Mai har vore ein aktiv månad trass i mange heilagdagar.
Som det går fram av skribleria under har flyseteavgifta engasjert gubben såpass at den fekk heile to vers i maioversynet.
Elles tok , etter mitt syn, Kolberg kaka då han “tjuvkjende” forsvarssjefen frå stortingets talarstol medan han peikte på mannen som sat på galleriet.
Då vert prestenekten i Uskedalen berre blåbær i samanlikning.
Google
Mai 2016.
For lite og for seint er Jonas sitt mantra
i kritikken av regjeringas politikk.
Skal mest tru at borgarskuta har kantra
etter venstresidas syrlege kritikk.
Arbeidsløyse er alvorleg for mange;
Smarbeid lyt prøvast når tidene er trange.
Endeleg fekk venstre det som dei ville;
flyseteavgift vert ein realitet.
Ingen avgiftskroner skal gå til spilde
og folk si reiselyst skal roast ned.
Skit i om Rygge lyt leggjast ned
berre miljø og statskasse får fred.
Ein av fotballens store figurer
tykkjer at landet vårt vert for smått.
For her ligg pressa dagstøtt og lurer
på reiserekning og løn han har fått.
Ein toppjobb i FIFA er staden å vera
når mediakjøret vert for tungt å bera.
Indremisjonen i Uskedalen
likar ikkje at presten er ei kvinne.
Så no boikottar dei kyrkjesalen,
på bedehuset er rette trua å finne.
Der serverer kvinna kaffien og kakene;
medan mannen styrer dei gudelege sakene.
Flyseteavgifta er i vinden att.
Ho skal vera så god for vårt miljø.
Men kva anna er det enn ein skatt
som får reiselommeboka til å blø.
Nei, kall ikkje salt for sjokolade;
ærlegdom i politikken kan ikkje skade.
Forsvarsjefen får bank av Kolberg frå «stolen»
Då lyt me andre sitja stilt i båten.
Ministeren undrast og skalv under kjolen,
Har Bongo frå Kongo kjøpt heile flåten?
Litt patos og sinne og beisk retorikk
skal nok læra forsvarssjefen folkeskikk.
Så bar det til sydens varme og sol.
To heile veker i palmeskuggen.
Heime sto gubben sin gode stol
misunneleg og passe muggen.
Men gubben levde i palmesus og dus,
vinkrukka vart vald framfor hansabrus.
31.05.2016.M-m.