Det siste av mine gamle kort, denne gang et nyttårskort,
Godt nytt år.
No står du framfor eit ubrukt år,
eit år fylt med blanke ark.
Har du planlagt no kva veg du går,
ved din kontorpult, eller i din sjark?
Lar du deg viljelaust føra,
eller har du ein plan,
der du står framfor nyttårsdøra,
og fylgjer rakettelden frå din altan.
Skal du skjerpa deg i det nye året,
Har du sett deg nye mål?
Skal du pussa samvitssåret.
Skal tobakk og sprit på eit bål?
Skal livreima stramast og vekta ned,
er trimoppleg i dine planar.
Litt venleg og grei kanskje, til og med,
og bort med nokre dårlege vaner.
Men varsam no, lov ikkje for mykje.
Du snur ikkje livet ditt om på ein dag.
Ta heller endringar stykkje for stykkje.
La ikkje forsetta verta eit jag.
Hugs boka i ditt bibiliotek,
som tom i bokhylla står.
Skriv ned det livet gjev og tek,
og byrja med.: Godt Nytt År!
30.12.2010.M-m.
Kjære medbloggere.
Takk for det gamle og godt nytt år.
Jeg vil også takke for inspirerende kommentarer, de er alltid velkomne.