Vanlege folk sin tur???


Google.

Etter å ha lagt i dvale langt over eit år tok skrivekløa tak i gubben att. Kanskje var det coviden si skuld, Det at han ikkje ville sleppa taket på oss slik at me framleis bør halda oss til den næraste flokken. Då gjeld det å finna noko å bruka nevar og hovud til. Så kom ein valkamp og eit val som gav oss ei ny regjering, og denne regjeringa med sine støttespelarar kan fort gje inspirasjon til meir gubberiming. Det er eit bra spenn mellom Trygve og Audun-støttespelar på fleire område så her kan det verta foring til hovud og penn. Time will show, som det heiter når me skal flotta oss med engelskkunnskapen vår.

 

Tid for vanlege folk?

Endeleg kom han Jonas opp på hesten,
og Trygve skal passa på pengesekken.
Audun vart ikkje med på festen,
han ville ha tak i rikmannssjekken.

Erna og Sindre laut ut på flyttefot,
avløyst frå den tunge staurebøra.
Etter alt for mykje politisk rot,
for ho ut gjennom statsministerdøra.

Fyrst vart ho Siv vonbråten og sur,
så rømde ho ut or ernaflokken.
Det vart for trongt, det borgarlege bur,
og Sylvi laut ta over leidarstokken.

Kjell Inge samla seg rikdom på jorda,
Gratis oslobustad og hybel hjå mor.
Han gløymde visst dei himmelske orda
Du skal ikkje samla deg pengar på jord.

Guri laut ta over etter Trine
då ho gjekk lei etter mykje bråk.
Ho greidde ikkje å styra staurane sine.
men partiet er kjend for krangel og ståk.

Ho MDG-Une gjekk på ein smell,
vart ho for sint og for radikal?
Det vart berre pisk og lite karamell,
for godtfolk kjendes framtida skral.

Bjørnar styrde eit framstormande raudt
med talegåver som ein profet.
Rikfolket skulle leggjast daudt
og omfordeling vart eit hovudgebet.

Endeleg vert det vanlege folks tur,
om me skal lyda på den nye kusken.
Gubben gler seg til at pengestraumen snur
og at han kan nyta livet under palmebusken.
15.11.2021.M-m.