Mailudium 2016.

Mai har vore ein aktiv månad trass i mange heilagdagar.
Som det går fram av skribleria under har flyseteavgifta engasjert gubben såpass at den fekk heile to vers i maioversynet.
Elles tok , etter mitt syn, Kolberg kaka då han “tjuvkjende” forsvarssjefen frå stortingets talarstol medan han peikte på mannen som sat på galleriet.
Då vert prestenekten i Uskedalen berre blåbær i samanlikning.

Google

Mai 2016.

For lite og for seint er Jonas sitt mantra
i kritikken av regjeringas politikk.
Skal mest tru at borgarskuta har kantra
etter venstresidas syrlege kritikk.
Arbeidsløyse er alvorleg for mange;
Smarbeid lyt prøvast når tidene er trange.

Endeleg fekk venstre det som dei ville;
flyseteavgift vert ein realitet.
Ingen avgiftskroner skal gå til spilde
og folk si reiselyst skal roast ned.
Skit i om Rygge lyt leggjast ned
berre miljø og statskasse får fred.

Ein av fotballens store figurer
tykkjer at landet vårt vert for smått.
For her ligg pressa dagstøtt og lurer
på reiserekning og løn han har fått.
Ein toppjobb i FIFA er staden å vera
når mediakjøret vert for tungt å bera.

Indremisjonen i Uskedalen
likar ikkje at presten er ei kvinne.
Så no boikottar dei kyrkjesalen,
på bedehuset er rette trua å finne.
Der serverer kvinna kaffien og kakene;
medan mannen styrer dei gudelege sakene.

Flyseteavgifta er i vinden att.
Ho skal vera så god for vårt miljø.
Men kva anna er det enn ein skatt
som får reiselommeboka til å blø.
Nei, kall ikkje salt for sjokolade;
ærlegdom i politikken kan ikkje skade.

Forsvarsjefen får bank av Kolberg frå «stolen»
Då lyt me andre sitja stilt i båten.
Ministeren undrast og skalv under kjolen,
Har Bongo frå Kongo kjøpt heile flåten?
Litt patos og sinne og beisk retorikk
skal nok læra forsvarssjefen folkeskikk.

Så bar det til sydens varme og sol.
To heile veker i palmeskuggen.
Heime sto gubben sin gode stol
misunneleg og passe muggen.
Men gubben levde i palmesus og dus,
vinkrukka vart vald framfor hansabrus.
31.05.2016.M-m.

6 kommentarer
    1. fruensvilje: Ja, her er et sammensurium av lokalt og mer sentralt stoff, av og til skrevet etter innfallsmetoden. Det blir som det blir. Kjekt at noen leser det.
      Ha en sommerlig dag.

    2. Jeg får nyhetsoppdatering via versene dine, jeg – og det er ingen dårlig måte å få dem servert på! Her får både indremisjonen og politikerne sitt pass påskrevet av Gubben – som midlertidig har skiftet ut øl med vin (Det er vel for øvrig en del avgifter på den slags også? 😉

    3. Medan me vanlege slitarane har hatt nok med å gjennomleve denne festlege mai-månaden har du også hatt overskot til å dikte ditt månadskvad; og takk for det. Mange diktarar før deg har hatt utbytte av utanlandsopphald, så kanskje blekket flaut ekstra lett denne gongen. I dag burde kanskje eg og ta på meg diktarhatten og skriva. Her er nemleg utanlandsstemning med varme og godver; temperaturen stig kvar dag, og no ser me snart 30-talet.
      Nyt resten av ferien med mat, vin, badeliv og gode dagar.

    4. Pedro: Nei, eg greier nok ikkje å fylgja korkje Bjørnson eller Ibsen korkje i vindrikking eller, ikkje minst i dikning. Men no ser eg fram til at det kan koma nokre hylningskvad over godveret i storstaden. Her går det på det jamne – godver kvar dag.
      Eit par toreversbrak i går vart ei spanande avveksling
      Nei, finn fram badebuksa og dra til Huk og ta deg ein dukkert.

    5. karidansen: Apropos avgiftene, her nede nyt me dei, samstundes som me enno finn rom for litt solkrem i lommeboka. Jeg synes for øvrig at det kan være en utfordring å vri litt på øvrigheters gjøren og laden spesielt når jeg kommer over autoritets – eller makt(mis)bruk.
      Ellers skinner solen over våre syndige legemer hver dag her nede…Registrerer at det faller solstråler på dere også nå.
      Ha en fin dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg