Gubbens årskavalkade 2014…


Google

Alle “seriøse” skribentar som kommenterer ymse tema som dukkar opp over året lagar gjerne eit samandrag over enkelthendingar og publiserer dette i romjula.
Slik også med funderiene mine, og her kjem ei lett blanding av hendingar, månad for månad… 

Gubben sin årskavalkade 2014?

Januar.
I år skal me feira grunnlova vår,
og då skal det verta festivitas.
Mykje gjevt folk på gjestelista står,
statsmenn og kongehus skal vera på plass.
Men svenskekongen ville halda seg borte.
Var han i beit for nystroken skjorte?

Nei, kungen hadde vel andre planer,
han er ein annsam gamal mann.
Rundt på nattklubb med fyrige damer,
og Sylvia sit heime og ventar på han.
Så no har ho antakeleg gått til streik.
Lei av gubben sin nattklubbleik?

Februar.
Så les me om årets sluttpakkefest;
ein toppsjef laut reise med hatten og frakken.
Over 30 millioner frå Sparebanken Vest
gav han råd til den dyraste konjakken.
Medan me sat og kjende grådigheitsstanken
glisa den avsette heile vegen frå banken.

Mars.
No er me i gong med eit bankspleiselag.
DNB treng meir pengar i kassa.
til å finansiera sjefen sitt pengejag;
det gjeld å få fylt madrassa.
I år fekk Bjerke ein halv million,
som takk for sin lukrative renteaksjon.

April.
No har kyrkjemøtet bestemt;
inga signing til einkjønna par.
Denne saka er svært betent,
kva tenkjer han no, den himmelske far.
Toleranse og kjærleik, fornekta og gløymt,
og urett i kyrkja sitt samvit er gøymt.

Mai.
Revidert statsbudsjett,
ein vårviss politisk prosess.
Vinkvoten vart tilgodesett,
i staden for røyk, eit velgaress?
Så får me billegare påhengsmotor,
så no vert vel farten på sjøen stor.

Juni.
Spanskekongen har sagt frå seg makta.
For mykje friller, vin og song,
og så den afrikanske elefantjakta
fekk han ned frå den kongelege balkong.
Kongen og folket lyt leva i pakt.
Utan tillit misser kongen si makt.

Juli.
Ei verd i konflikt i ferietider
og tallause liv går dagleg tapt.
I mange land dei maktgalne strider,
og i Gaza smell bombene kjapt.
Ei konflikt har meir enn ei side,
men her får uskuldige palestinarar lide.

August.
Så har skulen starta att,
utan lærarar denne gongen.
Elevar som ville ta skuleåret fatt,
står ute og høyrer streikesongen,
om tillitsbrot og arbeidstid.
Få slutt på striden, gjer dykk litt flid!

September.
Han Støre tenkjer ofte nytt,
no har kontantstøtta vorte så bra.
Men, AP-kvinnene kjende seg snytt,
kontantstøtte vil dei slett ikkje ha.
Nei, han Jonas lyt læra å spela på lag.
Partifornying er?kje gjort på ein dag.

Oktober.
Så er OL-diskusjonen terminert.
Folket sa nei til pampefesten.
Pengebruken kjendes malplassert,
IOC besto slett ikkje syretesten.
Eit parti torde ikke ta del i diskusjonen.
«Patetisk», karakteriserte dei konklusjonen.

November.
I millitære laut ein kvinneleg rekrutt
bada naken framfor heile troppen.
Ho protesterte høgt og resolutt,
men laut stille ut kvinnekroppen.
Så no er stripping i forsvaret legalisert.
Det har klagenemnda deira presisert.

Desember.
Tid for gubbens velikehaldsrutine.
Fyrst ein grundig hjartetest.
Så laut han ordna tennene sine
før den tilstundande julefest.
Ei tann laut erstattast med implantat,
delvis støtta av den norske stat.
31.12.2014.M-m.


 

Kalde bein…?

Nei, ikkje når ein har ei strikkeglad og strikkeflink datter som veit kva ein gamal far må ha på føtene kalde vinterdagar. 
Denne julegåva kom til god nytte i jula ettersom her kom både kulde og snø.
Skal eg mimra litt over julegåvene så var nok dei harde pakkane meir populære enn dei mjuke før i tida. I dag er det beint motsett, bortsett frå om det skulle liggja noko som klukka under treet då…Men hysj, det hender vel ikkje ?
Jula har elles vore av det rolege slaget med familie, god mat og dagbladkryssordet….!

