Etterjulsvise…


Google.

 Etterjulsvisa.

Nå har vi vaska golvet og brent opp all vår ved,
og så har vi endelig fått kasta ut vårt tre.
Nå sett vi oss og hvile og puste på ei stund,
og glømt er julekrybba kor guten tok en blund.

Dra krakken bort åt ovnen, og varma deg litt der
no veit du slettes ikkje, kor julestjerna er.
Du finn ho ikkje lengre, om ho er blank og stor
og du veit heller ikkje, kor Jordmor-Matja bor.

Og gåvene er bytta, all julemat kvarv fort.
og kakene i boksane er alle gøymde bort.
Du finn dei att i boksen framunder neste jul
når du dreg fram att krybba, og englane frå skjul.

Ja, det var denne jula, så stressande og kort.
Med julekvelden over, du fjerna den så fort.
Og englane og nissar er pakka bort i skåp
og sjølve heidersgjesten, han ventar på sin dåp.

Du treng?kje venta lenge på neste juledram,
til sumaren så dukkar, nok pepparkaka fram
og krangelen om julesikkar, den tar aldri slutt
vert dansen ikring juletreet endeleg forbudt.
11.01.2016.M-m.

6 kommentarer
    1. Der har du det; gamalt og nytt i fin blanding. Du får fram essensen i vår tilbakelagte julefeiring. Sjølv drøyer eg til tjuendedag før eg tek farvel med jula. Plasttreet står der like grønt og fint, så for den del kan eg ha jul heilt til påske. Ha ein fin «smogfri» dag utanfor Bergen!

    2. Peder: Ja, i dag har me ein fin dag her i vestlandets hovudstad, og det skal visstnok halda fram slik – utruleg!!
      No er juletreet ute og med det jula, om eg ikkje finn ein akevittslant ein eller annan stad. Men, som eg skreiv, me får vel snart ein ny runde med peparkaker, så då er me i gong att.
      Ha ein fin kveld innråma av juletreet…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg