".
Hold kjeft og nyt de gode dagene. Vi får tidsnok slite på paraplyen her i bergensdistriktet.

Javel hr president

Javel herr president.

Ja, no har han Jens greidd det Kristin & Co har prøvd på i alle år , nemleg å skaffa landet ei meir moderne styringsform. Me har ei stund skjøna at kongemakta har vore under press frå ymse kantar, både frå utsida og innsida.
Så, etter siste stortingsval fann Jens at tida for endring var inne, og han utnemnde ein eigen samordningsminister. Han skal ha fleire funksjonar.
Fyrst og fremst skal han vel prøva å samla all den sprikande stauren han Jens har på ryggen sin. Så skal han halda auga med alt som rører seg i krinsen rundt han Jens, og kviskra Jens i øyra kva som rører seg i staurerøysa. Sist og ikkje minst skal han spreia informasjon ut til folket, sjølvsagt berre slik informasjon som folket toler å høyra.
Kva kongen seier til denne degraderinga veit vi ikkje, han plar ikkje la oss ta del i tankane sine, men kanskje me kan vona nokre ord om det i nyttårstalen.
Stortinget rasla litt med våpna, men ettersom Jens har kontroll med det meste av bølingen der,vart det berre eit slag i lause lufta.
Dette var berre nokre tankar som dukka fram no ved nyttårsleitet. Korleis Jens & Co vil videreføra denne kostitusjonelle overgangen vert spanande å sjå, men eg ser fram til utviklinga i saka. Her kan det, komande år, verta mykje underhaldning for almugen.
Apropos årsskiftet, me går no inn i året totusenogti, ikkje tjugeti. Det har vårt Kongelege Språkråd vedteke. Eg som tenkte at det naturlege ville vera å seia tjugeti ettersom me, til eksempel, sa nittennitti i tidlegare tider.
Jaja, min logikk samsvarer tydelegvis ikkje med språkrådet sin!
Likevel vil eg ynskja så vel kongen, som Jens og språkrådet eit godt og fredfylt totusenogti.
M-m.

Vårlengt

36. Vårlengt.

Ventar du på sol og vår.
Har du venta lenge no ?
Snart høgare oppe sola står,
og nører deg ei lita glo.

Ventar du på varme dagar
som vekkjer sjel og kropp?
Kanskje framtida seg lagar,
slik at du tinar opp.

Ventar du på ein ven,
ein som er deg kjær.
Ser du at han mot deg kjem ?
Snart så er han nær.

Ventar du på fred i sinnet,
fridd frå tunge stunder ?
Stunder som sit fast i minnet
då du mest gjekk under.

På ein ting skal du vera klår.
Ditt liv formar du sjølv.
Du haustar alltid det du sår.
Lukka kjem ikkje på ei fjøl.

Skøytetull

Nå holder Bøkko & Co på å gjøre skøytesporten uinteressant for meg. Har han ikke fått med seg grunnen til at Mueller er kastet som hovedtrener ? Sextrakkassering mot Maren Haugli er alvorlig. I stedet for å krangle seg til å beholde Mueller burde han ta skikkelig avstand fra den gamle trenerens oppførsel.
Maren Haugli må bare stå på. Deg vil jeg følge i OL. Lykke til !!