Gamle Øykjen


Google

I dag inspirerte “fruensvilje”  meg til å skrive et lite rim. Hun hadde  nemlig et interessant innlegg som viste gamle gårdsredskaper, bl a en gammel slåmaskin.

Gamle øykjen.

Gamle slåmaskina rustar på myra,
ho tente bonden i mange år.
Ho berga vinterforet til dyra.
eit vitne om teknologi som forgår.

Gamle øykjen er også pensjonist,
slitaren som drog på slåmaskina.
Men fekk han takka si til sist
for sveittedropane og slåttepina ?

I dag har traktoren vorte hest,
og rundballar er no krøtterforet.
for bonden fungerer traktoren best,
men  hesten er sakna på jordet.

Tida krev sitt, og øykjen laut bort,
han gav ikkje nok på debetsida.
Då kom gamle øykjen til kort,
og gamlemaskina laut ut or tida.
18.03.2018.M-m.

 

Det strie pensjonistlivet…

Google

Et nytt forsøk på den nye bloggvarianten.

Pensjonistferien.

Pensjonistferie er ikke latmannsliv,
halsende etter guider og fotostativ.
Fulle og glovarme busser,
snart sitter jeg og stusser;
Var dette den store feriedrømmen,
jagende i turiststrømmen?
Inn og ut av store katedraler,
opp og nedover trange daler.
Så en og annen tissepausen,
unngikk således gammelmannsflausen.
Så litt smaking av vin og kaker,
Fra den lokale brygger og baker.
Broderiprodukter og souvenirer.
Sitter på hotellet utmattet og flirer.
Jeg er utslitt og turen er over,
legger meg bent fram ned og sover.
I morgen er det fridag i ferien min,
da skal jeg brune mitt gamle skinn.
Deretter venter nye turer,
nå er det visst ulltilbud som lurer.
Men, hvem tenker på ull i en sådan stund
mens man sliter i varmen med en blund.
Jeg hoppet av lasset og inntok stranda,
på solseng med kalde drinker i handa.
Ja, slik endte ferien min til sist.
Det er slitsomt å være feriepensjonist.
21.04.2013.M-m.

Frotith’s fredagsutfordring

Ein tilårskomen gubbe på tur
studerer gamal arkitektur.
Gamle Akropolis oppe på fjellet.
I dag ei gedigen turistfelle.

Sjølv er han velfødd og rund;
men hadde ei tenksam stund.
Der oppe på sogetoppen,
ei kvile for sjela og kroppen.
M-m.

Hausttankar…


Google

Mørketid.

No står lauvtrea nakne.
Året stundar mot haust.
Det er på tida å vakne,
og berga alt som er laust.
Haustar det også i sinnet,
kjennes det vindfullt og kaldt?
Slit du med skrantande minne ?
Tek vintertankane deg alt ?

Men mist ikkje motet bror.
Det lysnar snart mot vår.
Sjølv om stormen vert stor
kjem tida att då du sår.
Du sår ikkje berre i hagen.
Finn fram nye tankefrø,
og gle deg stort til dagen
du nygrodde tankar kan strø.

Hausten er ei underleg tid,
frå fargeprakt til uver og mørkre.
Dess lenger ut over året det lir,
kjem sinnet si sjeletørke.
Eit ljosglimt er julestjerna.
Ho lyser opp i mørketida.
Tankemørkret ditt kan ho fjerna,
og mana fram di ljose sida.

16.11.2009.M-m.

Stundom…


Google

Stundom.

Stundom ser eg du er trøytt og lei.
Stundom ser eg at du er glad.
Stundom ser eg tårene dine.
Stundom ser eg at livet er bra.

Stundom sler regnet mot ruta.
Stundom skin sola inn.
Stundom bles stormen mot skuta.
Stundom finn stilla ditt sinn.

Stundom går verda i mot.
Stundom er dagen god og ljos.
Stundom slit du med tankeskrot.
Stundom finns livsgnist og kos.

Stundom vert det meste feil.
Stundom meistrar du nesten alt.
Stundom er motbakken seig og steil.
Stundom lukkast du der du har «balt».

Tilværet har sine underlege former,
men du lyt vera vaken og budd.
Hugs, om det stundom haglar og stormer,
går det oftast betre enn du ville trudd.
19.10.2017.M-m.

 

Fallosen som ramla…

Trollpikken.

Her vest fins mange attraksjonar
for ein opplevingssjuk turist.
Trolltunga har ført til bergingsaksjonar,
men dei fleste kom uskadde ned til sist.

Så er Preikestolen populær,
tusentals vil opp på dette «fluget».
Er du fjellgeit bør du ha vore der,
og kikka ned og kjenna magasuget.

Kjerag ligg der om du er tøff og trygg,
og vil utfordra helse og liv.
Hoppa utføre med skjerm på rygg,
adrenalinstinn du utføre deg hiv.

Som ikke alt dette var nok
laut vestlendingen ty til erotikken.
Dei venta at forvitne skulle koma i flokk
for åvundsjuk å beundra Trollpikken.

Men han fekk ikkje lenge stå i fred.
I går var han borte, den fyrrige stav.
Trollpikken hadde ramla ned,
vart dette hans endelege grav?

Nei, Trollpikken skal visst oppatt å stå,
det er innsamling til reisning att.
Viagrakuren duger slett ikkje nå.
Her lyt ein med tyngre verktøy ta fatt.

Skal ein så få opp ein turiststraum
når fallosen atter er på plass.
Eller vert det berre ein våt draum
som vart sabotert i dass.

Triste greier…
 

Tømd og kasta..

Fann nokre gamle skriblerier som kanskje kan høva no i denne plastsøppeldebatten. Kanskje eg har utsendt det tidlegare, men ha tolmod med eingamal mann!

Slit og sleng.

Du låg der i vegkanten,
rusta, tom
og kald.

Kunne ikkje brukast lenger.
Tømd for varme
og energi
vart du kasta.

Du gav av din eld,
gav livsnyting,
alltid til teneste
for kroppslege,
og sjelelege behov.

Men no er det slutt.
Du greidde ikkje
å kveika elden lenger.
Du var berre ein
tom sigarettennar.

17.02,2010.M-m.

Appegymnastikk

Asbjørn Kristoffersen i gårsdagens Bergens Tidende inspirerte meg til å skrive ned noen funderinger om Amors apper..


Google

App-legøyer.

No kan ein skaffa seg alt på nett,
mykje kan han lyste når lauvet sprett.
Appane ligg der i tusental,
trykk på tastaturet og gjer ditt val.

Giktverken sovna og våryrsken vakna,
fram dukkar mangt han lenge har sakna.
og medan minna i skrotten nappar
rasar han rundt i Amors appar.

Snart står han framfor spegelen sin
den fangar snautt heile skrotten inn.
Hengjemage og hårlaus skalle.
Kan verkjeleg nokon for dette falle?

Han legg inn biletet på nettet,
kler seg romsleg og løyner fettet.
Så er det berre å venta på svar,
tykkjer sjølv han er ein grepa kar.

Så sit det ei og blar der ute,
kandidatane passerer hennar PC-rute.
Ho søkjer ein sprek og fyrrig kar,
Lysta aukar med meir ho blar.

Gløymt er bilring og det som sleng
no skal ho finna nett det ho treng.
Gamleoksen skal bytast ut,
no skal det verta ein lettføtt stut.

Men kvar enda Appegaloppen,
Kva vart den ultimate stoppen?
Jau hengjemage og den hårlause skallen
vart alternativet for tausa og kallen.
03.03.2017.M-m.

 

Tanker…

som dukket opp for noen år siden.

Google.

Ventetid.

Du gjer ei spennande avtale,                   
endeleg skal de møtast.                           
Einig om stad og tid.                      
Dette har du venta på lenge.          

Du gler deg utruleg til møtet,
førebur deg godt og lenge.
Dette har du sett fram til,
og gleda di ser du i spegelen.

Du møter i god tid,
nyfiken, glad og spent.
Er du ved eit vendepunkt no,
er dette lukkedagen din ?

Du ser på klokka,
det dreg litt ut i tid.
Ein liten tvil snik seg inn,
var møtet viktig berre for deg ?

Du kjenner rastløysa og tvilen.
Er avtalen mistolka,
eller var den ikkje så bindande ?
Andre avtalar var kanhende viktigare.

Du vert etterkvart såra og lei.
Ingen dukkar opp.
Var du så verdlaus og ignorert ?
Sjølvkjensla sig til botnar.

Du ruslar vonbroten heim
Med ein ny og sår livsrøyndom.
Ei avtale er slett ikkje alltid det.
Velg ordhaldne avtalevener !

22.06.2009.M-m.

 

Drit i Trump, ta en bytur…


Fruen, gubben og den blå steinen…

Trumpiaden.

En flammende morgensol,
halvveis skjult bak skoddeskyen.
Kom deg opp av din slumrestol,
ta en formiddagstur inn til byen.

Frigjør deg frå kaffen og avisen
frå verdens nyinnsatte president.
Mange sier bare.: «Fytti grisen».
De fleste er engstelig og spent.

River han forgjengerens prosjekt,
vil han sette verden i brann?
Har han egne fornuftige prospekt,
eller er han kun en ubehøvlet mann?

Spørsmålene er store og mange
etter gårdagens svulmende retorikk.
Respektløse utfall kom på bordet
fra en president uten folkeskikk.

Nei, i dag får avis være avis,
buss til byen står på programmet.
En kaffikopp til en rimelig pris,
og hjemreis uten økonomisk skramme.

En formiddag uten Trumpske kiv,
heller treffe venner inne i byen.
Bertakte et pulserende lørdagsliv
nå som sola dukket fram fra skyen.
21.01.2017.M-m.


Google.