Ha ei fin romjul… 

Handlesenterpolka…

Ettersom julestria og store deler av jula no er over, kan det kanskje vera greitt å sjå litt attende på ein førjulsaktivitet som det har vore mange deltakarar på, nemleg leiting etter ting og tang på handlesentra..
Det har sikkert vore ei triveleg jul for dei fleste, og no kan me kanskje ta oss tid til å finna det løgne i enkelte førjulsaktivitetar som kanskje, der og då var litt heftige eller pinlege.

Google

Handlesenterpolka.


No vil eg fortelje kva som hende sist veke.
Gubben laut ha seg ein tur på apoteket.
Han laut fylla oppatt medisinkista.
Viktig supplement til frukostnista.

Kjøpesenteret freista også frua,
mykje flott var der sjølvsagt å skua.
Tida gjekk, og gubben lei og sur,
såg fram til dagens middagslur.

Ein høveleg benk ville han finna,
og frua kunne rundt på senteret «spinna».
Brått fann han det han ville ha,
sette seg på benken, sliten og glad.

Medan frua fortsette shoppingrunden
sat han der, den slitne benkekunden.
Huva la han fram på eine sida.
Lutte fram, sovna, og var ute or tida.

Etter ei stund med leiting og øving
fekk frua nok av pruting og prøving.
Ho tok til å leita etter gubben sin.
Fann han sovande med ein pose medisin.

Her hadde han sove ein times tid
medan senterkundane seig forbi.
Tykte dei synd på den gamle karen
som framsto som litt ille faren.

Han var langt borte frå denne verda,
så frua laut rista han i kraftig i herda.
«Sit du her og søv?» kom det frå frua.
Han vakna og såg det låg pengar i huva.
23.12.2014.M-m.

Så er det snart kvelden…

Så har roa sege inn over huset og julesongar strøymer roleg ut i rommet frå radioen. Forresten er det underleg kor mange vers som har gått i gløymeboka.
Jaja, det får so vera. Det vert vel ikkje så mykje juletregonge heller, no som born og borneborn er vaksne.

Eg skal ikkje filosofera meir om julefred, juletregonge eller andre juletradisjonar. Me har nok alle nokre vi heldt fast ved til trass for dei omskiftande tidene.
Ein tradisjon er å ynskja kvarandre god jul, og den tradisjonen held eg på.

Difor vil eg ynskja alle mine facebok – og – bloggvener og andre som måtte vera innom dagens bloggtekst
ei god og fredfylt julehelg! 

 

Velg deg ein dag…

 
Google

Ein vakker dag.

 

Ein vakker dag

for deg.

er det?

Ein varm sumardag

Ein klår haustdag

Ein blenkjande vinterdag

Ein vonefull vårdag

eller er det,

Ein familiedag

Ein bestefar – eller ein bestemorsdag

Ein kjærastdag

Ein venedag

eller er det,

Ein kulturdag

Ein fargedag

Ein lesedag

Ein song – og – musikkdag.

 

Kva er din vakre dag ?

Vel deg ut ein dag

Gjer han til din dag i dag.

 

Forresten gløymde du

at din vakraste dag

er å gje andre ein

vakker dag ?

 

07.04.2010.M-m.

Skandalen…

Rådhussalen er stivpynta til stor festivitas. Kongehus, ministrar, diplomatar, ja dei fleste som betyr noko i Olalandet har reist seg opp for å heidra Malala Yousafzai og Kailash Satyarti som velfortent nett har fått overlevert medalje og diplom som prov på årets fredspris.
Då kjem brått ein kar og viftar med eit meksikansk flagg framfor fredsprisvinnarane. Etter ei kort stund (12 sek) vert den ubedne gjesten handfast ført ut frå den høgtidelege seremonien.
Eg sit  forfjamsa framfor TV-ruta og undrar meg. Var dette verkjeleg eit planlagd innslag eller var det ein inntrengjar som var på ferde.
Nei, det kunne ikkje vera det siste for i samband med fredsprisutdelinga hadde det hengt helikopter over tigerstaden i fleire dagar, og politi som var vepna til tennene såg ein over alt i sentrum. I tillegg til dette var vakthald og passeringskontrollar inn til seremonien i rådhuset bombesikre, bokstaveleg tala.
Sikringa av dei sårbare fredsprisvinnarane var på plass ? trudde me.

Ikkje minst var me trygge på at politi og ansvarlege for tryggleik som hadde fått mulitmillionars opprustning etter det me lyt kalla som den tragiske 22. juli skandalen då lite politiarbeid fungerte (ref Gjørvkommisjonen). Etter opprustinga er det halde større og mindre øvingar på tryggleiken kor me har vorte fortalt kor mykje betre sikringsarbeid fungerer no.

