Handlesenterpolka…

Ettersom julestria og store deler av jula no er over, kan det kanskje vera greitt å sjå litt attende på ein førjulsaktivitet som det har vore mange deltakarar på, nemleg leiting etter ting og tang på handlesentra..
Det har sikkert vore ei triveleg jul for dei fleste, og no kan me kanskje ta oss tid til å finna det løgne i enkelte førjulsaktivitetar som kanskje, der og då var litt heftige eller pinlege.

Google

Handlesenterpolka.


No vil eg fortelje kva som hende sist veke.
Gubben laut ha seg ein tur på apoteket.
Han laut fylla oppatt medisinkista.
Viktig supplement til frukostnista.

Kjøpesenteret freista også frua,
mykje flott var der sjølvsagt å skua.
Tida gjekk, og gubben lei og sur,
såg fram til dagens middagslur.

Ein høveleg benk ville han finna,
og frua kunne rundt på senteret «spinna».
Brått fann han det han ville ha,
sette seg på benken, sliten og glad.

Medan frua fortsette shoppingrunden
sat han der, den slitne benkekunden.
Huva la han fram på eine sida.
Lutte fram, sovna, og var ute or tida.

Etter ei stund med leiting og øving
fekk frua nok av pruting og prøving.
Ho tok til å leita etter gubben sin.
Fann han sovande med ein pose medisin.

Her hadde han sove ein times tid
medan senterkundane seig forbi.
Tykte dei synd på den gamle karen
som framsto som litt ille faren.

Han var langt borte frå denne verda,
så frua laut rista han i kraftig i herda.
«Sit du her og søv?» kom det frå frua.
Han vakna og såg det låg pengar i huva.
23.12.2014.M-m.

13 kommentarer
    1. Ja sånn kan det gå, men er litt usikker på om dette er reality eller fiction. Ser ikkje bort frå at det kan vera noko sant i det litt blanda med dikterisk frihet. Stiller meg noe tvilande til siste utsagn, men det var uansett ein god avslutning på ei god handleskildring i julestria. Mange vil nok kjenna seg igjen.

    2. JA: I våre dagar kan mykje henda om ein legg huva framfor seg på kjøpesenteret.Ein kunne td verta jaga ut, skulda for tiggarverksemd – huff.
      Resten av handleturen deler eg kanskje med ein og annan, men å sovna på benken vert vel å dra det litt langt. Me er vel færre som opplever det, vil eg tru.

    3. ..haha..syns jeg ser det..sitter der og sover ..og folk putter penger i lua.:)..Nå ser jeg over her at det var litt overdrevet..men alikevel…kunne kanskje vært greit med noen kroner ekstra..når frua hadde vært på handlerunde…:)
      Flotte vers du skriver..gøy å lese…Ha en hyggelig kveld 🙂

    4. Ei god soge pakka inn i godt språk. Alle her i huset som fekk lesa utskrifta, fekk seg ein god lått. Vonar du kan gje oss mange slike i det neste året også.
      Ha ein fiin vinterkveld!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg