Det kveldast i tunet og mørknar i ruta. Ho søkjer til lands den gamle skuta. Drivkrafta veiknar minutt for minutt rekk ho til lands før det heilt tar slutt?
Ho for over hav, i storm og stille. I ofseleg kav på bylgjene ville. Ho drøymer no om ei fredeleg havn og til kvild ved kaikantens trygge favn.
Ved solfylte kyster, kvinner og spel. Med sjølivets lyster, med kåtskap og sprel. Men no er det berre ein tanke for baugen å leggja til kaia og venta på draugen.
Ho sig til lands, til den siste havna. Til siste dans Mot kai ho stavna. Ho tømmes for mannskap, liv og last men minna sit enno i spantene fast. ——— Natta sig inn over heim og båt. Ho slit ikkje lenger i trossa. Vil ikkje lenger bli valen og våt og framover storhavet fossa. Krafta er borte og modet svinn. Ved kaia ho ventar på lagnaden sin. 18.12.2016.M-m.
Jeg var ikkje i målgruppa for diktutfordringa blant nokre bloggvener, men eg tar sjansen på nokre rimord som kjem helt naturlig nå som takrenna vår har “overflow” for n-te gang denne grøne vinteren. Eit gamalt ord seier at ein ikkje skal ta seg vatn over hovudet, men det er ingen fåre for det her hjå oss. Me får dagstøtt sendt det ned over hovuda våre heilt utan å medverka sjølv… Eg skal lova dykk. Dette vert det siste vassklagerimet på denne sida av juledagen, no vurderer eg å gå over til nidviser.
Google.
Mørkt der ute, mørkt i hugen, no er me på sola sugen. Gjev oss berre eit lite gløtt. Av vind og vatn er me trøtt.
Me kan be og me kan klaga og ynskja nokre turre “daga”. Men det hjelper lite det, og takrenna får ikkje fred. 06.09.2016.M-m.
I I dag var den der, tåkeskyen som ligger som lokket over byen. Om det kan være en trøst nå som det lakker mot høst. Vi slipper i alle fall paraplyen.
Snart stråler ettersommersolen, men vi stikker det ikke under stolen. Det føles absolutt helt fortjent for å uttrykke det forsiktig og pent her vi henger til tørk i regnværsmetropolen. M-m.04.09.2016.
Det som er løye, er’kje alltid rart. Det som er vettugt, er’kje alltid smart. Det som er lov, er’kje alltid lurt. Det som smakar ille, er’kje alltid surt. Kjenn etter i deg sjølv, korleis har du det best. Hugs det gode liv, er’kje berre fest. 29.0′.2016.M-m.
Nå har vi vaska golvet og brent opp all vår ved, og så har vi endelig fått kasta ut vårt tre. Nå sett vi oss og hvile og puste på ei stund, og glømt er julekrybba kor guten tok en blund.
Dra krakken bort åt ovnen, og varma deg litt der no veit du slettes ikkje, kor julestjerna er. Du finn ho ikkje lengre, om ho er blank og stor og du veit heller ikkje, kor Jordmor-Matja bor.
Og gåvene er bytta, all julemat kvarv fort. og kakene i boksane er alle gøymde bort. Du finn dei att i boksen framunder neste jul når du dreg fram att krybba, og englane frå skjul.
Ja, det var denne jula, så stressande og kort. Med julekvelden over, du fjerna den så fort. Og englane og nissar er pakka bort i skåp og sjølve heidersgjesten, han ventar på sin dåp.
Du treng?kje venta lenge på neste juledram, til sumaren så dukkar, nok pepparkaka fram og krangelen om julesikkar, den tar aldri slutt vert dansen ikring juletreet endeleg forbudt. 11.01.2016.M-m.
Her er det berre å erkjenna. Gubben har falle attende til gamletida. Ikkje det at ho var så spanande, ho var det også for oss, men ho var svært annleis. I stormen og uværet no om vinteren kan det vel vera nokon som ynskjer seg litt is på vatna eller snø i kjelkebakken…. Forresten, i dag er det vel berre å hiva seg på eit fly til ein vinterresort i Sør-europa og nyta livet med snøbrett og “Glühwein”. God tur…
Oldemorbloggen fekk meg i går til å fundera på kva me gubbane finn på for å pynta på hårstasen vår når alder og år har herja med han…og her er noko av det eg kom fram til.: Google
Aldrande gubbesveis.
Der har me gubbar det enkelt og lett, toppen røyter litt, rett og slett. Fyrst veks fram ein ørliten måne, observert av ei årvaken kone.
Moten hjelper den hårlause gubben, han kan gå inn i snauskalleklubben. Han kan barbera heile toppen og gå hårlaus på toppen av kroppen.
Om håret grånar eller fell av, let han det ikkje verta sut eller kav. Finn fram høvelen og set i gong, og brått er han moderne og fjong.
Google
Så fins den morosame varianten, håret får vekse frå issekanten. Hentesveisen skal dekkja skallen, men hauststormen øydelegg frisyren til kallen.
Google
Toupè er ein populær variant, som dekkjer naken issekant. Ei naudhavn for førtiårspanikken og han torer gå huvelaus til butikken.
Google
«Såtene» våre kan ha mange variantar, frå blankskallar til buskute øyrekantar. Blondt eller raudt, svart eller grått. Me får slita med hårpynten me har fått. 25.10.2015.M-m.
Eg er lei. Lei av kjøttkaker. Lei av brunsvidd margarin, og så den helsikens lauklukta. Eg er matlei.
Eg treng variasjon. Treng litt bacon, ikkje den vassfylte. Nei, no gjeld ekte varer, utan vatn. Med eit speilegg på toppen.
Eg treng variasjon, ein saftig biff, svidd i gloheit olje! Klar til kvitlauksmøret og raudvinen.
Eg treng variasjon. Ein god seibiff. Då fer eg varsamt fram, brunar han varleg, på sidene. No kan eg tola litt lauk. Nam-nam.
Eg treng variasjon å visa kva eg kan, treng å verta brukt, treng varme og omtanke, og litt smørjing. Sjølv om eg berre er, ei vanleg steikjepanne. 23.03.2013.M-m.