Så attende til episoden i råshuset. Det var nok ikkje ein av dei inviterte gjestene som kom fram i TV-ruta mi.. Det var ein inntrengjar som uhindra hadde passet alle kontrollar og nådd heilt fram til heidersgjestene. No ville lukka at han slett ikkje hadde planar om å skada nokon. Han ville ha litt blest om tilhøva for unge i sitt eige land, Mexico.
Men, kva om han hadde vore ein terrorist med våpen og vond vilje. Kva kunne då ha hendt. Det tanken torer eg ikkje tenkja ein gong.

 

Men kva vert nå gjort med denne sikringsskandalen.
Jau, politiet får vel i oppdrag å evaluera seg sjølv. Då ser eg føre meg at sluttrapporten etter den pinlege sikringsskandalen vert pakka inn i bomull, og kor ein eller annan av polititoppane stig fram i sin stilige uniform og tek episoden til etteretning (kva det måtte liggja i det).
Me toar våre hender og livet går vidare samstundes som me vert fortald at «nu går alt så meget betre».
Skal me tru på det .: NEI!

Ambisjon og realisme…

Skyvandring.

 

Eg. Satelitten

som fyk rundt i rommet

med store mål

og lita meining.

Du er raketten

som hentar meg nedatt,

frå mi villfaring,

høgt der oppe.

25.10.2009.M-m.

 

 

Sjuklingen…

Sist veke vart det mykje snakk om  medisinering av kjukling i oppdrettsnoreg, og om kva konsekvensar dette kan/vil ha på helsa vår, bakteriar, immunforsvar, resistens etc. Denne gamle gubben vart både fælen og forvirra.
At ein må vaska nevane når ein har behandla kjukling som ein seinare skal eta ???? Sjølvsagt vaskar me nevane jamt og samt i løpet av ein dag, men—-.
Er kjuklingen så tvilsam at me lyt ha ein spesiell vaskealarm veit eg ikkje om eg vil ta i han, langt mindre eta han.
Kva meiner de ? ?

Sjuklingen.

Mykje mat lyt han ha,
kjuklingen.
Antibiotika lyt han ha,
sjuklingen.
Mykje mat ispedd medisin.
Frisk lyt han vera,
difor penicilin.
32 dagar er alt han får
før han på bordet står.
Steikjast godt på panna
og så du lyt vaska handa.
Då er du trygg og bakteriefri,
men litt antibiotika får du,
på si?.
Men ver heilt trygg.
Fårlegare å verta stukken,
av ein mygg.
Er du trygg på all
industrimaten.
Trur du på all
matgodpraten.
Tja, har du eigentleg noko val?
Stort sett er det vel berre
konservert mat som ligg
ute for sal?
07.12.2014.M-m.

Quick fix…

For noen dager siden begynte det plutselig å blinke i det ene øyet mitt. Lynglimt ute på ene siden, så her låg frykten for netthinneløsning langt framme i tankene.
Imidlertid la lynaktiviteten seg over natta. I stedet svømte en ørliten prikk inne i øyet, noe jeg merket mens jeg leste.
For sikkerhets skyld ringte jeg min øyenlege og her fikk jeg time to dager senere.
Han undersøkte øyet og fant fort ut at det hadde løsnet en “glassbit” som samtidig hadde laget en liten rift i netthinneveggen, og det måtte fikses.
Min første tanke var at nå kommer det til å bli en omfattende og langvarig behandling.
Men nei. “Vi limer riften med laser” var legens medisin.

Google.
Så bar det inn på et behandlingsrom. og etter noen minutters laserblink var riften limt og jeg kunne forlate legesenterer med forsikring om at nå var problemene borte.
Hele prosessen hadde da tatt under to timer inkludert endel ventetid.
Det må da kunne kalles en “quick fix”.

…om vi av og til klager på ventetider og køer i helsetjenesten så var opplevelsen jeg hadde med øyeproblemet mitt udelt positiv. Raskere kunne det neppe ha gått fra jeg kontaktet legesenteret til jeg var ferdig behandlet!!!
 

Torsdag – dagen for raspeballer…

…eller komle, eller kompe, eller hva vet jeg…
Raspeballer er nok en av livrettene mine, det må jeg medgi, og i dag ble dagen for en helt spesiell matopplevelse.
Hvor?

Jo, på Helletun kafe ved Askøy Senter hvor Bjørghild holder et prima kjøkken, og hvor torsdagsraspeballene er et høydepunkt:


Raspeballene akkompagnert av salta fårelår, vossakorv og en deilig rotstuing gav gubben med følge en flott smaksopplevelse.


Her er vi i gang med vår fyldige middagsporsjon.


Desserten besto av hjemmelagde kaker og kaffe. Det smakte som bare hjemmelaget kan smake, utmerket!


Så det er bare å takke for et herlig måltid, og gubben lover en snarlig retur til grytene til Bjørghild.
Takk for oss…