Og eg som trudde at dette skulle vera ein månad utan dei store kalamitetane, men her vart etter kvart nok å fundera over denne månaden også. Sjå berre her.
Januar 2013.
Baking og brasing i desember
og matfesten fyller heile jula.
Vekta flyg over alle render,
magefeitt let seg?kje lenger skjula.
I januar gjeld lågkaloridietten,
då vert det stusseleg på asjetten.
Ansvar er eit underleg ord,
udefinerbart vil nokon seia.
Særleg på politikkens bord
vert det ei samansausa greia.
Vanlegvis har ansvar konsekvens,
men slik er det ikkje hjå han Jens.
No er sjukehusa under lupa,
her er det visst lite på stell.
Tillit frå folket tek til å stupa,
problemnyhende kvar einaste kveld.
Verst er det visst på A-hus og Aker,
for her er det mange traurige saker.
Ei flytting skal vera årsak til rotet,
folk lyt venta eller liggja på gongen.
Politikarane driv med nedroingsknotet,
er du kjend med denne Støresongen?
Korleis trur de dei løyser problema;
Jau, nye utval vert sikkert tema!
Så har me endeleg fått det på bordet,
og me tek det til etterretning.
«Fellesskap» det magiske valkampordet,
du høyrer det mest i kvar setning.
Eit raudgrønt mantra vil nokon seie,
så no kan dei blågule berre teie!
Blågul politikk er no i vinden,
Her peiker alle pilene opp.
Snart står vel Erna oppe på «tinden».
undrar, er popularitetsbølgja på topp?
Berre nokre månader til neste val,
og Jens, han lir vel valgets kval.
Så var det godsaka siste veka,
all hårklipp til same pris.
Likestilte skallar og nett som reka
kjønnskifte også på rekas vis ?
Er det målet til vår likskapskontrollør?
Eg seier det ikkje, eg berre spør.
Eg har mest gløymt den store saka,
kyrkja skal tapa vigselsretten.
Vonar me får behalda bryllupskaka,
brudgomstalen og brurebuketten.
Giftarmål vert vel til byråkrati,
slik det høver eit moderne demokrati.
29.01.2013.M-m.