Ja, så var januar over for dennen gongen…

Og eg som trudde at dette skulle vera ein månad utan dei store kalamitetane, men her vart etter kvart nok å fundera over denne månaden også. Sjå berre her.

Januar 2013.

Baking og brasing i desember
og matfesten fyller heile jula.
Vekta flyg over alle render,
magefeitt let seg?kje lenger skjula.
I januar gjeld lågkaloridietten,
då vert det stusseleg på asjetten.

Ansvar er eit underleg ord,
udefinerbart vil nokon seia.
Særleg på politikkens bord
vert det ei samansausa greia.
Vanlegvis har ansvar konsekvens,
men slik er det ikkje hjå han Jens.

No er sjukehusa under lupa,
her er det visst lite på stell.
Tillit frå folket tek til å stupa,
problemnyhende kvar einaste kveld.
Verst er det visst på A-hus og Aker,
for her er det mange traurige saker.

Ei flytting skal vera årsak til rotet,
folk lyt venta eller liggja på gongen.
Politikarane driv med nedroingsknotet,
er du kjend med denne Støresongen?
Korleis trur de dei løyser problema;
Jau, nye utval vert sikkert tema!

Så har me endeleg fått det på bordet,
og me tek det til etterretning.
«Fellesskap» det magiske valkampordet,
du høyrer det mest i kvar setning.
Eit raudgrønt mantra vil nokon seie,
så no kan dei blågule berre teie!

Blågul politikk er no i vinden,
Her peiker alle pilene opp.
Snart står vel Erna oppe på «tinden».
undrar, er popularitetsbølgja på topp?
Berre nokre månader til neste val,
og Jens, han lir vel valgets kval.

Så var det godsaka siste veka,
all hårklipp til same pris.
Likestilte skallar og nett som reka
kjønnskifte også på rekas vis ?
Er det målet til vår likskapskontrollør?
Eg seier det ikkje, eg berre spør.

Eg har mest gløymt den store saka,
kyrkja skal tapa vigselsretten.
Vonar me får behalda bryllupskaka,
brudgomstalen og brurebuketten.
Giftarmål vert vel til byråkrati,
slik det høver eit moderne demokrati.
29.01.2013.M-m.

4 kommentarer
    1. Når det fløker seg til i regjeringa tek dei ein runde med “stolleiken”. Såleis vil ein gløyme gamle fadeser og håpe at nye kostar feiar betre enn dei gamle.
      Ekteskapsinngåing har blitt ei daglegdags sak. Mange har både to og tre av det slaget før ein innser at lukka ikkje er så lett å finna. Då blir det litt strevsamt for prest og fut dersom dei skal ta del i alle endringane. Det greiast er vel å innføre ein “app”, så kan folk inngå ekteskap på mobilen.
      Ha ein fin januardag!

    2. Pedro: Jaudå Pedro, ein app er sjølvsagt tingen! At eg ikkje kom på den løysinga. For oss som har greidd oss med ein runde til futen treng me vel ikkje appen heller.
      Ha ein måkefri dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg